Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

Kva skjer?

‹‹ April 2021 ››
Man Tir Ons Tor Fre Lør Søn
      1 2 3 4
5 6 7 8 9 10 11
12 13 14 15 16 17 18
19 20 21 22 23 24 25
26 27 28 29 30    

Torsdag 1:

April 2021:

12 apr

Anders Totland - Vindmøllekampen - AVLYST

12 apr

Biblioteket inviterer til foredrag med Forfattar Anders Totland om den store motstanden mot vindkraft. Utgangspunktet for foredraget er den nye boka "Vindmøllekampen - historia om eit folkeopprør".

Kvifor har motstanden mot vindkraft eksplodert i Noreg?
Utbygging av nye vindkraftanlegg hadde politisk støtte og skapte lite konflikt, men no er det bråk over heile landet. Debatten om vindkrafta har hardna til, nyhendebiletet er prega av brennande anleggsmaskinar, stadig nye rettssaker, skuldingar om korrupsjon, kommunevåpen som er spraya med hakekors, og utanlandske selskap har møtt påstandar om at dei prøver å fullføra det tyskarane ikkje klarte på 1940-talet.
Anders Totland har reist land og strand rundt for å forstå kva i alle dagar det er som skjer.

Totland viser korleis storpolitikken utspelar seg dag for dag, med stadig fleire kritiske blikk på vindkraftutbygginga. Men aller mest opptatt er han av menneska. Kva er det som får dei til å reisa seg til kamp? Kva er det som triggar og driv og får elden til å spreia seg frå sjel til sjel, og folk til å halda ut - år etter år?

Boka har blitt godt mottatt av kritikarar og fått positiv omtale i fleire norske aviser.

Stad: Fosnavåg konserthus. Billettar kan bestillast her:

https://www.fosnavagkonserthus.no/anders-totland-an61hj/ 

Gratis inngang.

13 apr

Over land og hav med Brit Bildøen - UTSETT – ny dato kjem

13 apr

Foredrag ved Brit Bildøen med utgangspunkt i boka
"Over land og hav. Eit år med trekkfuglar."

Brit Bildøen har fulgt trekkfuglane gjennom eit
år, og i dette foredraget tek ho oss med på ei
ferd frå forblåste fuglefjell og langstrakte
myrlandskap her heime, til slettene i Andalucia
og kystlandskapet utanfor Tanger.
Over land og hav er ei kjærleikserklæring til
fuglane rundt oss og dei fine naturopplevingane
som ventar når vi berre får auga opp for dei.

 

Bjørnsonfestivalen og Nynorsk kultursentrum samarbeider om å gi folk i heile fylket eit godt og variert litteraturtilbod gjennom Litteraturhus i Møre og Romsdal. Prosjektet er støtta av Møre og Romsdal fylkeskommune, Norsk kulturråd, Sparebankstiftelsen SMN, Sparebank 1 Søre Sunnmøre, Sparebank 1 Nordvest, GassROR IKS og kommunane i Møre og Romsdal.

Påmelding til biblioteket.

FÅ LÅNEKORTET PÅ MOBILEN!

Opningstider

Måndag  12:00-18:00
Tysdag   11:00-15:00
Onsdag  STENGT
Torsdag  11:00-15:00
Fredag    11:00-15:00
Laurdag  STENGT

Kontakt

Tlf.: 948 89 342
biblioteket@heroy.kommune.no
Besøksadresse: Kulturhuset,
Lisjebøvegen 10A, 6091 Fosnavåg