Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

Historikk

Historikk

1837-1867

Herø Præstegjelds Almuebibliothek

På grunnlag av rundskriv frå Kirke- og Undervisningsvæsenet vart det i 1838 vedteke å «oprette en Bogsamling». Herø Præstegjelds Almuebibliothek var skipa i 1822 av prost Münster. Det er såleis ikkje tale om nyskiping, men det synest ha vore lite interesse for lesnad, og utlånet hadde stoppa.

I 1839 vart formannskapet gjort kjent med at det var statstilskot å få til boksamlinga på vilkår av like stor kommunal løyving. No vart det likna ut 6 skilling på kvar gardbrukar til vedlikehald og drift og utviding. Dette vart innkravt åra frametter, men det kan ikkje ha vorte gjort noko med å reorganisere boksamlinga, for i 1843 sa formannskapet seg interessert i å få boksamlinga «sadt i Virksomhed».

Det drog ut med delinga. Dei 6 skilling til manns vart innkravde av futen. Han sette i 1847 det vilkåret for utbetaling av desse midlane at skulekommisjonen, som var styre for boksamlinga, skulle syte for at ho vart delt. Det vedtok formannskapet. Samstundes vart det vedteke å kjøpe inn 18 eksemplar av Kjeld Andresens «Haandbog i Afholdsreformen», eit eksemplar til kvart fattigdistrikt.

I 1855 nekta amtmannen å godkjenne innkrevjinga av dei 6 skilling av kvar gardbrukar til boksamlinga. Då vart det vedteke å løyve ein tilsvarande sum av soknekassene.

Utetter åra vart det jamt søkt om offentleg tilskot til boksamlingane samstundes som dei fekk kommunalt tilskot.

1867-1900

Folkeboksamlingane

Soknepresten var rekna for sjølvskriven formann i boksamlingsstyret. To mann vart valde attåt han.

Etter at Rovde sokn var delt, skulle Leikanger sokn ha sin del av Rovde sokns folkeboksamling. Dette var ordna i 1875.

Leikanger sokn var så forgjelda at soknestyret kunne ingenting løyve til si boksamling og gjorde seg heller ikkje von om statstilskot.

Remøy krins hadde si eiga boksamling, og soknestyret garanterte for tilskot.

I 1888 vart det skipa ei barneboksamling på Bergsøy.

Herøy folkeboksamling var plassert i kyrkja.

Bibliotekaren i Leikanger hadde 5 kroner i årsløn, bibliotekaren i Herøy 10 kroner.  

1900-1939

Folkeboksamlingane

I 1903 var det folkeboksamlingar på Remøy og Runde. Soknestyret løyvde 20 kroner til den eine og 50 kroner til den andre.

Leikanger folkeboksamling var det smått med. Lærar Elias Holsvik ville i 1907 få boksamlinga i betre funksjon, og til det løyvde soknestyret 20 kroner.

I 1923 skreiv Bergsøy frilynde ungdomslag til soknestyret om å «reise på fote og ordne tidsmessig Herøy folkeboksamling», men det kunne ikkje soknestyret løyve pengar til av «budgetmessige hensyn».

Året etter søkte ungdomslaget Samhald i Myrvåg om å få låne bøker i Herøy folkeboksamling, «der er beroende i Indre Herøy kirke».

I 1933 fekk boksamlingsstyret oppmoding frå soknestyret om å flytte boksamlinga til kommunehuset på Eggesbønes.

Styret i Leikanger folkeboksamling ville krevje 50 øre for kvart boklån. Det var ikkje soknestyret imot «dersom ein ikkje ved dette hemmar utlånet».

I 1940 fekk Leikanger soknestyre ei bokgåve til folkeboksamlinga på 700 band frå Edvard Thiis Moe til minne om kona hans, Alette Thiis Moe, som var dotter til distriktslækjar Sophus Høegh.

1945-1967

Folkeboksamlingane

Herøy folkeboksamling hadde eit krøbelt rom i kommunehuset. Styret søkte i 1957 om å få nytte eit kjellarrom i Myklebust skule. Det gjekk kommunestyret med på.

Leikanger folkeboksamling var plassert i gangen i kyrkja. I 1958 vedtok kommunestyret å leige rom til boksamlinga i Alberta Moe sitt hus.

I 1965 valde kommunestyret samstyre for dei to  folkeboksamlingane etter oppmoding frå Statens bibliotektilsyn.

1967-1986

Herøy folkebibliotek

I 1967 vart Herøy folkeboksamling og Leikanger folkeboksamling slått i hop i samsvar med ny biblioteklov. Leikanger fekk filial. Til hovudboksamlinga vart det leigt rom i sparebankbygget og til filialen i Leikanger i bygget til Søre Sunnmøre kraftlag.

Namnet skulle heretter vere Herøy folkebibliotek.

I 1974 vart det vedteke å tilsetje utdanna bibliotekar til styrar. Josefine Fredriksen, som hadde styrt Herøy folkeboksamling frå 1957, heldt fram som styrar for Herøy folkebibliotek til 1974 og heldt fram i bibliotekarteneste til 1976.

Tidlegare var det ordna med filialar på Moltu og i Kvalsvika, og i 1976 vart det ordna med filial på Runde. Same året vedtok kommunestyret i samsvar med tidlegare vedtak at «folkebiblioteket som skal byggjast i kulturhuset (underetasjen), er ei rein kommunal oppgåve, som kommunen skal bere kostnaden med».

Då stillinga som biblioteksjef vart skipa i 1974, vart Vidar Kursetgjerde frå Sykkylven tilsett. Biblioteksjefar seinare: Øyvind Eltervåg, Inger Johanne Rosland, Ånund Homme og Trine Remvik. Sistnemnde frå 1983.

(historikk tatt frå boka «Kommunestyring i Herøy 1837-1987 av Bjarne Rabben»)

Litt oppgradert historikk:

1986 - 2001 Bjørg Ottesen Høie bibliotekleiar.

Leikong filial vart lagt ned frå 01.01.2002.

2001 - 2004 Astri Fredriksen Kvalsund konstituert bibliotekleiar.

2004 - 2019 Kristin Flacké Husøy bibliotekleiar.

2019 -         Karen Iren Holtet Einan

FÅ LÅNEKORTET PÅ MOBILEN!

Opningstider

Måndag  12:00-18:00
Tysdag   11:00-15:00
Onsdag  STENGT
Torsdag  11:00-15:00
Fredag    11:00-15:00
Laurdag  STENGT

Kontakt

Tlf.: 948 89 342
biblioteket@heroy.kommune.no
Besøksadresse: Kulturhuset,
Lisjebøvegen 10A, 6091 Fosnavåg