Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Boktips barn > Torbjørn Isbjørn

Titus Kodzoman :

Torbjørn Isbjørn

Bokomslag Torbjørn Isbjørn

Isbjørnane bur på toppen av jordkloden, så langt nord som du kan kome. Dei er store, sterke og modige og knapt redd for noko som helst. Det einaste dei er redde for er å ramle av jordkloden og det hadde nok du vore og viss du hadde budd heilt oppe på toppen.

Torbjørn Isbjørn derimot, han er redd for ein ting til. Og jo meir han tenkjer på det, jo verre blir det. Han er redd for at han ikkje er ein ekte isbjørn! Så han legg av garde og spør dei han møter om dei er sikre på at han er ein ekte isbjørn.

Mamma meiner jo sjølvsagt at han er det, for han har ein stor og brei fot, staseleg, svart og våt snute og mjuke, varme og lodne øyre. Heilt klart ein ekte isbjørn!

Men Torbjørn er ikkje sikker, sjølv om mammaer ofte har rett. Så han spør bestemor. Ho er like klok som ho er gamal, men innimellom er det vanskeleg å få noko vettig ut av henne. Og slik er det i dag og, så Torbjørn labbar vidare.

Han spør Bestefar og ein svær kvalross, men ingen av dei får Torbjørn til å bli sikker på at han er ein ekte isbjørn. Spesielt ikkje kvalrossen, for den har så store tenner at han ikkje kan snakke slik at ein kan forstå det ein gong! Og når han spør polarreven blir han i allefall ikkje klokare, for han fortel at han trur han er eit helikopter innimellom og hoppar vekk medan han lagar helikopterlydar. Onkel og tante er det heller ikkje hjelp i, så Torbjørn går attende til mamma.

Kloke, store, gode mamma spør om han fant ut av det han lurde på, men Torbjørn svarar trist at det gjorde han ikkje. Så mamma spør kvifor i alle dagar han lurar på om han er ein skikkeleg isbjørn. Og da svarer Torbjørn: 

Fordi eg...

Vil du vite kvifor må du skunde deg på biblioteket å låne boka!

Del på facebook

Opningstider

Måndag 12 - 19
Tysdag 12 - 19
Onsdag STENGT
Torsdag 12 - 19
Fredag 12 - 16
Laurdag 11 - 14

 

Kontakt

E-post:  post@folkebiblioteket.no

Telefon: 7004 5520

Vi blir inspirert av