Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Herøy folkebibliotek > Om biblioteket > Aktuelt > Biblioteket opnar!

Biblioteket opnar!

Biblioteket opnar!

 

Endeleg kan du kome på biblioteket igjen!

    

Tysdag 26. mai opnar Herøy folkebibliotek. Vi er glade for å kunne ta imot lånarane våre igjen, men vi må sjølvsagt ha nokre smitteverntiltak.

Inntil vidare gjeld følgjande:

 

  1. Du kan fortsatt bestille og hente. Ta kontakt med oss og vi gjer i stand det du vil låne. Alt som er reservert har hentenummer og er allereie registrert som utlånt i utlånsautomaten.
  2. Er du sjuk med luftvegssymptomar kan du ikkje kome på biblioteket. Du kan bestille det du vil låne, og få nokon til å hente det for deg.
  3. Alle besøkande må bruke handsprit når dei kjem inn. Handsprit er tilgjengelig fleire stader i biblioteket. Er du rein på hendene, kan du ta på bøkene.
  4. Det er viktig å overhalde avstandsreglene, minst ein meter mellom oss.
  5. Materiale til innlevering skal settast i innleveringshylla. 
  6. Utlån skal helst skje på utlånsautomatane. Ta med lånekort eller ha det på mobilen. Vi kan hjelpe deg å finne fram til nummeret.
  7. Aviser blir tilgjengeleg, men de må bruke handsprit før de les dei.
  8. Tidsskrifter er til utlån. Det er ikkje ønskeleg at ein sit og les i dei på biblioteket.
  9. Avgrens tida du er hos oss slik at vi kan ta godt vare på kvarandre.
  10. Vi kan ta i mot klasser og grupper, men det bør skje utanom opningstid og kun etter avtale. 

 

 

 

Dei tilsette har nye rutinar for å ivareta smittevernomsyn, og reinhaldet er forsterka. Vi har fjerna ein del møblar for å få enklare reinhald, betre plass og mindre anledning til å opphalde seg for nær kvarandre.

 

Velkomen til biblioteket!

Del på facebook

FÅ LÅNEKORTET PÅ MOBILEN!

Opningstider

Måndag  14:00-19:00
Tysdag   14:00-19:00
Onsdag  11:00-15:00
Torsdag  14:00-19:00
Fredag    11:00-15:00
Laurdag  11:00-14:00

Kontakt

Tlf.: 948 89 342
biblioteket@heroy.kommune.no
Besøksadresse: Kulturhuset,
Lisjebøvegen 10A, 6091 Fosnavåg