Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Boktips ungdom

Jorun Thørring:

Onkelmysteriet

Onkelmysteriet

 Lotte er ny elev på skulen, og det er vanskeleg å få seg venner. Ho er litt annleis enn dei andre borna, men når ho blir kjent med Wille, alt forandrar seg. Wille har ingen venner han heller, men no skal desse to oppleve mykje spennande saman.

Når Lotte blir med heim til Wille, oppdagar dei at det foregår noko merkeleg og mistenkeleg der på garden. Onkelen til guten og vennane hans oppfører seg veldig rart. Dei driv med merkelege handlingar om nettene, har hemmelege møter i huset og dei er veldig ivrige med å passe på å ha ein stor lås på døra til låven ved sidan av huset. Kameratane Lotte og Wille begynner å lure på om dette kan settast i samanheng med tyveri som foregår i byen i det siste. Sjølv om onkelen til Wille er ein ganske sint, farleg og skummel mann, tek Lotte og Wille utfordringa med å finne ut kva som eigentleg foregår på gården hos onkelen. Lotte er modig, men Wille er meir forsiktig, men med stadig nye, spennande og utfordrande situasjonar blir dei betre kjent med kvarandre. Og skal tru, korleis går det til slutt med dette onkelmysteriet?

Forfattaren Jorun Thørring har laga ei morosom og spennande bok som på same tid også tek opp emner. Mobbing på skolen, vennskap og dette å tore å bli modigare enn du tror kan vere aktuelt for ganske mange i våre dagar.

Spenning for mellomtrinnet.

Del på facebook
Magnhild Bruheim:

Hyttemysteriet

Hyttemysteriet

Hyttemysteriet er bok nr.2 i serien om Stian og Stine. Fortellinga begynner med Stian si forteljing, når han oppsøkjer ei gammal, forfallen hytte i skogen. Ein gong skjedde det eit mord i hytta, eit mord som ikkje vart oppklara. Det er noko mystisk med hytta, og saman med Stine bestemmer Stian seg for å finne ut kva det er. Kven er mannen som ser ut til å bu der? Har han noko med drapet å gjere?

Boka inneheld mykje spenning i seg på grunn av mysteriet rundt hytta. Men det skjer like mykje spennande i kvardagen til Stian og Stine. Dei er nettopp blitt stesøsken. Stian har mista mora si, og Stina har aldri hatt far. Foreldra til begge har no etablert ein ny familie og ønskjer det beste ved, til dømes å prøve samle heile familien til felles pizza kveldar. Men det viser seg å ikkje vere så lett. Stian har også ei storesøster i alderen 16, som ikkje er interessert i å etablere god vennskap med verken Stine eller mora til Stine. I tillegg er det fleire utfordringar på skulen og i fritida. Stian blir mobba, og det er ikkje så lett å finne seg ein god venn, unntatt stesøsken Stine. Stine er blitt forelska i ein gut på skulen. På same tid må ho prøve å finne nok tid til både venninnene sine og til å løyse mysteriet i lag med Stian.

Detektivarbeidet utviklar etter kvart fleire alvorlege situasjonar. Når ein har starta å lese, så er det ikkje lett å legge frå seg boka på grunn av nysgjerrigheit: kva skjer vidare? Så det er berre å lese i vei!

Boka er på nynorsk, og kan lesast også som frittståande bok. Passar best for lesarane frå 10 år og oppover.

Del på facebook
Arne Svingen:

Litt av en plan!

Litt av en plan

Håkon og søstera Ida finn ein dag eit brev frå faren sin som har funne seg ein ny kjærast. Faren er litt for lite oppteken av barneoppdragelse. Han er åleine om å ta seg av barna sine fordi mora forlot dei for ei god stund sidan. Han synest at bestemor kan passe på barna, mens han erpå reise med den nye kjærasten sin.
Problemet er at bestemora er litt rar, og verken far eller borna har god kontakt med ho. Sjølv om faren skriv i brevet sitt at Håkon og Ida må gi beskjed til bestemora om at ho skal passe på barnebarna sine, gjer dei ikkje det. Dei vil vere åleine nokre dagar (eller veker?) og ha det gøy!
I det første møtet med boka får ein kanskje inntrykk av at boka blir veldig morosam. Men det tok ikkje lang tid å forstå at budskapen er alvorlig: dei som er tøffingar på skulen, kan ha ofte problem i familien. Og det har Håkon. Han lyg på skulen, lyg til naboar, til systera og mange andre for å skjule kor vanskeleg og trist det eigentleg er å ha ein sånn rar familie.
Forteljinga i boka er verkeleg spennande og humørfylt. For meg som lesar var det interessant å følgje med på, korleis Håkon og søstera klarte seg åleine, mens faren var vekk. Håkon hadde mange utfordringar. Kva blei det neste guten kom på?

Les boka og få sjå, kva løysningar Håkon finn på, når tidlegare kjærastar til pappa dukkar opp og leitar etter faren. Eller kva skjer når straumen er vekk på grunn av ubetalte rekningar? Kva løysning har Håkon for å skaffe pengar til mat og andre ting? Kva som skjer når Håkon blir forelska for fyrste gong? Les boka, det blir ikkje kjedeleg, det garanterer eg!

Del på facebook
Bob-en veldig uvanlig katt

Likar du sanne historier? Ikkje sånne som er oppdikta, men rett og slett har skjedd /skjer? Då er kanskje denne boka om den sjarmerande gatekatten Bob den rette for deg.

Bob er ein veldig uvanlig katt, ja. Han er verkeleg det. Kvifor? Fordi at han er litt sånn… ein spesiell katt.

James Bowen har vore gatemusikant i London og heroinavhengig. Han har ikkje hatt det lett i livet før han treff pusegutt Bob i oppgangen i blokka der James bur. Det forandrar alt i livet til begge to. James bestemmer seg for å ta vare på den forlatte kattungen, og ei felles historie for dei begge begynner.

Dei gjer alt i lag og passar veldig godt på kvarandre. For eksempel, kvar dag reiser dei til sentrum for å spele på gata. Og der det tidlegare var vanskeleg å tjene noko, er det no stadig nye folk som beundrar begge vennane og pengar strøymer inn. Bob varmar mange hjarter, og fort blir dei populære ikkje berre i det nærmaste området dei brukar til å spele, men etter kvart i heile verda faktisk!

Ei morosam, rørande og imponerande historie om vennskap. Boka er omsett til over 30 språk, og begge kameratane har blitt verkelege kjendisar!

Boka passar for ungdommar i ungdomsskulealder.

Del på facebook
May Grethe Lerum:

Himmelslør

Solstorm

Dette er ikkje ei science fiction bok. Her er det ei bok som er utruleg aktuell. Tenk deg kva som skjedde dersom mobiltelefonar, kringkasting og alle former for GPS-navigering stoppa (i det heile tatt)… Tenk om alle dei folka som er på sjukehus, sjukeheim, skular og barnehagar må stenge sine dører… Tenk om du hadde nokon som budde i ein annan del av Norge (eller kanskje annan stat), og du får ikkje kontakt med å sende sms eller ringje for å vite korleis det går. Tenk om du ikkje kan bruke Facebook! Gløym å kjøpe mat i butikk, fordi alt er stengt  (utan straum fungerer ingenting). Dei som har sete i fengsel, får sleppe fri... Ingenting fungerer som før.

Det som gjer boka spennande, er at forfattaren har brukt realistiske fakta om at ein soleksplosjon kan slå ut all elektrisitet i Europa. Etter å ha lest dette (side 40) gjekk eg rett og slett inn på Google og sjekka… og eg fann den same informasjon! Skrekkeleg, men sant!

Forfattaren May Grethe Lerum sett lesaren i tankegangen som vi alle saman kunne (og måtte) tenkje. Kor avhengige er vi eigentleg av nye teknologiar og korleis kan framtida vår bli og kva kan vi forvente av dette?

Dette er første boka i Solstorm-trilogien. Bøkene passar både for jenter og gutar i alder frå ca 13 år og oppover. Vaksne kan godt også lese serien!

Del på facebook

Opningstider

Måndag 12 - 19
Tysdag 12 - 19
Onsdag STENGT
Torsdag 12 - 19
Fredag 12 - 16
Laurdag 11 - 14

 

Kontakt

E-post:  post@folkebiblioteket.no

Telefon: 7004 5520

Vi blir inspirert av