Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Herøy folkebibliotek > Om biblioteket > Ofte stilte spørsmål

Ofte stilte spørsmål

Spørsmål

Kostar det noko for å få lånekort?

Det er gratis å få lånekort første gang, men dersom du mister kortet må du betale eit lite gebyr (10,-kroner) for å få nytt kort. Les meir om lånekort her.

Kostar det noko å låne?

Det er gratis å låne. Tapt og ødelagt materiale må erstattes. For meir informasjon, sjå lånereglane.

Kan eg låne så mykje eg vil?

Du kan låne så mange bøker, lydbøker og tidsskrift som du vil. Ein familie kan låne inntil 6 filmar om gongen. 

Kor lang er lånetida?

Lånetida for dei ulike medietypene er forskjellig. Sjå lånereglane for fullstendig oversikt.

Kva med bøker som biblioteket ikkje har?

Bøker som er lånt ut, kan reserverast. Bøker vi ikkje har, kan lånast frå andre bibliotek. Berre spør! Biblioteket hjelper til med å finne informasjon i oppslagsbøker, søkje i databaser via Internett, offentlege sakspapir og anna informasjonsmateriell. Er det noko du lurer på, så ta kontakt med oss på biblioteket.

Kan eg levere lånte materiell når biblioteket er stengt?

Ja, du kan innlevere alt du har lånt i bokkassa ved inngangsdøra til biblioteket. Du finn også ei innleveringskasse på Kiwi-butikken i Myrvåg.

Kan eg låne på eit bibliotek og levere inn på eit anna?

Ja, det kan du! Les meir om bibliotek sine tjenester.

Har biblioteket lesesal?

Vi har ikkje lesesal, men ei stille sone med arbeidsbord og referanse samling der du kan lese og arbeide, evt. i grupper.

Er biblioteket tilgjengelig for rullestolbrukarar?

Ja, det er heis innanfor hovudinngangen til Herøy kulturhus. Handikaptoalett er tilgjengelig i same etasje som biblioteket. 

Eg er fjernstudent og lurer på om biblioteket kan hjelpe meg med å skaffe litteratur eg treng i samband med studia?

Ja, vi bestiller pensum- og støttelitteratur for studentar, så lenge dette er tilgjengeleg i andre bibliotek i Norge. Les meir om fjernlån her. Ver merksam på at lånetidene kan vere ulike. Vi oppfordrar studentar til å ta kontakt med biblioteket på sin studiestad for informasjon om tenester dei kan tilby til studentane sine. Til dømes høgskulen i Volda prioriterar eigne studentar noko som gjer at lån via folkebibliotek kan bli tilbakekalt til eigne studentar. Biblioteka på universitet og høgskular kan ha tilgang til databasar som folkebiblioteka ikkje har.

Har biblioteket kopimaskin for publikum?

Ja, her finn du informasjon om kopiering/skanning.

Kan eg låne PC med internett på biblioteket?

Ja, du kan låne PC med gratis internettilgang. Utskrifter må du betale for. Her finn du prisane.

Har de trådlaust nett?

Ja, vi har trådlaust nett som du kan koble deg til med bærbar PC, nettbrett eller smarttelefon. Ta kontakt med skranken for hjelp til å finne nettverket.

Er det lov å spise og drikke i biblioteket?

Ja, til ei viss grad, men vis hensyn til andre brukarar, unngå søl og rydd opp etter deg. Det er ikkje tillatt å spise/drikke ved PC-ane. 

FÅ LÅNEKORTET PÅ MOBILEN!

Opningstider

Måndag  11:00-15:00
Tysdag   11:00-15:00
Onsdag  Stengt
Torsdag  14:00-18:00
Fredag   11:00-15:00
Laurdag Stengt 

Kontakt

Tlf.: 948 89 342
biblioteket@heroy.kommune.no
Besøksadresse: Kulturhuset,
Lisjebøvegen 10A, 6091 Fosnavåg