Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Herøy folkebibliotek > Om biblioteket > Aktuelt > Digital lesestund med Hilde Myklebust

Digital lesestund med Hilde Myklebust

Digital lesestund med Hilde Myklebust

I påska kan de vere med på digital lesetund med forfattar Hilde Myklebust. Ho vil lese frå den nye boka si "Ylva og villgeitene". De får også vere med i fjøset og helse på nyfødde kje.
Boka handlar om Ylva, som saman med pappa er på veg til sommarhuset. Men i dei bratte fjellsidene held også villbukken Svartskjegg og flokken hans til. Det gjer også ørna.
Ei poetisk bok om ei modig jente. Boka er illustrert av Akin Duzakin.

Ylva og villgeitene passar for born mellom 4-8 år, men heile familien kan ha glede av denne nydelige boka. Videoen blir lagt ut på facebook onsdag 4. april kl. 12., og vil vere tilgjengeleg heile påska. Så kan de sjå den når det passar og så ofte de vil.

Del på facebook

FÅ LÅNEKORTET PÅ MOBILEN!

Opningstider

Måndag  14:00-19:00
Tysdag   14:00-19:00
Onsdag  11:00-15:00
Torsdag  14:00-19:00
Fredag    11:00-15:00
Laurdag  11:00-14:00

Kontakt

Tlf.: 948 89 342
biblioteket@heroy.kommune.no
Besøksadresse: Kulturhuset,
Lisjebøvegen 10A, 6091 Fosnavåg