Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Boktips barn

Àslaug Jonsdottir, Kalle Güttler og Rakel Helmsdal.:

Monsterknipe

Monsterknipe

Bøkene om Storemonster og Veslemonster kan anbefalast på det varmaste. Det er ikkje utan grunn at dei har blitt utgitt på fleire språk og har mottatt ei rekkje prisar.

Dei to monstra møter utfordringar som alle ungar, og til dels vaksne kjenner seg att i. Boka "Monsterknipe" kom ut på nynorsk i 2019.

I boka «Monsterknipe» dukkar Raggmonster oppatt. Ho møter du for fyrste gong i boka «Monsterbesøk». Det er ikkje so lett når eit tredje monster dukkar opp i monsterland.

Raggmonster er på besøk hos Veslemonster då Storemonster kjem innom. Han har lagt planar for berre seg og Veslemonster.

Utfordringa dei to vennane står ovanfor er at Raggmonster aldri meir vil gå heim. Ho seier at ho ikkje kan gå heim. Men alle har vel ein heim å gå til?

Dei må finne på noko lurt, og det gjer dei. For etter kvart skjønar dei to at det er synd på Raggmonster. 

Dette er ei bok om å hjelpe ein ven som ikkje har det so greitt. 

Boka høver best for born i alderen 0-5 år.

Del på facebook
Bente Bratlund:

Kidnappa

Kidnappa

- Eg blei kidnappa, kviskrar ho.

- Kidnappa? spør eg.

Oda nikkar. 

- Da eg var lita. Eg hugsar det ikkje.

Men eg veit det no.

 

I boka møter vi Bea og  hennar beste venninne Oda. Oda fortel at ho blei kidnappa som lita, ein løyndom Bea aldri må fortelja til nokon. Bea får det ikkje lett etter dette. Stemmer det verkeleg at foreldra til Oda ikkje er dei rette foreldra hennar?  Ho ynskjer ho kunne dele løyndomen med mor si, men ein må halde det ein har lovt.

Venskapet blir sett på prøve då Bea byrjar å tvile på løyndomen til Oda. Tenk om Oda berre har lurt ho?

 

Forfattaren skriv fyrst om den gleda Bea kjenner ved at hennar venninne Oda deler ein so stor løyndom med ho. Problema dukkar opp når ho byrjar å tvile på sanninga i det Oda fortel. Vi les om vonde kjensler som sinne, sorg og frykt for å misse si aller beste venninne. Tilgir ikkje venner kvarandre når noko blir dumt?

Boka er ein del av Samlagets Leseland og egnar godt for barn som les og begynner å bli uthaldande i lesinga. 

Del på facebook
     
OPNINGSTIDER:    
Måndag: 12-19  
Tysdag: 12-19  
Onsdag: STENGT  
Torsdag:   12-19  
Fredag: 12-16  
Laurdag: 11-14  

E-post: post@folkebiblioteket.no
Telefon: 7004 5520

 

Postadresse:
Postboks 64, 6151 Ørsta

Besøksadresse:
Holmegata 7, 6153 Ørsta

Vi blir inspirert av