Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Boktips ungdom

Angie Thomas:

På vei mot toppen

På vei mot toppen av Angie Thomas

16 år gamle Bri drøymer om å bli rappar, men kor langt er ho villig til å går for å oppnå draumen?

Ho bur saman med mora og storebroren Trey. No har mora har mista jobben, og broren jobbar på ein pizzarestaurant. Han har utdanning i psykologi, men måtte flytte heim igjen då han ikkje fikk jobb etter studiane. Faren blei skoten av ein rivaliserande gjeng då ho var liten. Før han døydde var han på veg mot å slå i gjennom som rappar, og er ei legende i undergrunnsmiljøet.

Med hjelp frå tanta får Bri vere med på ein rapbattle som førar til at ho etter kvart får mykje merksemd, men det er ikkje alltid berre positivt å bli lagt merke til. Skal ho spele på stereotypiane om sint, svart ungdom for å få enda meir merksemd? Viss ho lykkast kan ho hjelpe familien ut av fattigdommen, og gi både dei og seg sjølv eit betre liv.

På vei mot toppen er i bok om å vere fattig og svart i USA, men også om å vere ung og finne ut kven ein er og kven ein vil vere. Familieproblem, venskap, kjærleik og kor mykje er det verdt å ofre for å oppnå draumane sine? Angie Thomas beskriv eit truverdig miljø med interessante karakterar. Historia er lagt til det same oppdikta nabolaget som Thomas’ debutroman The hate U give. På vei mot toppen er ikkje ein oppfylgjar, og kan lesast utan å kjenne til The hate U give, men hendingar frå den blir nemnt.

Del på facebook
Kristine Tofte:

Udyr

Cover udyr

For tusen år sidan var det andre gudar som herja i Noreg, så kom Kvitekrist, og Odin, Tor, Frøy og Loke forsvann. Men kva om dei ikkje blei borte? Kva om dei rett og slett berre tok seg ein ferie?

Amund får det ikkje særleg bra til på skulen, alt er så grenselaust kjedeleg, å sitte stille passar rett og slett ikkje for han. Som eit eksperiment foreslår læraren at han kanskje kunne prøve ein praksisplass ein dag i veka? På garden til Agnar Bru? Amund trur ikkje sine eigne øyre... skal han være gardbrukar? Han som ikkje eingong klarer å passe på ein hamster eller en fisk? Latterleg, og kjedeleg! Han vil jo bare ut og bade og henge med venene sine!

Neste morgon kjem han fram til Bru gard, og etter ein kjapp omvising på det falleferdige bruket fortel bonden at han skal vekk, og ønskjer Amund lykke til som avløysar, er han gal? Amund skal berre huske å mate dyra med raude eple, ikkje dei gule, dei er for spesielle anledningar...

Sovande i graset blir Amund vekt av at Ida, den finaste jenta i klassa, står ved sida hans. Ho har høyrt at han skulle være her, og vil hjelpe til. Og hjelp kan han saktens trenge, når Ida ved ein feil gir det gamle øket Sleipner eit gult eple, og den gamle hesten plutseleg blir ung, vital, enorm og åttebeint!

Herleg, humoristisk fantasy tufta på norrøn mytologi. Forfattaren har tidlegare skrevet fantasy for vaksne, men denne boka er nok tiltenkt eit noko yngre publikum, likevel er dette ein sann lesefest også for oss som er ferdige med den første ungdommen!

Del på facebook
Elin Viktoria Unstad:

Brådypt

Cover Brådyåt

Vilja vaknar ein morgon av at det er nokon inne på rommet hennar. Ho rekk ikkje å oppfatte kven eller kva, før han har pressa ei hand over munnen hennar og ho plutseleg kjenner eit stikk i skuldra, så blir alt svart. Når ho kjem til seg sjølv att, er ho på ei øy, ein framand stad, med ein framand mann. Kidnappa!

Etter ei stund blir ho igjen dopa ned, og vaknar ved eit lite vatn ikkje langt frå heimen, ho spring heim for å roe ned familien som sikkert er frå seg av angst, men då ho kjem heim er det ingen der. Ein kjapp telefon avslører at dei ikkje er ute og leitar heller, dei har rett og slett ikkje merka at ho har vore vekk i det heile.

Ein psykologisk thrillar om ei 16 år gamal jente som er traumatisert etter ei nestendrukningsulykke og slit med depresjonar og hallusinasjonar. Etter den dramatiske kidnappinga trur alle at ho er i gang med fantasiane sine igjen og tek ho ikkje alvorleg, men så forsvinn storesystera...

Del på facebook
Bok-cover: Skilpadder hele veien ned

Aza Holmes lid av OCD, Obsessive-Compulsive Disorder, og kjent som tvangslidingar. Ho har rett og slett sjukeleg angst for bakteriar, og driv med sjølvskading i liten skala, i tillegg til at ho er 16 år, med alt det drar med seg av problemar. Ho har ei bestevenninne, ei mor som bryr seg, ein terapeut som gjer sitt beste og ein gamal bil ho har arva etter far sin som døydde då ho var 8 år, han heiter Harold, bilen altså.

Dette er ei kjærleiksbok og ei forteljing om vennskap, om angst, og om det å være 16. Når alt det viktige er livsviktig og alle som ikkje forstår er mindre intelligente, spesielt dei vaksne. Det er ei veldig fin bok, skreve for ungdom, men absolutt lesverdig for vaksne og. Ei historie som blir hos deg lenge etter at du er ferdig med siste kapittel.

Forfattaren har skreve fleire ungdomsbøker før og har solgt enormt bra. Han har lagt mykje av seg sjølv i boka og fortel om OCD frå eit sjølvopplevd perspektiv. Når han beskriv korleis tankane spinn rundt i negative spiralar når angsten kjem, er det så ein kan kjenne han komme krypande. Språket er levande, karakterane gjenkjennelege og ekte og boka går rett til hjarterota.

Del på facebook
Jacob Grey:

Kråkene

Bok-cover: Kråkene

Kra bur i eit reir, i eit tre, i ein park, i byen Blackstone. Han bur saman med tre kråker, men sjølv er han ein gut på om lag 12 år. Han har budd i treet nesten så lenge han kan hugse men synest ikkje det er spesielt rart, det er berre slik det er. Han kan prate med kråkene og, og slik har det alltid og vore.
 
Ein dag Kra og kråkevenene hans driv rundt i byen på jakt etter mat møter dei på ein eldre gut, som kan prate med duer. Det er merkeleg, for duer kan da ikkje snakke? Det viser seg snart at det er meir merkeleg i Blackstone enn Kra nokonsinne har hatt mistanke om, det er fleire som kan snakke med dyr, mange fleire, dei kallas dyremanarar og det er slett ikkje alle som har gode hensikter.
 
Kra lærer at det for åtte år siden var ei bølge av kriminalitet og råskap i Blackstone, ei maktkamp mellom dyremanarar, den mørke sommaren. Den sommaren drap Spinnemannen foreldra til Kra før han sjølv blei overvunnen. Nå tydar ting på at han er tilbake for å fullføre sine vonde gjerningar.
 
"Kråkene" er fyste boka i ein trilogi om dyremanaren Kra. Den er godt skreven og intens spanande. Fantasy for ungdom frå ca 10 år og oppover.
 
 

Del på facebook
Anders Totland:

Nedteljing

Bok-cover: Nedteljing

Sterk og lettlesen bok for ungdom om nokre av farane ved å chatte med framande på nettet. Viggo er 15 år og jomfru, den einaste i gjengen som ikkje har "gjort det", trur han då. Han er håplaust forelska i ei jente i klassa, men ho ser ikkje hans veg. Alt verkar håplaust, heilt til han oppdagar ein app som let han prata med framande folk frå heile verda. Han kjem i kontakt med nokre søte jenter som er villige til å visa fram ting, og det er kjempespanande, heilt til det plutseleg går verkeleg gale... For kva skal ein gjere når nokon har gjort eit kompromitterande videoopptak av deg, fått tilgang til kontaktlista di og truar med å sende det til mor di, venene dine og jenta du likar betre enn alle andre?

Boka er ifølge forfattarens etterord basert på ei sann historie, som ikkje gjekk bra. Ta denne boka som ei åtvaring, ho kan sikkert fungere fint som eit utgangspunkt for samtalar om nettvett og utpressing mot ungdomsskuleelevar. I dagens verkeleghet er det naudsynt at vi vaksne er oppmerksame og vakne, alle unge er på verdsveven, og det må dei vere, men dei må og vite kva dei må passa seg for. Anders Totland har tidlegare skrive fleire aktuelle bøker for unge som tek opp alvorlege og vanskelege problemstillingar for dei unge, mellom anna om alvorleg sjukdom og død.

Godt språk, lett å lese og mykje å tenkje på.

Del på facebook
Olla Rypdal:

Amulettmysteriet

Amulettmysteriet

Det er svært gledeleg å kunne presentere ei drivande god barne-/ungdomsbok skriven av ein lokal forfattar. Amulettmysteriet inneheld både ei god krimhistorie, godt språk (nynorsk) og lærdom. 

Vi møter Anna, som er på båtferie på ei øy på Nordvestlandet saman med foreldra sine. Ho kjedar seg, for det skjer jo ingenting! Her er berre ein merkeleg amerikanar, ein franskmann og eit mystisk, mørkkledd par. Anna har ingen andre enn hunden Kaspar å vere saman med. Heldigvis blir ho kjend med Esther, ei eldre dame som bur i eit hus ved fyret. Ho har mykje spennande å fortelje og viser Anna ein amulett, som har ei spesiell historie. Siri og Eirik, som Anna vart kjend med på ein tidlegare båttur, kjem også til øya, til Annas store glede. Saman utforskar dei mellom anna fyret, og der skjer det ting som dei ikkje finn ei naturleg forklaring på. Parallelt med det som etterkvart skjer på øya i Noreg, møter vi ein ung gut i Kongo, som er på leiting etter ein forsvunnen onkel. Det skal vise seg at desse to historiene har ein nær samanheng med kvarandre, der Esthers amulett spelar ei viktig rolle. Olla Rypdal er opphavleg frå Vestnes, men no busett i Brattvåg. Dette er hennar første bok, utgitt på eige forlag. Framsideillustrasjonen er ved Tarjei Rypdal Eide. Vi håpar på meir, spennande litteratur frå denne fronten. 

Del på facebook
Helene Guåker:

Sveiseblink

Sveiseblink

 

«Hva er det som er så spesielt med hu der da?» spør en kompis. «Jeg vette faen!» sier Kristoffer, men han vet det så godt. «For det første er hu spesiell. For det andre er hu jævlig spesiell.»

Sveiseblink handler mye om råning, mekking og gutteprat, men også om så veldig mye mer. Som at det skjer svært alvorlige ting i kameratgjengen. Som at Kristoffers bestefar Birger, som har vært selve fundamentetet for Kristoffer, forsvinner inn i glemselen på en aldersinstitusjon. Som at Jenny kommer susende inn i livet til Kristoffer. Ei jente som til og med får Kristoffer til å gå på biblioteket. Da må han være desperat! Desperat forelska! Tilfeldig at hun heter Jenny...?

Det var etter et besøk hos elevene på teknikk- og industriell produksjon på Lena videregående skole at forfatteren bestemte seg for å skrive ei bok fra rånemiljøet.

Sveiseblink er nominert til Bragepris og det mener jeg er veldig fortjent. Det var en glede å lese boka, og jeg tror det er mange som vil kjenne seg igjen i miljøet hun beskriver. Tommel opp fra meg.

Del på facebook
Sara Lövestam:

Som ild

Som ild

Jentene blir oppmerksomme på hverandre allerede på båten ut til skjærgårdsøya. Anna, den nevenyttige, oppfinnsomme, aktive jenta som bor sammen med den loslitte pappaen sin. Og Lollo, rikmannsjenta med det vakre og skinnende håret og de dyre klærne.

Som Ild er en vakker historie om den aller første, forsiktige, deilige, farlige og stormende kjærligheten.

Noen kompliserende faktorer er det: Det store klasseskillet mellom jentene. Anna skammer seg over den strøm- og vannløse hytta med utedo, og vil ikke at Lollo skal finne ut hvor hun bor. Lollo har aldri reflektert over at hun i det hele tatt kan bli forelska i en jente, og har problemer med å anerkjenne følelsene sine. Lollo beundrer Anna for alt hun vet og kan, om stedet, om hva man kan spise i skogen, dyrelivet i skjærgården og å håndtere båter. Anna føler seg underlegen fordi Lollo har rike foreldre og venner, dyre og vakre klær, og en vellykket familie.

Dette er en følelsesmessig sterk og velskrevet kjærlighetshistorie. Beskrivelsen av de unge jentenes følelser for hverandre, misforståelser som oppstår, humoren mellom dem, alt er gjort på en troverdig og innsiktsfull måte.

Sara Lövestam er forfatter, blogger og lærer. Dette er hennes første ungdomsroman.

Del på facebook
Sophie Kinsella:

Audrey ut av mørket

Audrey ut av mørket

Fjortenårige Audrey Turner er livredd menneske og pratar ikkje med andre enn familien og Dr. Sarah. Ho går ikkje ut av huset, og unngår andre sine blikk ved hjelp av mørke solbriller. Ho bur saman med si bekymra mor, sin avslappa far, veslebroren på fire, og den jamgamle storebroren som er heilt hekta på dataspel. Han drøymer om å vinne førstepremien i eit meisterskap, men draumen blir knust av mor – som knuser datamaskina.

Broren har ein kompis som heiter Linus, og han viser interesse for Audrey. Han vil vere mild og trygg, men samstundes hjelpe ho. Om kroppskontakt er vanskeleg, kanskje dei kan prøve skokontakt?

«Audrey ut av mørket» er Sophie Kinsella – som er verdskjend for Shopoholiker-serien – si fyrste ungdomsbok. Ho skriv realistiske og hysterisk morosame dialogar, spesielt mellom mor og son, og karakterane både held kvarandre i balanse og flippar kvarandre ut. Boka er med på å skape forståing kring psykisk helse og illustrerer godt kva konsekvensar eit traume som mobbing kan få.

Boka anbefalast varmt til all ungdom, men vaksne vil nok òg (heilt sikkert!) ha glede av å lese ho.

Del på facebook
     
OPNINGSTIDER:    
Måndag: 12-19  
Tysdag: 12-19  
Onsdag: STENGT  
Torsdag:   12-19  
Fredag: 12-16  
Laurdag: 11-14  

E-post: post@folkebiblioteket.no
Telefon: 7004 5520

 

Postadresse:
Postboks 64, 6151 Ørsta

Besøksadresse:
Holmegata 7, 6153 Ørsta

Vi blir inspirert av