Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert

Bok-cover: Skilpadder hele veien ned

Aza Holmes lid av OCD, Obsessive-Compulsive Disorder, og kjent som tvangslidingar. Ho har rett og slett sjukeleg angst for bakteriar, og driv med sjølvskading i liten skala, i tillegg til at ho er 16 år, med alt det drar med seg av problemar. Ho har ei bestevenninne, ei mor som bryr seg, ein terapeut som gjer sitt beste og ein gamal bil ho har arva etter far sin som døydde då ho var 8 år, han heiter Harold, bilen altså.

Dette er ei kjærleiksbok og ei forteljing om vennskap, om angst, og om det å være 16. Når alt det viktige er livsviktig og alle som ikkje forstår er mindre intelligente, spesielt dei vaksne. Det er ei veldig fin bok, skreve for ungdom, men absolutt lesverdig for vaksne og. Ei historie som blir hos deg lenge etter at du er ferdig med siste kapittel.

Forfattaren har skreve fleire ungdomsbøker før og har solgt enormt bra. Han har lagt mykje av seg sjølv i boka og fortel om OCD frå eit sjølvopplevd perspektiv. Når han beskriv korleis tankane spinn rundt i negative spiralar når angsten kjem, er det så ein kan kjenne han komme krypande. Språket er levande, karakterane gjenkjennelege og ekte og boka går rett til hjarterota.

Del på facebook
Jacob Grey:

Kråkene

Bok-cover: Kråkene

Kra bur i eit reir, i eit tre, i ein park, i byen Blackstone. Han bur saman med tre kråker, men sjølv er han ein gut på om lag 12 år. Han har budd i treet nesten så lenge han kan hugse men synest ikkje det er spesielt rart, det er berre slik det er. Han kan prate med kråkene og, og slik har det alltid og vore.
 
Ein dag Kra og kråkevenene hans driv rundt i byen på jakt etter mat møter dei på ein eldre gut, som kan prate med duer. Det er merkeleg, for duer kan da ikkje snakke? Det viser seg snart at det er meir merkeleg i Blackstone enn Kra nokonsinne har hatt mistanke om, det er fleire som kan snakke med dyr, mange fleire, dei kallas dyremanarar og det er slett ikkje alle som har gode hensikter.
 
Kra lærer at det for åtte år siden var ei bølge av kriminalitet og råskap i Blackstone, ei maktkamp mellom dyremanarar, den mørke sommaren. Den sommaren drap Spinnemannen foreldra til Kra før han sjølv blei overvunnen. Nå tydar ting på at han er tilbake for å fullføre sine vonde gjerningar.
 
"Kråkene" er fyste boka i ein trilogi om dyremanaren Kra. Den er godt skreven og intens spanande. Fantasy for ungdom frå ca 10 år og oppover.
 
 

Del på facebook
Anders Totland:

Nedteljing

Bok-cover: Nedteljing

Sterk og lettlesen bok for ungdom om nokre av farane ved å chatte med framande på nettet. Viggo er 15 år og jomfru, den einaste i gjengen som ikkje har "gjort det", trur han då. Han er håplaust forelska i ei jente i klassa, men ho ser ikkje hans veg. Alt verkar håplaust, heilt til han oppdagar ein app som let han prata med framande folk frå heile verda. Han kjem i kontakt med nokre søte jenter som er villige til å visa fram ting, og det er kjempespanande, heilt til det plutseleg går verkeleg gale... For kva skal ein gjere når nokon har gjort eit kompromitterande videoopptak av deg, fått tilgang til kontaktlista di og truar med å sende det til mor di, venene dine og jenta du likar betre enn alle andre?

Boka er ifølge forfattarens etterord basert på ei sann historie, som ikkje gjekk bra. Ta denne boka som ei åtvaring, ho kan sikkert fungere fint som eit utgangspunkt for samtalar om nettvett og utpressing mot ungdomsskuleelevar. I dagens verkeleghet er det naudsynt at vi vaksne er oppmerksame og vakne, alle unge er på verdsveven, og det må dei vere, men dei må og vite kva dei må passa seg for. Anders Totland har tidlegare skrive fleire aktuelle bøker for unge som tek opp alvorlege og vanskelege problemstillingar for dei unge, mellom anna om alvorleg sjukdom og død.

Godt språk, lett å lese og mykje å tenkje på.

Del på facebook
Levi Henriksen:

Her hos de levende

Her hos de levende

Forteljaren i denne boka liknar til forveksling på forfattaren sjølv. Han er litt over midt i livet, har hatt ein karriere som musikar og heiter Henriksen til etternamn. Så er da også romanen lauseleg knytt til Levi Henriksens, og hans families, eiga historie.
Dette er historia om ein mann i krise. Han har reist ut på vegen stort sett utan bagasje. Han har tatt med seg gitaren og nøkkelen til barndomsheimen på Skogli, der ingen har budd på fleire år, som er solgt og som skal rivast, men nøkkelen passar framleis. Han slår seg ned i det tomme huset, tenker over livet, nøster i lause trådar og nektar å ta telefonen når kona freistar å få tak i han, han har eit hovud å rydde.
Det eksistensielle har fått god plass i denne forteljinga. For kven er eigentleg denne forteljaren, og kvar kjem han ifrå? Farens oppvekst er sentral, og ikkje minst dennes dårlege stefar. Tidleg i boka seier forteljaren at bror til far hans skaut seg i eit romjulsbryllaup rett etter krigen, men at det ikkje er det han vil fortelje om, heller ikkje om den natta far hans gikk for å slå ihel stefaren sin. Allerede der er stemninga satt. 
På kjent vis leiar Levi Henriksen lesaren gjennom ei historie som på same tid er både dramatisk og roleg. Det handlar om Skogli, personlege historiar, pinsevener og hedmarkingar. Det handlar om menneske.

Del på facebook
Den som forvolder en annens død

Ein tidlegare rockemusikar som har vært fengsla for vald har slått igjennom som forfattar etter å ha sona straffa si. Etter kort tids suksess i det nye yrket blir han igjen arrestert, denne gongen mistenkt for drap på sin litterære mentor, advokat Mikael Brenne får oppdraget med å forsvare han. Men det er ikkje alltid så lett å føre ein sak for retten når ein ikkje kjenner alle fakta, og Brenne oppdagar snart at det kan være farleg å grave i saken. Ein ting er at klienten kan bli dømd, ein annan at han sjølv plutseleg finn seg i livsfare.

Etter å ha tatt ein pause frå Mikael Brenne i sitt forfattarskap er Chris Tvedt tilbake med ein advokatkrim, og det på en særskilt overbevisande måte. Det er antagelig ingen andre i Noreg som kan skrive rettssalsdrama like truverdig. Her er det høge tempoet og dei kompliserte intrigane vi kjenner frå tidlegare bøker og forsvarsadvokatens dilemma blir openbert, for korleis kan ein hederleg advokat med samvettet i behald forsvara ein mann han ikkje trur burde være fri? Denne boka blei nominert til Rivertonprisen for årets beste krim i 2016. 

Del på facebook
Stephenie Meyer:

Kjemikeren

Kjemikeren

Juliana Fortis var tidlegare forhøyrsleiar for ein hemmeleg teneste i USA kun kjent som "Byrået". Ho hadde ansvar for å få sanninga ut av pågripne terroristar slik at framtidige anslag kunne stoppast. Men med ein slik jobb får ein gjerne vite meir enn kva godt er, og byrået besluttar å fjerne ho frå stillinga.

Juliana lykkes i å rømme fra sine arbeidsgjevarar og lever i årevis på flukt under forskjellege namn og identitetar kor det kun er hennar paranoide adferd som held ho i live. Helt til ho ein dag blir spora opp og kontakta av ein tidlegere overordna, som ber om hjelp. Dei står ovanfor ei katastrofe, eit biologisk angrep som har potensiale til å ta kanskje så mykje som ein million liv, og dei treng den einaste som kanskje kan finne ut kor våpenet er gøymd før det er for seint. Juliana må freista å hjelpe til, men kan ho lite på sine gamle kollegaer, eller er dette nok eit forsøk på å stilna ho for alltid?

Med denne boka har Stephenie Meyer, kjend for ungdomsbøkene i Twilight-serien, skreve si første bok for vaksne. Den er spanande og intens, men kan hende ikkje særleg truverdig til tider. Men om du likar heseblesande action og historiar som tar nye vendingar er dette absolutt god underhaldning!

Del på facebook
Atle Grønn:

Sjakken eller livet

Sjakken eller livet

I kjølvannet av dei tre meget spanande verdsmeisterskapa i sjakk i vinter, vil eg i dag anbefala den nyleg utkomne boka "Sjakken eller livet" av Atle Grønn. Om du var ein av dei monge som følgde tv-sendingane på NRK under meisterskapa har du antageleg stifta kjennskap med Grønn, som var med som ekspertkommentator ved fleire anledningar (det er mannen med sparsommeleg hårvekst på hovudet og ein hjarteleg latter).

I boka si freistar Grønn å ta lesarane med på ei reise i sjakkens verd. Ein får innsyn i ei historie og kultur som til tider kan verke særs framand på dei som aldri har satt sine bein i eit sjakkbrett, men som sjåartala frå VM viser er av ei viss allmenn interesse. Med kløkt og humor blir ein guida gjennom spelets finesser og spelaranes merksnodeghetar. Avslutningsvis får vi og ei gjennomgang av de hittil seksten klassiske verdsmeistarane, som sjølvsagt avsluttas med Noregs egne sjakkvidunder, Magnus Carlsen.

Dette er ikkje ei lærebok i sjakk, og det trengs såleis inga teknisk viten om spelet for å ha glede av boka. Det er heller inga lineær historie, så om det skulle visa seg at du finn eit kapittel i overkant teknisk, er det berre å hoppe vidare til neste kapittel på reisa. Kort fortalt er dette ei bok for den som er nysgjerrig på fenomenet sjakk, utan omsyn til førehandskunnskap. God tur!

Del på facebook
Harlan Coben:

Beskytteren

Beskytteren

Harlan Coben er eit kjent namn innafor kriminal- og spenningslitteratur. Har har tidlegare gjeve ut ein serie om Myron Bolitar, i tillegg til mange frittståande romanar. Denne boka er den fyrste i ein ny serie for yngre lesarar, og hovedpersonen er Myrons nevø Mickey.

Mickey Bolitar har nett flytta til byen etter å ha bodd mange forskjellige plassar over heile verda i oppveksten. Han har mista far sin i ei ulykke og mora er lagt inn til rusavvenning, derfor bor Mickey hos sin onkel, Myron. Som sin onkel er også Mickey et naturtalent i basketball, og ser og ut til å ha det same talentet for å finne trøbbel.

I løpet av kort tid har Mickey erta på seg skulens verste pøblar, og finni seg eit par venner. Ein dag, på veg til skulen, ropar ei nifs gammal dame på han og seier "Mickey! Far din er ikkje død!" Men Mickey var og med i ulykkesbilen, og veit kva han såg.

Kjapt fint språk, gode intriger og mykje av den same humoren ein kjenner frå Myron-bøkene, gjer dette til ei svært underhaldande leseoppleving. Målgruppa er som sagt ungdom og unge vaksne, men vaksnare vaksne kan og gjerne lesa ho med fornøyelse.

Del på facebook
Levi Henriksen:

Harpesang

Harpesang

Ein middelaldrande og desillusjonera musikkprodusent er på besøk hjå ein kompis på grunn av ein barnedåp der han er spurt om å vere fadder. I kyrkja vekkast hans interesse når han høyrer ein himmelsk salmesong frå eit par benkeradar lengre bak, der det sit tre eldre menneskje. Etter gudstenesta styrtar han ut av kyrkja for å få dei i tale, men trøytt og sliten og bakfull som han er, gjer han ikkje det beste inntrykket og blir kontant avvisa.

Slik byrjar denne forteljinga om musikkprodusent Jim Gystads jakt etter det ekte, noko han trudde var tapt i en demoralisera bransje. Han blir besett av ideen om å gjere ein innspeling med dei tre syskena Thorsen. Men dei er ikkje like interessera. Dei har ein karriere som omreisande evangelistmusikarar bak seg, og reknar det som eit avslutta kapittel.  Dei tre er to systrer og ein bror, og særleg broren, Timoteus, er svært vanskeleg å ha med å gjere.

Men dette er og ei historie om tru, samhald, historie, lureri og tapt kjærleik. Tre sysken i åttiåra som har hatt lange og innhaldsrike liv, som sjølvsagt har farga dei og utvikla dei til det dei er i dag. Vi får fylgje nåtidas hendingar i den vesle bygda, men vi får og sjå tilbakeblikk på tre historier. Kvifor bur dei saman, kvifor har ingen av dei eigen familie, kva har gjort Timoteus så sær og kvifor har dei ikkje tatt av plasten på seta i den 40 år gamle bilen?

Det heile er fortalt med Levi Henriksens karakteristiske, stillferdige forteljarstemme i ein roleg og avslappa atmosfære. Her er ikkje høg fart eller stormande action, men det er ei nydeleg bok! Kan og anbefalast som lydbok, forfattaren les sjølv og han gjer det godt. I lydboka får ein og eit par musikkspor som bidreg til å skapa stemning. God lesing!

Del på facebook
Aslak Nore:

Oslo Noir

Oslo noir

Det er 1997. To tenåringer oppsøker en fest på Oslo Vest, fordi den ene, Abdul, er interessert i ei jente der. Det kommer til klammeri med vertskapet og de to tvinger seg inn i huset. Vel inne kommer de over en pose med ecstasy, motedopet framfor noe på nittitallet. Politiet blir tilkalt og i et øyeblikks ubetenksomhet bestemmer Abdul seg for å ta med seg posen idet de flykter ut gjennom et vindu. Uten å tenke på at posens eiere neppe har til hensikt å la saken fare.
Samtidig følger vi en tilsynelatende harmonisk Oslo-familie i sin hverdag. Ida er 16 år, og den jenta Abdul var forelska i, hun eksperimenterer så vidt med narkotika. Storebroren hennes, Peter, har en småkriminell fortid som tagger, men har skjerpa seg. Seinere dumper han over posen med "E" som starter hele sirkuset.
Boka tegner et bilda av nittitallet i hovedstaden, kanskje først og fremst fra et ungdommelig synspunkt. Det skisseres et samfunn i endring, nye smuglingsmetoder og nye stoffer, og et politivesen som blei tatt litt på senga. Men selv om det er de "nye tidene" som skaper problemer, føres vi også tilbake til fortida, en tid hvor man vokste opp uten særlig kjennskap til mobiltelefoner, nettbrett og strømmetjenester. Et litt nostalgisk tilbakeblikk for oss som vokste opp på nittitallet.
Aslak Nore har tidligere skrevet en roman om etterretningsagenten Peter Wessel som høstet gode kritikker, her får vi innblikk i hans oppvekst og ungdomstid. En spennende og god kriminalbok fra et hardkokt nittitalls-Oslo.

Del på facebook

Opningstider

Måndag 12 - 19
Tysdag 12 - 19
Onsdag STENGT
Torsdag 12 - 19
Fredag 12 - 16
Laurdag 11 - 14

 

Kontakt

E-post:  post@folkebiblioteket.no

Telefon: 7004 5520

Vi blir inspirert av