Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert

Antoine de Saint-Exupéry:

Den vesle prinsen

Den vesle prinsen

Den vesle prinsen

Den franske klassikaren av Antoine de Saint-Exupéry er endeleg komen på nynorsk, oversett av ingen ringare en Jon Fosse.

I boka har forfattaren nødlanda med flyet sitt i Sahara der han møter på den vesle prinsen frå asteroide B 612, som har reist langt for å finne ein ven. Gjennom samtalar mellom dei to kjem forteljinga om reisa til den vesle prinsen fram. Ein får høyre om dei forskjellige personane, dyra og plantene prinsen møtte på si ferd og kva inntrykk han fekk av dei og kva lærdom han fekk av møta.

 

Ei nydeleg, filosofisk forteljing om korleis vaksne og born ser forskjellig på verda og kva som er viktig i livet. «Det er berre med hjartet ein ser godt. Det viktigaste er usynleg for auga.»

Boka er illustrert av forfattaren.

Del på facebook
James Dawson:

Å være gutt

Å være gutt

Å være gutt

Dette er boka som gjev svar på alt det du lurer på og ting du ikkje visste du trengte å vite.

Boka er gjennomsyra av humor, frå James Dawson sine kommentarar til dei artige illustrasjonane av Spike Gerrell, men gir samstundes ei god innføring i både dei fysiske og sosiale utfordringane gutar kan støyte på i puberteten.

Boka vender seg først og fremst til ungdommen, men har og eit kapittel som forklarar vaksne korleis det kan vere å vere ung gut i dagens teknologiske samfunn og kvifor forfattaren har valt å vere dønn ærleg om det meste.

Dette er ei fagbok som tek for seg alt frå kva som skjer med kroppen i puberteten til korleis ein «dumpar» nokon på ein fin måte.

Forfattaren skriv med humor om emnet og er på bølgelengde med lesaren utan moralsk peikefinger.

Del på facebook
Robert Jordan:

Verdens øye

Verdens øye

Verdens øye

Feiringa av vårfestivalen «Bel Tine» vert ikkje som tidlegare år for innbyggarane i landsbyen Emondsmark når dei plutseleg vert angrepne av mørkevesen dei trudde berre heldt til i forteljingane. To framande som kom til landsbyen kvelden før, ein Aes Sedai (ei kvinne som kan styre den eine krafta) og hennar voktar, er dei som får hordene til å trekkje seg tilbake, midlertidig. Kva var mørkevesena ute etter og kvifor var angrepet retta mot berre 3 hus i landsbyen?

Dei tre unge vennene Rand, Mat og Perrin, to bondesøner og ein smedlærling befinn seg plutselig i ein situasjon der dei må flykte når det kjem fram at det er dei mørkeyngelet er på jakt etter.

Saman med Aes Sedaien, Voktaren hennar og vertshuseigarens sta dotter Egwene, som Rand har eit godt auge til, flyktar de ifrå Emondsmark for at landsbyen skal vere trygg.

 Kva er det som er so spesiellt med dei tre venane, kvifor vil Den Mørkaste ha tak i dei og vil dei nokonsinne kunne dra heim?

Liva deira er vevd inn i det store Mønsteret som tidshjulet vev, og «hjulet vever som hjulet vil».

 

Dette er den fyrste boka i den spanande Tidshjulet-serien til Robert Jordan. Jordan har bygd eit storslått univers med ulike folkeslag og skikkar som gir liv og farge til denne serien som strekk seg over 14 bøker. No skal bok-serien bli tv-serie så det er ei framifrå tid å byrje å lese desse bøkene. Dei første bøkene er digitalisert av Nasjonalbiblioteket og ligg ute på nettbiblioteket deira.

Del på facebook
     
OPNINGSTIDER:    
Måndag: 12-19  
Tysdag: 12-19  
Onsdag: STENGT  
Torsdag:   12-19  
Fredag: 12-16  
Laurdag: 11-14  

E-post: post@folkebiblioteket.no
Telefon: 7004 5520

 

Postadresse:
Postboks 64, 6151 Ørsta

Besøksadresse:
Holmegata 7, 6153 Ørsta

Vi blir inspirert av