Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Herøy folkebibliotek > Om biblioteket > Kva skjer? > Anders Totland - Vindmøllekampen - AVLYST

Mandag 12. april 19:00

Anders Totland - Vindmøllekampen - AVLYST

Biblioteket inviterer til foredrag med Forfattar Anders Totland om den store motstanden mot vindkraft. Utgangspunktet for foredraget er den nye boka "Vindmøllekampen - historia om eit folkeopprør".

Kvifor har motstanden mot vindkraft eksplodert i Noreg?
Utbygging av nye vindkraftanlegg hadde politisk støtte og skapte lite konflikt, men no er det bråk over heile landet. Debatten om vindkrafta har hardna til, nyhendebiletet er prega av brennande anleggsmaskinar, stadig nye rettssaker, skuldingar om korrupsjon, kommunevåpen som er spraya med hakekors, og utanlandske selskap har møtt påstandar om at dei prøver å fullføra det tyskarane ikkje klarte på 1940-talet.
Anders Totland har reist land og strand rundt for å forstå kva i alle dagar det er som skjer.

Totland viser korleis storpolitikken utspelar seg dag for dag, med stadig fleire kritiske blikk på vindkraftutbygginga. Men aller mest opptatt er han av menneska. Kva er det som får dei til å reisa seg til kamp? Kva er det som triggar og driv og får elden til å spreia seg frå sjel til sjel, og folk til å halda ut - år etter år?

Boka har blitt godt mottatt av kritikarar og fått positiv omtale i fleire norske aviser.

Stad: Fosnavåg konserthus. Billettar kan bestillast her:

https://www.fosnavagkonserthus.no/anders-totland-an61hj/ 

Gratis inngang.

FÅ LÅNEKORTET PÅ MOBILEN!

Opningstider

Måndag  14:00-19:00
Tysdag   14:00-19:00
Onsdag  11:00-15:00
Torsdag  14:00-19:00
Fredag    11:00-15:00
Laurdag  11:00-14:00

Kontakt

Tlf.: 948 89 342
biblioteket@heroy.kommune.no
Besøksadresse: Kulturhuset,
Lisjebøvegen 10A, 6091 Fosnavåg