Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Herøy folkebibliotek > Om biblioteket > Aktuelt > No kan du bestille & hente bøker til påske frå Herøy folkebibliotek

No kan du bestille & hente bøker til påske frå Herøy folkebibliotek

No kan du  bestille & hente bøker til påske frå Herøy folkebibliotek

Vi opnar takeaway-bibliotek til påske! Du kan bestille bøker både til born, ungdom og vaksne. Send oss bestillinga di, så leitar vi fram det du vil ha. Bokposane kan hentast til avtalt tidspunkt utanfor hovudinngangen på kulturhuset.

Korleis bestille?

Søk i katalogen på heimesida for å sjå kva vi har mrbiblioteket.no/heroy

  • Det er kun bøker og anna du finn på Herøy folkebibliotek som du kan bestille via denne ordninga, grunna at biblioteka i Norge ikkje sender bøker til kvarandre no
  • Dersom du ynskjer kan vi gjerne leite fram eit utval bøker til deg innan den kategorien (krim, spenning, lyrikk, romanar, faktabøker) du ynskjer 

 

 Reserver bøker på:

 

Skriv kven du er og kva du vil ha. Når bøkene er klare til å bli henta vil du få ei melding eller ein e-post frå oss, slik at vi kan avtale tid for henting. Merk at du ikkje kan kome og hente bøker utan å ta kontakt med oss fyrst.

Dersom du hadde bestilt bøker før vi stengte som du ikkje rakk hente, kan desse lånast ut no.

 

Korleis hente?

  • Bøkene skal hentast på utsida av hovudinngangen på Herøy kulturhus. Du avtalar tidsrom for henting på førehand. Henting kan skje mellom kl. 11-16 fredag 3.april og måndag 6.april.
  • Ring oss når du kjem så blir bokposen utlevert. Døra vil vere merka med telefonnummeret du skal ringe
  • Dersom du sit i karantene eller har symptom på korona bør du sende nokon andre for å hente det du har bestilt
  • Husk smittevern – vi set frå oss bokposen, går to meter unna, og du henter posen

 

Bøker du allereie har lånt vil vi at du skal behalde heime inntil vidare. Dette for å begrense smittefaren mest mulig. Vi sender ikkje purringar medan biblioteket held stengt, og alt utlånt materiale blir automatisk fornya.

 

Kan eg vere trygg på at det eg lånar ikkje er smittefarleg?

  • Smittevernoverlegen  i Herøy har godkjent utlånsordninga.
  • Alt materiell som vert lånt ut er pakka av friske tilsette. Vi tek på alvor handvask og hygiene når vi handsamar det som skal ut til deg som lånar, og bestillingane vert lagt i reine posar. Du kan vere trygg på at ikkje noko av det som vert bestilt har vore i kontakt med andre personar enn oss sidan 13.mars.
Del på facebook

FÅ LÅNEKORTET PÅ MOBILEN!

Opningstider

Måndag  14:00-19:00
Tysdag   14:00-19:00
Onsdag  11:00-15:00
Torsdag  14:00-19:00
Fredag    11:00-15:00
Laurdag  11:00-14:00

Kontakt

Tlf.: 948 89 342
biblioteket@heroy.kommune.no
Besøksadresse: Kulturhuset,
Lisjebøvegen 10A, 6091 Fosnavåg