Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Herøy folkebibliotek > Om biblioteket > Prosjekt Barnehagen les!

Prosjekt Barnehagen les!

Bokkasse med bøker

LESESTUNDER PÅ BIBLIOTEKET

Herøy folkebibliotek fekk hausten 2013 endeleg oppfylt draumen om ei større og betre barneavdeling, med plass både til bøker og born. Neste steg er no å realisere ønsket om å stimulere born i førskulealder i Herøy til å bli glade og gode lesarar. Dei fleste borna er til dagleg i barnehage, men håpet er også å nå dei som er heimeverande.

Høgtlesing er ein av vegane til god språkutvikling, og det er ein god måte å vere saman på. Derfor har vi hatt lesestunder på biblioteket kvar 14. dag sidan våren 2014. Vi tilbyr også å reise ut til barnehagane med lesestund, på etterspurnad.

I kalenderen finn du oversikta over lesestundene på biblioteket.

 

BARNEHAGEDEPOT

Mange av barnehagane i Herøy har vore flittige med bibliotekbesøk, andre har for lang veg til å nå oss så ofte. Felles for alle er at dei har små ressursar til bokkjøp, og at dei ønskjer rettleiing i kva som finst på marknaden, ikkje minst på nynorsk.

Derfor har biblioteket etablert 9 bokdepot med ca. 30 bøker i kvart depot, som skal sirkulere mellom barnehagane i løpet av eit år. Med andre ord får alle barnehagane del i over 300 bøker pr. år. I tillegg låner dei sjølvsagt frå biblioteket sine øvrige samlingar. Utvalet dekker ny nynorsk litteratur, samt annan ny og aktuell litteratur med god kvalitet. Depota vil bli supplert med nye bøker etter kvart som dei kjem ut.

 

NYNORSKE LESEFRØ

Nynorske lesefrø er eit språkstimuleringsopplegg for barnehagar, med vekt på bruk av nynorsk barnelitteratur. Herøy kommune fekk tilbod om å vere pilotkommune i utprøvinga av prosjektet, noko vi takka ja til. Ansvarlege for opplegget er Nynorsksenteret ved Høgskulen i Volda.

FÅ LÅNEKORTET PÅ MOBILEN!

Opningstider

Måndag  11:00-15:00
Tysdag   11:00-15:00
Onsdag  Stengt
Torsdag  14:00-18:00
Fredag   11:00-15:00
Laurdag Stengt 

Kontakt

Tlf.: 948 89 342
biblioteket@heroy.kommune.no
Besøksadresse: Kulturhuset,
Lisjebøvegen 10A, 6091 Fosnavåg