Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Boktips barn

Mia og Mette på sommerturnering

Boka Mia og Mette på sommerturnering handlar om ei handballturnering der jentene måtte spele fleire kamper mot lag som Utby, FIH og ein hardtspelande spelar som heiter Vanja. Vanja er rå og flink i handball og dessutan kontrollerande og vanskeleg å dekke opp. Hun dyttar og slår spelarar med olbogen og følgjer ikkje nokon av handballreglane. No må Mia og Mette spele mot henne!

Boka er ei spennande barnebok som er perfekt for barn som vil lære meir om handball. Handball er ikkje eit lett ballspel og er heller ikkje så lett å forstå seg på skriftleg, men denne boka fortel deg alt du treng å vite, speleposisjonar, fakta om handball og korleis bruke dei forskjellige handballfintene.

Mia og Mette er bestevenninner som spelar på same handballag, SIF. Det er laga mange bøker om Mia og Mette og lagkameratane deira og denne gongen var laget med på sommarturnering.

Mia og Mette på handballbanen, Mia og Mette på legevakta, Mia og Mette trener flyger er berre nokre av seriebøkene eg kjem på.

 

 

Del på facebook
Höjer, Dan:

Superrask

Superrask

Spennande å lese om verdas raskaste menneske, dyr, bil, tog og fly. Også andre artige fakta les vi om. Visste du at verdas raskaste berg-og-dal-bane ligg i Abu Dhabi i Dubai? Det gjorde i alle fall ikkje eg. Det finns mange rare fartsrekordarar – til dømes Andrea frå Tyskland som kyssa 10 002 menneske på fem timar. Slå den du!

Dette er ei lettlest bok med korte til middels lange setningar og med fargeillustrasjonar, ofte med eit artig preg, på kvar side.

Superrask er med i Leseland Fakta på nivå tre som er tilpassa barn som les, men som enno ikkje er uthaldande i lesinga. Her finn du også titlane «Supersmart» og «Supersterk».

Det er svært kjærkome med lettlesne faktabøker på nynorsk, dette vil vi ha meir av!

Del på facebook
Tre biler og en katt

Boka opnar så fint med ei lita jente som held katten sin så kjærleg i armane. Ho sit i ei blomstereng og kosar med katten og har til og med kledd på han ei lita ulljakke. Men så vert verdas finaste katt, Hampus, køyrd på og drepen. Det viser seg snart at han må ha blitt køyrd på av ein bil. Og på øya der dei bur finns det berre tre bilar. Jenta og venene hennar går inn for å finne syndaren for kattemordet. Dei tre mistenkte er butikkmannen som sver på at det ikkje er han. Eller Karsten Oppihaugen, som er fæl til å banne. Og taxisjåføren Laila, som ingen eigentleg kjenner, og som har ein litt skummel hund.

Det er ei spennande og god historie med litt overraskande slutt. I staden for at det vert forsoning mellom gjerningsperson og jenta, vert det sorga etter tapet av katten som heng igjen.

Gode og fargerike teikningar med tusj er nok det første ein legg merke til med boka. Dei er også umiskjenneleg 70-tallsprega og appellerer dermed også til vaksne lesarar.

Ei flott bok dette – både nydeleg, spennande og litt trist.

 

Del på facebook
Margareta Nordqvist:

Ville Billy

Ville Billy

Vi møter Pelle som bur på ein gard med hestar, kyr, sauer og høner. Hestane heiter Tulla og Totto. Ein dag kjem ein ny hest på besøk til garden der Pelle bur. Billy, som hesten heiter, er litt av ein villstyring. Han leikar ei stund med Tulla og Totto, men så synes han det vert for kjedeleg. Han hoppar over gjerdet og stikk av. Dette skjer ikkje berre ein gong, men gong etter gong. Pelle får litt av ein jobb med å passe på Billy – men jammen er det artig også!

Boka er med i serien «Dyrevennene» som er lettleste bøker med korte setningar og enkle ord i store bokstavar. Dei høver for småskulen og mellomsteget. Gode og vakre fargeillustrasjonar heng godt i hop med teksten og gjer det enklare å forstå innhaldet. Bøkene er kjekke å lese – særleg for dei som er glade i dyr.

Dei andre bøkene i serien er om kattar, hundar, kaninar, grisar og til og med akvariefisk.

Del på facebook
Solveig Blindheim Bendixen:

Teo tøffar seg

Teo tøffar seg

Nok eit sjarmerande møte med førsteklassingen Teo!

I denne boka er det blitt 17. mai – ein stor festdag både for liten og stor. Denne gongen skal Teo gå i tog i lag med klassen sin og ikkje med barnehagen som tidlegare. Mor har til og med sydd bunad til han. Forventningane er difor store når dei forlét huset for å ta del i toget og påfølgjande aktivitetar på skulen. Litt småerting må han tole frå  klassekameratane – dei synest at han ser ut som ei liten nisse. Men ertinga bit ikkje på Teo, for han er stolt over kor fin han er i bunaden. Men det er ein solrik og fin 17. mai, så då vert det varmt med bunad. Han vert tørst og varm og orkar ikkje å vere med på alle dei artige leikane som han hadde gledd seg slik til. Kva skal han gjere? Han er redd for å skuffe mor og lurer på om han skal tørre å ta av seg bunaden. Dette fører til forviklingar og mange artige episodar.

Dette er fjerde boka om Teo. Dei er ypparlege til høgtlesing, både i klassen og heime. Dei tre andre heiter: «Teo i trøbbel», «Teo tar sjansen» og «Tenk at det var Teo!»

Del på facebook
Mopp og Mikko elskar dyr

Mopp og Mikko køyrer traktor med tilhengar og fer på jakt etter dyr. Først møter dei ein gris som blir med i tilhengaren. Deretter ser vi nokre gule og søte dyr som vi skal gjette oss til kva er. Deretter stripete dyr, lange dyr osb. Og til slutt er tilhengaren heilt full.

Det er til no kome 4 bøker om Mopp og Mikko. I dei andre bøkene elskar dei ting, mat og kjøretøy. I alle bøkene dreg Mopp og Mikko på jakt, og vi følgjer dei i jakta medan tilhengaren, trucken, båten eller handlevogna vert fylt opp.

Dette er bøker laga for dei yngste barna. Setningane er korte og lette og er gode å herme etter. Og namna på dei to figurane, Mopp og Mikko, er lette å hugse. Mopp er jente og den praktiske av dei. Det er litt artig at det er ho som køyrer traktoren. Vi treng å snu på dei tradisjonelle kjønnsrollene innimellom!

I eit klart og tydeleg farge- og formspråk klarer Kari Stai å kommunisere med dei alle yngste lesarane om ting som dei er opptekne av i kvardagen.

Del på facebook
Konrad Kråkebolle og andre fjærefantar

Møt dei  forunderlege skapningane vi  kan treffe på i fjøra: Bella Blåskjel,  Karelius Krabbe, Konrad Kråkebolle og mange fleire. 

Dette er ei fin lita bok skriven på rim med fargesprakande illustrasjonar.  Brenda Brennmanet er rosa, flott og litt skremmande, for vi veit jo kor vondt det kan svi om ein av trådane hennar sveipar borti oss. Medan Frede Fjæreskrukketroll er artig og mangfoldig, med mange, mange bein.

Boka kan ein godt lese før eller etter ein fjøretur, kanskje vil ein treffe på nokre av fjørefantane? Ei flott bok, med artige vers som både små og store kan glede seg over. Og ikkje minst er illustrasjonane av Per Ragnar Møkleby heilt fantastiske.

Del på facebook
Solveig Blindheim Bendixen:

Tenk at det var Teo!

Tenk at det var Teo!

Teo skal finne ut kva han er flink til. Han pratar med læraren sin, Vibeke og kjem fram til at han er god til å brette mjølkekartongar og til å rekne med minus. - Og kanskje litt god i fotball – for det er jo meir stas. Kameratane vert litt i stuss når Teo fortel at han er god i fotball, for det synes tydelegvis ikkje dei. Dermed er det i gong, Teo må vise kor god han er på fotballbana. Det går ikkje heilt etter planen og fører til endå meir trøbbel for Teo….. Men sjølvsagt går det bra til slutt.

Dette er ei triveleg, spennande og morosam historie frå småskulen som mange, både små og store vil kjenne seg att i. Vi møter den litt distré og godmodige læraren, den trygge, gode vaktmeisteren og dei litt skumle tredjeklassingane. Og mange attkjennande situasjonar.

Dette er tredje boka om førsteklassingen Teo. Dei to første heiter «Teo i trøbbel» og «Teo tar sjansen».

Bøkene om Teo er kjekke bøker til høgtlesing både heime og på skulen

Del på facebook
Jostein Gaarder:

Anton og Jonatan

Anton og Jonatan

Anton og Jonatan er bestevenner og saman om alt, dei opplever mange eventyr blant anna på månen og på havets botn. I denne boka får vi frå bamsen Antons perspektiv bli med når han og Jonatan dreg på tur gjennom byen, Jonatan syklar og Anton sit i korga framme på sykkelstyret. Men denne dagen skjer det noko dramatisk.

Akin Düzakin har illustrert boka fint med duse fargar som passar godt til det melankolske temaet.  

Dette er ei bildebok for born frå 4 års alderen som kan opne for samtalar rundt det å miste nokon ein er glad i.

Del på facebook
Ingen spøk å telle til 13

Dette er ei litt annleis tellebok – du skal nemleg telle spøkelse! Mona Fossdal har laga ei detaljrik og frodig tellebok. Du går opp på loftet i eit stort hus der det spøker. Du skal først finne 1 spøkelse, på neste side 2 spøkelse og heilt opp til 13 spøkelse. På loftet er det også mange andre rare ting å leite etter. Forfattaren spør om du kan finne briller, gebiss og andre ting som ligg på forunderlege stadar. Det er ei artig og engasjerande bok å bla gjennom både for barnet og den vaksne som les. Boka høver både for dei heilt små og for 7-8-åringen som les sjølv.

Del på facebook

Opningstider

Måndag 12 - 19
Tysdag 12 - 19
Onsdag STENGT
Torsdag 12 - 19
Fredag 12 - 16
Laurdag 11 - 14

 

Kontakt

E-post:  post@folkebiblioteket.no

Telefon: 7004 5520

Vi blir inspirert av