Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Boktips barn

Roger Hargreaves:

Herr Glemsk

Herr Glemsk

Herr Glemsk bur i Forglemmegeiveien og det passer bra for han er umåteleg gløymsk

Herr Glemsk gløymer alt mogleg. Han klarer aldri å hugse kva der er han ikkje må gløyme. Ein dag får han i oppdrag å overlevere ein veldig viktig beskjed, og det er ei ganske umogleg oppgåve for ein som er umåteleg gløymsk.
Roger Hargreaves sine klassiske bøker om «Lille Herr Mann» og «Lille Frøken» vart utgitt på 70-talet. Bøkene er oversatt til 30 språk, og er selt i over 100 millioner eksemplar. I Norge vart bøkene gjendikta av Inger Hagerup, og det er i seg sjølv eit kvalitetsstempel. I 2014 vart bøkene utgitt på nytt i Norge, og ein ny generasjon barn har fått gleda av å møte desse fargerike karakterane i Roger Hargreaves univers.
I bøkene møter vi mellom anna Herr Kilefant som har lange armar som han kan strekke inn over alt. Vi møter Herr Lykkeleg som strålar som ei sol og vi møter Herr Surpomp som  har nedovermunn.
Vi blir og kjent med Herr Rotekopp, som heldigvis får god hjelp av Herr Ren og Herr Ryddig, til å rydde opp i tilværet sitt. Herr Bakvendt og Nysgjerrigper er nokre underlege skruer, og det er også herr Dumpidump som stadig vekk er uheldig og dumper bort i alt.
Alle desse figurane har sin særeigne eigenskap, og dei kan vere både gode og dårlege. Bøkene er humoristiske og underhaldande, og lesaren kan  lære noko om seg sjølv og andre. Dei kan vere fine å bruke som utgangspunkt for samtale. Bøkene passer godt for barn i alderen 4 -8 år.
Bøkene er på bokmål.

Del på facebook
Barnas store eventyrbok

Det var ei sann fryd å halde denne flotte boka i handa då den kom hausten 2015. I Barnas store eventyrbok er 8 eventyrklassikarar omsett til nynorsk av Maria Parr og eventyra er illustrert med dei flotte illustrasjonane til Svend Otto S. Barnas store eventyr bok er eit viktig bidrag til vår forteljartradisjon.

I samband med lanseringa av boka sa Maria Parr at eventyr skal ligge godt i munnen, for det er der dei høyrer heime. Denne meldaren har brukt eventyrboka til høgtlesing både for barn og vaksne, og den ligg sanneleg godt i munnen for ein som er nynorskbrukar. Ein kan frigjere seg når ein les.
Samlinga inneheld eventyra om dei tre Bukke Bruse, Raudhette, Fyrtøyet, Pannekaka, Mannen som skulle stelle heime, Den stygge andungen, Tornerose og Bymusikantane frå Bremen.

Del på facebook
Hans Sande:

Forelska i Feisbukk

Forelska i feisbukk

Forelska i Feisbukk

Feisbukk er ein geitebukk som bur og beitar i Våtedalen, og ettersom denne dalen ikkje ligg så langt frå oss, kan det hende at du har køyrt forbi han og geiteflokken. 

Den beste venen til Feisbukk heiter Smørbukk, og då dei var små geitekillingar fann dei på mykje spanande i lag. Men då dei vart vaksne var ikkje alt lenger så greitt. Feisbukk oppdagar at han elskar Smørbukk, og det er ikkje så lett for han å godta det at han elskar ein annan bukk. Han trekkje seg ut av flokken og opp i fjella. Der stangar han hol i skyene, slik at regnet fossar og alle geitene nede i dalen vert våte og kalde. Heldigvis så viser det seg at Smørbukk også elskar Feisbukk, og då ordnar alt seg til det beste for dei to. Mange av geitene i Våtedalen vart nok litt skuffa, for dei hadde hatt eit godt auge til den flotte geitebukken, men dei aksepterte at dei to bukkane elska kvarandre.

På ein god måte formidlar boka aksept av likekjønna kjærleik. Den skildrar at det var vanskeleg for Feisbukk då han i ungdomstida oppdaga at han var annleis, men når han har erkjent, og på sin eigen finurlege måte erklært kven han elskar, så er det ikkje lenger vanskeleg.

Boka er på nynorsk og språket flyt leikande og lett. Boka er morosam og den har mange artige ord og replikkar. Boka er illustrert med Per Dybvig sin særprega røffe strek. 

Del på facebook
Bull, Jacob Breda:

Godnattareglen

Godnattareglen

I denne regla får du vere med å danse natta inn i eventyrland og møte underlege skapningar som kjem fram når det mørknar. Der er tusser og troll, og du får møte kongingen og einauga kattar. Du får også møte ein So, og det er noko så alminneleg som ein gris, men i regla brukar dei eit veldig, veldig gammalt ord for gris.

Det var Jacob Breda Bull som skreiv godnattareglen på slutten av 1800-talet. Opprinneleg heitte regla Sankthansdans, og teiknaren Andreas Bloch illustrerte regla. Jakob Breda Bull sin forleggar, Jørgen W. Cappelen, sette dei 25 teikningane saman til eit meterlangt bilete, som har gått i arv frå  generasjon til generasjon i familien Cappelen, og lest høgt for barna ved sengetid. Eit opptrykk av dette bilete er vedlegg til boka.

I boka er kvar side illustrert med enkle og tydelege illustrasjonar på einsfarga bakgrunn. 

Teksta går på rim, og har ei stødig rytme. Godnattreglen er kjempegod å lese høgt og barnet vil fort fange rytma. Barn eg har lest denne boka for ville gjerne synge godnattareglen, og vi las den om igjen og om igjen. 

Del på facebook
Geirr Lystryp:

Ti apekatter

Ti apekatter

I denne boka får du høyre om 10 apekattar som i lystig leik skulle ut å svinge seg på diskotek.

Det er ei farefull ferd dei har lagt ut på, og der er mange svoltne dyr og andre farar i jungelen. Men pytt, slikt stoppar ikkje apekattar som vil på diskotek! Undervegs i boka blir det færre og færre apekattar. Det er litt skummelt og litt trist, men lesaren blir fort henta tilbake til den lystige leiken gjennom den fengande regla som inviterar til å telle baklengs. Til slutt er det berre ein apekatt igjen, og det som er så flott er at denne apekatten møter ein annan nydeleg apekatt. Då går det som det plar gå, - dei fekk mange små! Slik går livet i jungelen vidare , med apekattar i lystig leik.

Boka er  nydeleg illustrert av Malgorzata Piotrowska, med fargerike naivistiske figurar i akvarellteknikk. Det er mange fine detaljar og sjå nærare på, og apekattane er fornøyeleg illustrert. Malgorzata Piotrowska har illustrert mange norske barnebøker, og på biblioteket vil du finne andre skattar som ho har illustrert på sin karakteristiske måte.

Språkforma i boka er bokmål. ”Ti apekatter” er bygd på barnesongen med same tittel, og det er mange barn og vaksne som kjenner den frå  Forut-CDen "Sangen om Yebo".

Boka ”Ti apekatter” er ei tellebok som passer både for barn og vaksne. Å telle baklengs er komplisert, men det kan vere ein lystig leik!

Del på facebook
Flekkmonsteret bygger harefelle

I denne boka får du møte flekkmonsteret som bur i ei mosehytte oppe på fjellet. Det finst ikkje så mange flekkmonster i verda, difor kjenner Flekkmonsteret seg litt åleine. Ein morgon vakna flekkmonsteret og fekk så umåteleg lyst på harekjøt. Han bestemmer seg for å bygge ei harefelle. Ettersom flekkmonster stort sett et mose, var han nokså blank når det gjaldt harefeller.  Men flekkmonster veit at på biblioteket får ein svar på det meste ein lurer på, og difor gjekk han på biblioteket for å finne informasjon. Flekkmonsteret bygger harefella si, men undervegs gjer han ei fatal tabbe. Den fyrste han fangar er seg sjølv, og deretter er det mange andre skapningar som går i harefella. Etterkvart vert det smekkfullt i fella, men nokon hare kom aldri dettande. Slikt er sjølvsagt ein nedtur for eit Flekkmonster, men det som er bra er at han fekk nye vener der nede i harefella. Kven som til slutt berga flekkmonsteret og dei andre frå harefella får du vite når du les boka.

I boka kan ein lære noko om at framande er vener som ein ikkje har møtt, og at harer ikkje går i feller som er laga av eit bestemt treslag.

Fortellinga si form kan minne noko om eventyrsjangeren. Den same situasjonen vert skildra om igjen og om igjen med små variasjonar.

Typografien i boka varierar, og bokstavane veks i tråd med spenninga. Dette er effektfullt, og det er også positivt fordi den deler opp teksta, og gjer den meir tilgjengeleg for ein ung lesar.

Dette er ei morosam bok, med mange rare ord og artige replikkar. Boka har ei dobbel stemme og den eignar seg like godt for både barn og vaksne. Boka er illustrert med Per Dybvig sin særprega røffe strek, og dei ulike karakterane som går i harefella, vert godt skildra for oss. Illustrasjonane er humoristiske og har mange finurlege detaljar. Det er spesielt verdt å merke seg at biblioteket har ei heil hylle med bøker om harefeller, og at det er mange andre interessante bøker i bibliotekhyllene.

Dersom du synest at bibliotekdama minner om ei dame som arbeidar på eit bibliotek nær deg, så er det tilfeldig.

Del på facebook
Månen som ville lyse som ei sol

I denne boka får du møte månen som så gjerne vil lyse slik som sola.  Månen kjenner seg så liten og grå, og han er rett og slett litt misunneleg på sola. Det er ikkje fritt for at sola ertar månen litt også, og då er det ganske trist å vere månen. Men så legg månen ein plan, han vil vise at han er like god som sola. Korleis det går får du vite når du les boka.

I boka får du også høyre om solsystemet, tidevatnet,  flod og fjøre, og kanskje vil du lære noko nytt, eller undre deg over noko du ikkje har undra deg over før.

Moralen i boka er at det er fint at ikkje alle er like, og at det ikkje er så viktig å vere størst og best.

Språket i boka er poetisk og har ei fin rytme.

Boka er vakkert illustrert med mange detaljer og fine fargar, og det er ei fascinerande djupne på nokre av bileta. Forfattar og illustratør Elin Grimstad har brukt teknikkar frå animasjonsfilm. Kvart bilete er sett saman av fleire hundre bitar! Ein kan faktisk finne ein film på youtube om korleis akkurat denne boka vart laga.

Boka passar for barn frå 5 år, og den fungerer veldig godt til høgtlesing. Boka vil vere eit godt utgangspunkt for samtale om venskap og toleranse.

Del på facebook

Opningstider

Måndag 12 - 19
Tysdag 12 - 19
Onsdag STENGT
Torsdag 12 - 19
Fredag 12 - 16
Laurdag 11 - 14

 

Kontakt

E-post:  post@folkebiblioteket.no

Telefon: 7004 5520

Vi blir inspirert av