Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Boktips ungdom

Anders Totland:

Engel i snøen

Engel i snøen

I denne vakre og kortfatta forteljinga  får vi eit lite og vart innsyn i korleis det er for barn og ungdomar å ligge på sjukehus med ein alvorleg sjukdom.  Vi møter ein eg-forteljar og venene Jonas, Silje og andre. Vi får ikkje vite om hovudpersonen er ein gut eller ei jente. Heller ikkje får vi kjennskap til kva for sjukdom dei har.

Hovudpersonen reflekterer over det som skjer på sjukehuset – rutinane, dei som får reise heim og dei som vert lagde inn. Foreldre kjem på besøk og spør korleis det går. Og hovudpersonen klagar ikkje – det går greitt – sjølv om vi som lesar forstår at det slettes ikkje gjer det.

Frå senga ser ein snøen dale ned. Nokon får vere ute i snøen, men andre får ikkje det. Snøen er med på å understreke at det er eitt liv der ute for oss friske og noko heilt anna for dei som må vere inne og berre kike ut på snøen som fell.

Det er ei god ro over denne boka. Med få ord og vakre, enkle illustrasjonar anar vi kor stille og langsamt livet med sjukdom er.

Ei varm skildring som sit i lenge etter ein er ferdig med å lese boka.

Del på facebook
Tor Arve Røssland:

Glimt

Glimt

Jon flyttar i lag med mor si til den vesle øya Grovøy. Mor har fått ny jobb der, på sjukeheimen, og Jon ser fram til å kome i eit nytt skulemiljø. Han stammar og er blitt mobba og halden utanfor av medelevane. Han kjem raskt i kontakt med dei få jamaldringane på øya. Dei tre som er på hans alder spelar i band og held øvingane sine på det gamle ungdomshuset.  Det viser seg snart at mystiske og uforklarlege hendingar har skjedd på øya både i notid og fortid. Nokon går igjen i den mørke kjellaren på ungdomshuset. Ei ung jente i gamaldagse klede viser seg for dei. Mange spørsmål dukkar opp. Kva er det den demente gamle dama på sjukeheimen prøver å fortelje Jon? Har 2. verdskrigen noko å gjere med alt det mystiske som skjer. Og kvifor er det så viktig at ungdommane må vere ute av ungdomshuset før klokka 19:33?

Dette er ei lettlest bok som både er spennande og også litt grøssande inn i mellom!

Del på facebook
E. Lockhart:

Vi var løgnere

Vi var løgnere

Det er sommar og vi er på ei øy utanfor austkysten av USA. Rikingen Harris Sinclair eig heile øya og her har han fått bygd flotte sommarhus både til seg sjølv og dei tre arvingane sine. Kvar sommar er heile storfamilien her, bestefar Harris, døtrene og deira familiar. Dei lever privilegerte liv med tenarskap som tek seg av alt det praktiske. Hovudpersonane i boka er søskenbarna Cadence, Mirren og Johnny. Med i gjengen er også Gat, steson i den eine familien.

Gjengen har ein herleg sommar på øya – badar og kosar seg.  Romantikk er det også i lufta – Cadence forelskar seg i Gat.  Alt ser idyllisk ut – men det er på overflata. Søstrene, arvingar til store rikdommar, kranglar seg i mellom. Ungane merkar dette, både dei minste og dei i tenåringsgjengen. Ei dramatisk ulykke skjer, men vi som lesarar, får ikkje vite kvifor og korleis. Vi får berre nokre hint. Cadence vert alvorleg skadd denne 15. sommaren på øya.

Vi møter Cadence igjen den 17. sommaren på øya. Ho hugsar svært lite frå det som skjedde den 15. sommaren, og ingen av dei andre vil fortelje noko. Men etter kvart kjem minna tilbake. Ho grev og spør og dramatiske hendingar frå sommaren to år før, vert gradvis avslørt. Og til slutt vert mysteriet oppklara både for Cadence og for oss som lesarar.

Dette var ei spennande og kjekk sommarbok om alt grumset og alt det fæle som kan skje i ei tilsynelatande «perfekt» familie.

Boka høver både til ungdom og vaksne.

Del på facebook
I morgen er alt mørkt

Brage er ein vanleg norsk ungdom som lever trygt og godt i lag med familie og vener. Heilt til den dagen då forferdelege nyheiter frå Japan kjem. Ein parasitt som smittar folk og gjer dei heilt gale eller «forrykte» er oppdaga. Tilsynelatande blinde av raseri går dei laus på alt og alle som kjem i deira veg. Ingen veit korleis parasitten smittar og om han vil kome hit til oss. Etter kvart kjem smitten også til dei vestlege landa og «forrykte» personar dukkar opp overalt - også i landet vårt.

Brage må kjempe for livet mot dei «forrykte». Han må ta val og gjere ting han aldri vil gløyme. Samfunnet går i oppløysing og alt vert rasert. TV og internett fungerer ikkje lenger og folk flyktar. Vil livet nokon gong bli slik det var før? Og vil Brage nokon gong ha sjanse hos Frida som han er så forelska i?

Dette er ei dyster og skremmande bok fylt med action som kan få ein kvar til å grøsse – også ein vaksen lesar. Boka er spennande å lese frå byrjing til slutt og er svært vanskeleg å legge frå seg.

Etter å ha lese boka tenker eg på kor viktig det er å sette pris på det vi har og som vi reknar som så sjølvsagt. Og som Per Fugelli seier, vi må ta vare på flokken.

Eg ser alt fram til å lese neste bok «Marlens historie» som er planlagt utgjeve i løpet av 2015.

Boka passar for ungdom frå 13 år og oppover.

Del på facebook
Camilla Otterlei:

Selma & Louise

Selma & Louise

Hildegard er femten år, har nettopp mista besteveninna si og føler seg skikkelege utanfor. Ho ser fram til årets høgdepunkt – sommarbesøk av det smellvakre og tøffe søskenbarnet sitt, Selma. No skal det endeleg skje noko – og det gjer det til gangs! Selma har nettopp byrja å prøvekøyre. Jentene tjuvlåner bilen og legg ut ein vill biltur slik som jentene i filmen «Thelma & Louise».  

Boka er både spennande og underhaldande, og sjølvsagt med litt romantikk i lufta. Det er ei lettlest bok som vil passe godt for ungdommar som av ulike grunnar ikkje les så mykje. Eg trur også at særleg jenter i ungdomsskulen vil like denne boka.

Del på facebook
Langs Silkeveien

Silkevegen har alltid stått i eit eventyrleg lys for meg og med denne boka fekk eg ei spennande reise gjennom fem magiske, forunderlege og litt ukjende land langs Silkevegen: Usbekistan, Kasakhstan, Kirgisistan, Tadsjikistan og Turkmenistan. Vi får høyre om gamal kultur, blodig historie og om store og vidgjetne krigararar som Djengis Khan og Aleksander den store. Marco Polo og ferda hans langs Silkevegen til Kina er også med. Sjølvsagt vert historia om silke fortalt, stoffet som først blei produsert i Kina for 4500 år sidan, og som ga namn til dette nettverket av ferdselsårer som vert kalla Silkevegen. Forfattaren har sjølv besøkt desse landa, og gjennom tekst og mange flotte bilete tek ho for seg land for land og fortel om korleis tilhøva er der i dag, om rike naturressursar og om problema landa strir med, ikkje minst forureining. Ho fortel om eventyrlege byar ho besøker, vakre landskap ho reiser gjennom og dei gjestfrie og imøtekomande menneska ho treff på. Boka er lettlest og gjev inspirasjon til å lese meir om desse fjerne landa. Og sjølvsagt nører ho opp under lesaren sitt ønske om sjølv å kunne reise til dette spennande området ein gong.  Boka høver både for ungdom og vaksne.

Del på facebook
Lisa Bjärbo:

Alt jeg sier er sant

Alt jeg sier er sant

Alicia 16 år er skuletrøytt. Sluttar på vidaregåande, kranglar med besteveninna og foreldra. Flyttar heimanfrå  og inn til gode, koselege mormor. Mot alle odds klarer Alicia å skaffe seg jobb på kafé. Her stortrives ho, jobben går som ein leik. Og etter kvart må både besteveninna og foreldra erkjenne at dette får Alicia til. Spennande vert det når ein kjekk ung mann – Isak, dukkar opp på kaféen. Alicia vert glødande forelska og går med liv og sjel inn for å kapre Isak.

Alicia klarer å ordne opp i livet sitt, også når triste ting skjer og sorga rammar. Forholdet til dei ho er glad i vert betre .

Forteljinga om tøffe og festlege Alicia er ei fryd å lese. Som lesar er vi spent på korleis ho skal takle dei ulike utfordringane ho får.

Eg trur at boka vil høve best for unge jenter på ungdomsskulen og vidaregåande skule.

Del på facebook

Opningstider

Måndag 12 - 19
Tysdag 12 - 19
Onsdag STENGT
Torsdag 12 - 19
Fredag 12 - 16
Laurdag 11 - 14

 

Kontakt

E-post:  post@folkebiblioteket.no

Telefon: 7004 5520

Vi blir inspirert av