Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Boktips barn

Eselhistorier

Denne boka, redigert av Alf  Kjetil Walgermo, inneheld 43 historier og utdrag frå større bøker om esel av alle slag. Det er det triste og saktmodige eselet, som Tussi hjå Ole Brunn, det skrytande eselet som Æsop fortel om då det fekk seg eit løveskinn, det sta eselet til Silius i Kardemomme by som ikkje ville gå, det dumme eselet som trudde det kunne synge, frå den indiske fabelsamlinga ”Panchatantra”, og det lure eselet til herr Hailu i Eritrea.

Her er historier til underhaldning og til ettertanke, dei fleste korte heilt ned i ¼ side, men det er også nokre lange historie. Dei eldste er fablane til Æsop frå ca år 500 f. Kr., og den nyaste om eit esel på sal av kinesaren Benfu fødd ca 1950. Walgermo har funne eselhistorier  hjå både Agatha Christie og Dickens, Cervantes og Dostojevski, Collodi og C.S. Lewis. Og mange av historiene har han omsett sjølv til eit lettflytande bokmål. Somme av dei kjenner me nok frå før, men det er også spennande å lese eventyr og fablar frå andre kulturar – for så å kjenne dei igjen i litt anna innpakking.

Kjekk bok til underhaldning og til å bli litt klokare av!

Del på facebook

Opningstider

Måndag 12 - 19
Tysdag 12 - 19
Onsdag STENGT
Torsdag 12 - 19
Fredag 12 - 16
Laurdag 11 - 14

 

Kontakt

E-post:  post@folkebiblioteket.no

Telefon: 7004 5520

Vi blir inspirert av