> Herøy folkebibliotek > Om biblioteket
Om Herøy folkebibliotek
Biblioteket si verksemd har basis i Lov om folkebibliotek. Den slår fast at alle kommunar skal ha eit folkebibliotek. Folkebiblioteket har til oppgåve å fremje opplysning, utdanning og anna kulturell verksemd gjennom informasjonsformidling og ved å stille bøker og anna materiell gratis til disposisjon for alle som bur i kommunen. Biblioteket er ein del av eit biblioteknettverk som gjer det mogeleg å låne frå andre folkebibliotek, fylkesbibliotek og fag- og forskningsbibliotek over heile landet.
Herøy folkebibliotek ligg i Herøy kulturhuset i Fosnavåg (Lisjebøvegen 10A). Ved Kulturhuset er det stor parkeringsplass, og biblioteket er tilgjengeleg for rullestolbrukarar.

Bruk gjerne menyen til venstre for å bli kjent med biblioteket. Her finn du informasjon om kvar vi er, kven vi er og kva vi gjer.