Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert

Heimat: et tysk familiealbum av Nora Krug

Det tyske omgrepet heimat er vanskeleg å omsette, det er noko meir enn ein stad, og i boka Heimat: et tysk familiealbum prøver forfattaren Krug å finne sitt heimat og historia til si eiga familie. Det er ei personleg forteljing om hennar familie, fortalt gjennom bilete, teikneseriar og tekst. Krug er tysk, og sjølv om ho er fødd over 30 år etter at 2. verdskrig var over kjenner ho på den kollektive tyske skuldkjensla. Ho skriv om korleis krigen fortsatt heng ved henne og korleis det pregar henne som tyskar. Som vaksen har ho busett seg i USA, og kjenner på heimlengsel, men får ikkje tak i kva som er hennar «heimat». Ho forstår at ho må finne ut av si eiga historie, spesielt kva rolle hennar eige familie spelte under 2. verdskrig.  I byrjinga av boka veit ho lite, dei har sagt lite og ho har ikkje spurt så mykje. Og nå er fleire av dei som opplevde krigen allereie gått bort. Boka er hennar forsøk på å finne dette ut. Vi følgjer henne på leiting i arkiv og i samtalar med familie ho aldri har møtt.

Blandinga av bilde, tekst, teikningar og teikneserieformat gjer at boka opplevast som eit lappeteppe av ulike delar som ikkje heilt passar saman. Dette fungerer bra for historia som forteljast. Det finnes ikkje klare svar, historia til personane i hennar familie ber preg av gråsoner. Ho presenterer funna sine utan konklusjonar. Boka gir innblikk i korleis 2. verdskrig fikk konsekvensar for, og framleis pregar, ei vanleg tysk familie. Historia er fortalt på ein måte som gjer den interessant også for dei som les mest skjønnlitteratur. Den er godt skrevet, med fine illustrasjonar som løfter historia. Og ei bok å anbefale til alle som framleis meiner teikneseriar er useriøs litteratur og berre for born.

Del på facebook
David Walliams:

Herr Stink

Herr Stink av David Walliams

Herr Stink er ei hjartevarm bok om heimløyse og utanforskap. Til tross for alvorlege tema er dette ei morsom bok. Smilla inviterer den særs illeluktande herr Stink, som til vanleg bur på ein benk i parken, til å flytte inn i hageskuret til familien Smulen. Dette passar dårleg for mamma som stiller til val i parlamentet. Det oppstår etter kvart komiske augeblink og situasjonar. Walliams brukar sin særeigne humor til å skildre kloke barn som står opp mot tankelause og latterlege vaksne.

Kven er egentleg herr Stink? Kven er denne omtenksame mannen med dei fine manerane og sølvbestikket på innerlomma? Vi blir meir og meir nysgjerrige på den heimlause, og klarar ikkje legge frå oss boka før den er ferdiglest. Forfattaren minner oss på at alle heimlause har si eiga historie. Ei varm og sår, men morsom bok. Herr Stink passar frå 9 år og er fin til høgtlesing.   

Del på facebook
Angie Thomas:

På vei mot toppen

På vei mot toppen av Angie Thomas

16 år gamle Bri drøymer om å bli rappar, men kor langt er ho villig til å går for å oppnå draumen?

Ho bur saman med mora og storebroren Trey. No har mora har mista jobben, og broren jobbar på ein pizzarestaurant. Han har utdanning i psykologi, men måtte flytte heim igjen då han ikkje fikk jobb etter studiane. Faren blei skoten av ein rivaliserande gjeng då ho var liten. Før han døydde var han på veg mot å slå i gjennom som rappar, og er ei legende i undergrunnsmiljøet.

Med hjelp frå tanta får Bri vere med på ein rapbattle som førar til at ho etter kvart får mykje merksemd, men det er ikkje alltid berre positivt å bli lagt merke til. Skal ho spele på stereotypiane om sint, svart ungdom for å få enda meir merksemd? Viss ho lykkast kan ho hjelpe familien ut av fattigdommen, og gi både dei og seg sjølv eit betre liv.

På vei mot toppen er i bok om å vere fattig og svart i USA, men også om å vere ung og finne ut kven ein er og kven ein vil vere. Familieproblem, venskap, kjærleik og kor mykje er det verdt å ofre for å oppnå draumane sine? Angie Thomas beskriv eit truverdig miljø med interessante karakterar. Historia er lagt til det same oppdikta nabolaget som Thomas’ debutroman The hate U give. På vei mot toppen er ikkje ein oppfylgjar, og kan lesast utan å kjenne til The hate U give, men hendingar frå den blir nemnt.

Del på facebook
Garth Davis:

Lion

Lion

Da Saroo er fem år gamal mistar han broren sin på gatene i Calcutta og går seg vill. Han overlever, men finn ikkje tilbake til familien sin, og blir til slutt adoptert av eit par frå Australia. Dei adopterer også ei son til, også han i frå India. Saroo veks opp som ein eksemplarisk adoptivson.

Som vaksen ønskjer han å finne si biologiske familie og reiser tilbake til India for å finne dei. Han husker ikkje så mykje, og veit ikkje kvar han skal leite. Men han har eit vagt minne om ein stad som han prøvar å finne, gjennom det som kjennast som ei uendeleg rekke søk på Google Earth.

Ei hjartevarm og rørande historie basert på den sjølvbiografiske boka A long way home av Saroo Brierly.

Del på facebook
Guiseppe Pontiggia:

Født to ganger

Født to ganger

Ein komplisert fødsel.  Alvorlege hjerneskader er konsekvensen. Fleire liv blir endra.

Her  møter vi i hovudsak faren til barnet si oppleving av og tankar om korleis samfunnet handterer eit menneske som ikkje kan leve opp til standarden. Hans eigne haldningar vert sjølvsagt også utfordra.

Gjennom til dels korte kapittel, med nokre unntak,  set forfattaren, gjennom eg-personen, fokus på ulike sider ved livet med funksjonsnedsetting. Han skildrar foreldra sitt møte med legar og anna helsepersonell, og deira meir eller mindre kvalifiserte oppfatningar av korleis framtida til barnet og familien vil arte seg. «Disse barna blir født to ganger. De må lære å leve i en verden som på grunn av den første fødselen er blitt mer komplisert. Fødsel nummer to er avhengig av dere, av hva dere er i stand til å yte.» Med desse orda frå barnelegen tek foreldra med seg barnet sitt ut i verda.  Eit stort og overveldande ansvar.

Guten er blitt vaksen, og faren ser seg tilbake og teiknar eit bilete av ulike situasjonar og møte med menneske og haldningar desse åra.  Ferie på Kreta, pubertetssamtale mellom far og son, rulletrapper og skuleteater. Han nyttar både filosofi og humor i skildringane. Etter kvart møter vi også guten Paolo sine eigne kommentarar til sider ved livet. Kommentarane vitnar om modnad, tålmod, omtanke og humoristisk sans.

Kva er normalitet? Forfattaren tileignar boka «Til de funksjonshemmede som kjemper – ikkje for å bli normale, men seg selv». Ei fascinerande, usentimental og leseverdig bok til ettertanke!

Del på facebook
Jorun Thørring:

Onkelmysteriet

Onkelmysteriet

 Lotte er ny elev på skulen, og det er vanskeleg å få seg venner. Ho er litt annleis enn dei andre borna, men når ho blir kjent med Wille, alt forandrar seg. Wille har ingen venner han heller, men no skal desse to oppleve mykje spennande saman.

Når Lotte blir med heim til Wille, oppdagar dei at det foregår noko merkeleg og mistenkeleg der på garden. Onkelen til guten og vennane hans oppfører seg veldig rart. Dei driv med merkelege handlingar om nettene, har hemmelege møter i huset og dei er veldig ivrige med å passe på å ha ein stor lås på døra til låven ved sidan av huset. Kameratane Lotte og Wille begynner å lure på om dette kan settast i samanheng med tyveri som foregår i byen i det siste. Sjølv om onkelen til Wille er ein ganske sint, farleg og skummel mann, tek Lotte og Wille utfordringa med å finne ut kva som eigentleg foregår på gården hos onkelen. Lotte er modig, men Wille er meir forsiktig, men med stadig nye, spennande og utfordrande situasjonar blir dei betre kjent med kvarandre. Og skal tru, korleis går det til slutt med dette onkelmysteriet?

Forfattaren Jorun Thørring har laga ei morosom og spennande bok som på same tid også tek opp emner. Mobbing på skolen, vennskap og dette å tore å bli modigare enn du tror kan vere aktuelt for ganske mange i våre dagar.

Spenning for mellomtrinnet.

Del på facebook
Elin Lindell:

M for mistet

M for mistet

Boka handlar om 9-åringen Hjørdis som har det bra. Ho går på skolen, har ei bestevenninne Judith og har, som ho sjølv synest, ganske grei familie. Det einaste ho synest er kjempedumt, er alt som begynner på H: hestar, hovudverk, handsveitte, hull i tennene og ein irriterande klassekamerat Harry Hansson. Grunna denne H-en kallar Hjørdis seg sjølv for Jørdis. Ho synest at dette høyrest mykje betre ut.

Hjørdis er best i klassa i fotball. Men plutseleg forandrar alt seg. Det begynner ei ny jente i klassa (som heiter Hermione!), og ho viser seg å vere betre i fotball enn Hjørdis. I tillegg har ho pupper, stilige briller og ikkje minst viktig, ho blir god venninne med Judith.  Etter ei kort stund snur alt seg. Hjørdis vil bli som den nye jenta Hermione. Derfor seier ho til foreldra sine at ho ser veldig dårleg (sjølv om ho ikkje gjer det) for å få briller. Når ho har fått det, blir kvardagen vanskeleg og uklar gjennom glaset til desse stilige brillene. Plutseleg er det blitt slik at Hjørdis begynner å lyge om enno fleire ting, og det er enno fleire utfordrande situasjonar som Hjørdis må prøve ordne opp i.

Boka er morosam  og underhaldande. Gjennom humoristisk forteljing har forfattaren tatt opp alvorlege emner som vennskap, å stole på kvarandre, mobbing og relasjonar mellom foreldra og born.

Passar godt for 4.-6.klasse. 

Del på facebook
Vaddey Ratner:

I skyggen av banyantreet

I skyggen av banyantreet

Kvifor lese ei bok om menneske som blir offer for ekstremisme og pervers idealisme? Kanskje fordi denne romanen gir innsikt i noko meir. I usikkerheita blir vi vitne til lojalitet og omsorg. I fortvilinga finn vi solidaritet. I angsten møter vi trøyst og refleksjon henta frå forfedrane sin livsvisdom. Alt blir skildra gjennom blikket til 7-åringen Raami, i overkant reflektert i høve til alderen, men det blir kanskje slik når forfattaren skriv ei sjølvopplevd historie i ettertid. Ho skriv med kjærleik til landet sitt og for å heidre far sin.

Historia er gripande, men usentimental, skrive i eit til dels poetisk språk. Låg der nokon gang ei positiv idealistisk drivkraft bak Røde Khmer og Pol Pot sine herjingar i Kambodsja på 70-talet? Vi kan spørje, men utan fordøming og moralisme tek forfattaren oss med inn i den verkelegheita som utspant seg. Innbyggarane blei tvangsflytta frå byane og ut på landet for å realisere til dels meiningslause landbruksprosjekt. Vi blir vitne til eit folkemord der dei utdanna og intellektuelle blei ein trussel for samfunnet og nesten utrydda. Privat eigarskap, også til mat, gaflar og skeier, var ein trussel for fellesskapen.

Romanen er vel verdt å lese, ikkje først og fremst for å gremme oss over ekstremisme, men for å få del i overlevingsmekanismene som ligg i vilje, håp og familieband.

Del på facebook
Magnhild Bruheim:

Hyttemysteriet

Hyttemysteriet

Hyttemysteriet er bok nr.2 i serien om Stian og Stine. Fortellinga begynner med Stian si forteljing, når han oppsøkjer ei gammal, forfallen hytte i skogen. Ein gong skjedde det eit mord i hytta, eit mord som ikkje vart oppklara. Det er noko mystisk med hytta, og saman med Stine bestemmer Stian seg for å finne ut kva det er. Kven er mannen som ser ut til å bu der? Har han noko med drapet å gjere?

Boka inneheld mykje spenning i seg på grunn av mysteriet rundt hytta. Men det skjer like mykje spennande i kvardagen til Stian og Stine. Dei er nettopp blitt stesøsken. Stian har mista mora si, og Stina har aldri hatt far. Foreldra til begge har no etablert ein ny familie og ønskjer det beste ved, til dømes å prøve samle heile familien til felles pizza kveldar. Men det viser seg å ikkje vere så lett. Stian har også ei storesøster i alderen 16, som ikkje er interessert i å etablere god vennskap med verken Stine eller mora til Stine. I tillegg er det fleire utfordringar på skulen og i fritida. Stian blir mobba, og det er ikkje så lett å finne seg ein god venn, unntatt stesøsken Stine. Stine er blitt forelska i ein gut på skulen. På same tid må ho prøve å finne nok tid til både venninnene sine og til å løyse mysteriet i lag med Stian.

Detektivarbeidet utviklar etter kvart fleire alvorlege situasjonar. Når ein har starta å lese, så er det ikkje lett å legge frå seg boka på grunn av nysgjerrigheit: kva skjer vidare? Så det er berre å lese i vei!

Boka er på nynorsk, og kan lesast også som frittståande bok. Passar best for lesarane frå 10 år og oppover.

Del på facebook
Linda Palm:

Ti små vennebøker

Ti små vennebøker

Denne serien på 10 bøker handlar om vennskap. Kvar bok har eit emne:  Seie unnskyld, Dele, Vente på tur, Seie stopp, Roe seg ned, Bli einige, Snakke om det, Samarbeide, Spreie glede og Vise kjensler.

Hovudpersonar som er dei same i alle bøkene, er Kanin og Piggsvin. Dei går i barnehagen og er gode venar, men av og til oppstår det «problemsituasjonar» som ein må løyse. Då er det ofte dei vaksne som finn sine metoder for å forklare korleis vi skal oppføre oss mot kvarandre. I desse bøkene er det Grevling og Ekorn som gir ein lærdom via dialog eller aktivitet. Små vers som Grevling og Ekorn lærer til dyra i barnehagen, er veldig fine og kan brukast i kvardagen. Til dømes, vers om å dele:

«Den som deler,

Den som deler

Gjer ein annan glad.

Eg vil dele med deg.

Vil du dele med meg?

Den som deler,

den som deler,

gjer ein annan glad.»

I To små vennebøker kan lesaren kjenne igjen kvardagssituasjonar både i barnehage, heime og andre plassar. Bøkene kan leses i lag med dei minste. Dei kan brukast som emne når du vil snakke om kjensler og dette med å vere hyggeleg mot kvarandre. Stor skrift, korte setningar og fargerike bilde gjer at også småskoletrinneborn kan lese desse bøkene. Og ikkje minst viktig at alle bøkene er på nynorsk.

Del på facebook
     
NYE OPNINGSTIDER    
(fom 22. juni tom 9. august)    
     
Måndag: 12-16    
Tysdag:  12-16    
Torsdag: 12-18    
     

E-post: post@folkebiblioteket.no
Telefon: 7004 5520

 

Postadresse:
Postboks 64, 6151 Ørsta

Besøksadresse:
Holmegata 7, 6153 Ørsta

Vi blir inspirert av