Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Boktips barn

Sylvia Heinlein:

Dei hemmelege superheltane

Dei hemmelege superheltane
Leseland

Boka kjem i Samlagsserien Leseland,  Nivå 4 (Leseproffen) som har 70-90 ord på sida og er for dei som treng litt meire å bryne seg på. Det er kjærkome med slike morosame bøker på nynorsk når ungane skal praktisere og trene på det dei lærer i skulen.

Denne boka er frå 2015, men nå i 2016 kjem det 18 nye titlar for ulike lesenivå og aldersgrupper

Willi, Mikke og Jonny har ein hemmeleg klubb: "Dei beste".
Der les dei teineseriar om superheltar som Supermann, Gigamann og Geckogirl  - og så drikk dei brus og et kjeks og drøymer om å treffe superheltane. Innimellom dreg dei til teikneseriesjappa for å hamstre nye seriar, men den tjukke mannen som eig sjappa er skikkeleg sur og jagar dei når dei bare vil kikke, - og så har han eit hemmeleg rom dit han ber inn heile las med pizza. Kan verkeleg ein mann ete så mykje? Våre unge heltar vil finne ut av dette og lagar ein hemmeleg plan som faktisk fungerer. Dei får møte heltane sine som kjem på besøk i hytta til den hemmeleg klubben!
Superheltane er glade for å få nye vener, men dei er leie seg for at ingen trur på dei, eller har oppdrag til dei. Derfor  må "Dei beste" ordne opp for dei fantastiske.
Fabulerande og leiken lettlesingsbok for litt større barn.

Del på facebook
Eselhistorier

Denne boka, redigert av Alf  Kjetil Walgermo, inneheld 43 historier og utdrag frå større bøker om esel av alle slag. Det er det triste og saktmodige eselet, som Tussi hjå Ole Brunn, det skrytande eselet som Æsop fortel om då det fekk seg eit løveskinn, det sta eselet til Silius i Kardemomme by som ikkje ville gå, det dumme eselet som trudde det kunne synge, frå den indiske fabelsamlinga ”Panchatantra”, og det lure eselet til herr Hailu i Eritrea.

Her er historier til underhaldning og til ettertanke, dei fleste korte heilt ned i ¼ side, men det er også nokre lange historie. Dei eldste er fablane til Æsop frå ca år 500 f. Kr., og den nyaste om eit esel på sal av kinesaren Benfu fødd ca 1950. Walgermo har funne eselhistorier  hjå både Agatha Christie og Dickens, Cervantes og Dostojevski, Collodi og C.S. Lewis. Og mange av historiene har han omsett sjølv til eit lettflytande bokmål. Somme av dei kjenner me nok frå før, men det er også spennande å lese eventyr og fablar frå andre kulturar – for så å kjenne dei igjen i litt anna innpakking.

Kjekk bok til underhaldning og til å bli litt klokare av!

Del på facebook
Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen

Røyset har skrive ei realistisk forteljing om korleis det var å vere barn under krigen. Rammeforteljinga er Dagny som har flytta tilbake til mormors gard saman med mor og far. Mormor er Dagnys trøst, ho har alltid god tid og fortel mange spennande historier om krigen Dagny synest mor er urimeleg som nektar henne sjokoladepålegg, og ho kvir seg veldig for å byrje på ny skule der ho ikkje kjenner nokon! Ho gjeng sinna til sengs utan kveldsmat -  og vaknar opp i ei anna verd der ho er midt i krigen vinteren 1944/45! Sjølv om ho eigentleg veit at ho er Dagny, forstend ho etterkvart at det er ho som er "mormor" 10 år gamal, og at mamma og pappa nå, er oldeforeldra hennar. Historia kan lesast som eit mareritt - ho vaknar til slutt etter å ha vore sjuk.

Det er skummelt å leve i eit lita bygd som er full av tyskarar og russefangar og tyske skip rett nede på fjorden som blir bomba av engelskmennene. Maten er ikkje god og skulen er utriveleg. Bokstavane er vanskelege å lese, lærarinna er frykteleg streng, og så er det mykje mobbing. Det har kome ein liten fordriven finnmarksfamilie, og dei andre er slett ikkje snille mot Belinda som dei meinar er samejente (=mobbeobjekt).

Røyset skildrar både stygg mobbing, tysk rassia etter tysting, motstandsfolk i dekning og provokatørar. Der er nokre sterke historier som det kan vere greitt å snakke om i ettertid. Dei verkar sterkare når dei er realistiske.

Røyset bur på Flø og ho har brukt mykje ekte stoff, både henta frå krigslitteraturen og intervju med gamle damer som delvis er modellar i boka.

Boka  har også ei litteraturliste. Passar godt for 10-12-åringar.

Del på facebook

Opningstider

Måndag 12 - 19
Tysdag 12 - 19
Onsdag STENGT
Torsdag 12 - 19
Fredag 12 - 16
Laurdag 11 - 14

 

Kontakt

E-post:  post@folkebiblioteket.no

Telefon: 7004 5520

Vi blir inspirert av