Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert

Kjell Aukrust:

Ludvigs jul

Ludvigs jul

I 2020 er det heile 100 år sidan multikunstnaren Kjell Aukrust vart fødd.
Alvdal sin store son var ein av våre aller mest folkekjære kunstnarar og mellom anna medskuldig i det som nok er den mest sette norske filmen gjennom tidene.

Sidan vi no er godt i gong med årets adventstid tenkte eg å ta for meg Ludvigs jul. Her har Aukrust samla atten fortreffelege småhistorier henta frå tidlegare titlar som til dømes Je og 'n Solan og Simen (første bandet i Alvdalstrilogien).

Og som tittelen på denne boka hintar om vil naturleg nok dei fleste av forteljingane dreie seg om den poetiske pessimisten Ludvig («det er fali det»), i perfekt samspel med sagbruksarbeidar Solan Gundersen, livsnytar og evig optimist.

Anten det er Ludvig som mållaus og fascinert beundrar hestehoven som maktar å blomstre i «halvrøten skara». Eller vi får høyre om ein «sylta forkjølet» Solan som sit i omnskroken og vekslar mellom å pimpe frå kamferflaska og nyse hemningslaust slik at «lakrisen rikosjerte rundt'n som haggel». (Vi får håpe at det berre er litt «man flu» og ikkje utviklar seg til noko meir ...).

Avslutningsvis får vi også nokre utvalde utdrag frå Aukrust sin barndom heime i evigkvite Alvdal, med julestri og sprengkulde.

Ludvigs jul er ei bok der får vi mykje humor og hjartevarme, trass i at boka også inneheld ein del alvor.

God fornøyelse og god adventstid !!

Del på facebook
     
OPNINGSTIDER:    
Måndag: 12-19  
Tysdag: 12-19  
Onsdag: STENGT  
Torsdag:   12-19  
Fredag: 12-16  
Laurdag: 11-14  

E-post: post@folkebiblioteket.no
Telefon: 7004 5520

 

Postadresse:
Postboks 64, 6151 Ørsta

Besøksadresse:
Holmegata 7, 6153 Ørsta

Vi blir inspirert av