Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

Aktuelt

JULA 2020

Slik er våre opningstider før jul og i romjula:

Måndag    21.12, kl. 14-19

Tysdag     22.12, kl. 14-19

Onsdag    23.12, kl. 11-15

Måndag    28.12, kl. 11-15

 

Frå måndag 4. januar har vi opent som vanleg.

Herøyforfattaren Gunar Berge kjem til Herøy folkebibliotek

Torsdag 5.mars kl. 19.00 ynskjer vi Gunnar Berge alias Michael Cross velkomen til Herøy folkebibliotek! Herøyforfattaren vil presentere sitt forhold til biblioteket, arbeidet med bokprosjektet og fram til den ferdige spenningsromanen "Der sannheten dør".

Hildegunn Solberg Nes formidlar Jan Magnus Bruheim på Herøy folkebibliotek

Torsdag 19.mars kl. 19.00 ynskjer vi Hildegunn Solberg Nes velkomen til Herøy folkebibliotek!

No kan du bestille & hente bøker til påske frå Herøy folkebibliotek

Vi opnar takeaway-bibliotek til påske! Du kan bestille bøker både til born, ungdom og vaksne. Send oss bestillinga di, så leitar vi fram det du vil ha. Bokposane kan hentast til avtalt tidspunkt utanfor hovudinngangen på kulturhuset.

Digital lesestund med Hilde Myklebust

I påska kan de vere med på digital lesetund med forfattar Hilde Myklebust. Ho vil lese frå den nye boka si "Ylva og villgeitene". De får også vere med i fjøset og helse på nyfødde kje.
Boka handlar om Ylva, som saman med pappa er på veg til sommarhuset. Men i dei bratte fjellsidene held også villbukken Svartskjegg og flokken hans til. Det gjer også ørna.
Ei poetisk bok om ei modig jente. Boka er illustrert av Akin Duzakin.

Ylva og villgeitene passar for born mellom 4-8 år, men heile familien kan ha glede av denne nydelige boka. Videoen blir lagt ut på facebook onsdag 4. april kl. 12., og vil vere tilgjengeleg heile påska. Så kan de sjå den når det passar og så ofte de vil.

LÅNEKORT PÅ MOBILEN

  1. Skann QR-koda med mobilen, eller gå til www.mrbiblioteket/heroy og trykk "Logg inn"
  2. Legg nettsida du kjem til på startskjermen/heim-skjermen
  3. Logg inn med brukarnamn (lånenummer eller registrert epostadresse) og 4-sifra pinkode
  4. Få oversikt over låna dine. I tillegg kan du forlenge lånetida, reservere, søke, sende melding til biblioteket m.m.

Sjølvbetjent utlån og innlevering

Herøy folkebibliotek utvidar tilbodet med sjølvbetjent utlån og innlevering.

Finn fram lånekortet ditt eller last ned lånekortet på mobilen! Med lånekortet, anten det fysiske, eller via mobilen, kan du enkelt og greitt skanne inn boka eller filmen sjølv, både utlån og innlevering.

Bestill og hent bøker på biblioteket!

Biblioteket er fortsatt stengt, og vi fortset ordninga med «takeaway»-bibliotek. Send oss bestillinga di, så leitar vi fram det du vil ha. Bokposane kan hentast til avtalt tidspunkt utanfor hovudinngangen på kulturhuset, og der kan du også levere inn materiell du er ferdig med. 

Det vert arbeidd med å finne trygge løysingar slik at kulturhuset kan opne igjen. Vi håpar å kome tilbake med tidspunkt for ordinær opning av biblioteket i løpet av neste veke.

Biblioteket stenger frå 12.mars - kl.18.00

I tråd med råd frå Helsedirektoratet stenger biblioteket i dag 12.mars kl.18.00 og inntil vidare.

Vi oppmodar om å fylgje med på www.heroy.kommune.no og www.fhi.no for oppdatert informasjon om virusepidemien.

Ta godt vare på deg og dine!

LURIVARS SJØLVBETENTE UTEBIBLIOTEK

Dette er eit litt annleis bibliotek. Det er berre ope frå mai til haustferien og det er sjølvbetent. Alle som kjem dit kan finne seg ei bok og setje seg ned og lese i vakre omgivnader og så leggje boka tilbake igjen før dei går.
Du finn utebiblioteka til Lurivar i Herøy gard ved spelplassen i Herøy.

 

FÅ LÅNEKORTET PÅ MOBILEN!

Opningstider

Måndag  12:00-18:00
Tysdag   11:00-15:00
Onsdag  STENGT
Torsdag  11:00-15:00
Fredag    11:00-15:00
Laurdag  STENGT

Kontakt

Tlf.: 948 89 342
biblioteket@heroy.kommune.no
Besøksadresse: Kulturhuset,
Lisjebøvegen 10A, 6091 Fosnavåg