Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Boktips barn > Full fres!

Ingelin Røssland:

Full fres!

Full fres

Erik har fått seg kjelke med ratt – akkurat ein slik han har ønskt seg. På første turen får pappa sitje på medan Erik styrer. Pappa går inn att og Erik skal ake åleine – men berre på tomta kring huset deira. Det er kjempekjekt å renne med den nye kjelken, men litt keisamt etter kvart, for bakken er ikkje så veldig bratt.  Så dukkar storeguten Roger, den verste bølla i byggefeltet, opp. Han vil låne kjelken, men vil sjølvsagt renne på vegen utanfor gjerdet. Erik veit at det ikkje er lov, men han blir med likevel, for han er litt redd for Roger og dessutan er vegen finare og brattare å renne på. Roger styrer og Erik sit på. Dei renn fleire turar heilt til Roger vert lei og går sin veg. Eriks står att med kjelken og blir freista til å ta ein tur på vegen åleine. Han set av garde og det går kjempefort. Han må late att auga og så treff han noko! Noko som hyler og fer opp i lufta før det deisar i bakken. Det er Gunda, den suraste dama i byggefeltet.

"Full fres!" er Ingelin Røssland si andre historie om Erik, ein forsiktig, men samstundes litt vilter gut, ganske lik alle andre gutar.

Dette er ei kjekk, lettlest og spennande  bok for barn mellom 6 og 10 år. Ho er inndelt i korte kapittel og har flotte fargeillustrasjonar av Lene Ask. Boka er også fin til høgtlesing.

Del på facebook

Opningstider

Måndag 12 - 19
Tysdag 12 - 19
Onsdag STENGT
Torsdag 12 - 19
Fredag 12 - 16
Laurdag 11 - 14

 

Kontakt

E-post:  post@folkebiblioteket.no

Telefon: 7004 5520

Vi blir inspirert av