Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Herøy folkebibliotek > Om biblioteket > Aktuelt > Bestill og hent bøker på biblioteket!

Bestill og hent bøker på biblioteket!

Bestill og hent bøker på biblioteket!

Biblioteket er fortsatt stengt, og vi fortset ordninga med «takeaway»-bibliotek. Send oss bestillinga di, så leitar vi fram det du vil ha. Bokposane kan hentast til avtalt tidspunkt utanfor hovudinngangen på kulturhuset, og der kan du også levere inn materiell du er ferdig med. 

Det vert arbeidd med å finne trygge løysingar slik at kulturhuset kan opne igjen. Vi håpar å kome tilbake med tidspunkt for ordinær opning av biblioteket i løpet av neste veke.

 

Korleis bestille?

Du kan ringe, sende ein e-post eller ei melding. Skriv kven du er og kva du vil låne. Når bøkene er klare til henting vil du få ei melding eller ein e-post frå oss, slik at vi kan avtale tid for henting. Merk at du ikkje kan kome og hente bøker utan å ta kontakt med oss fyrst.

Frå måndag 18.mai er fjernlån mellom biblioteka i gong igjen, og vi kan skaffe det du har behov for frå andre bibliotek og Nasjonalbiblioteket.

 

Reserver bøker på:

 

Korleis hente og levere?

  • Bøkene skal hentast på utsida av hovudinngangen på Herøy kulturhus. Du avtalar tidsrom for henting på førehand. Henting kan skje mellom kl. 9-16.30 Ring oss når du kjem så blir bokposen utlevert. Døra vil vere merka med telefonnummeret du skal ringe. Husk smittevern!
  • Bøker som skal leverast kan du legge i kassa vi har sett opp utanfor døra. Dersom du treng å forlenge lånetida kan du gjere det på Min side: https://mrbiblioteket.no/heroy eller ta kontakt med oss på melding eller telefon.
  • Dersom du sit i karantene eller har symptom på korona bør du sende nokon andre for å hente og levere.

 

Kan eg vere trygg på at det eg lånar ikkje er smittefarleg?

  • Vi fylgjer smittevernråda frå myndigheitene
  • Alt materiell som vert lånt ut er pakka av friske tilsette. Vi tek på alvor handvask og hygiene når vi handsamar det som skal ut til deg som lånar, og bestillingane vert lagt i reine posar.
Del på facebook

FÅ LÅNEKORTET PÅ MOBILEN!

Opningstider

Biblioteket er stengt for publikum inntil vidare. Vi tilbyr bestilling, utlån og innlevering. Ta kontakt for avtale.
Måndag  09:00-16:30
Tysdag   09:00-16:30
Onsdag  09:00-16:30
Torsdag  09:00-16:30
Fredag   09:00-16:30
Laurdag Stengt inntil vidare

Kontakt

Tlf.: 948 89 342
biblioteket@heroy.kommune.no
Besøksadresse: Kulturhuset,
Lisjebøvegen 10A, 6091 Fosnavåg