Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem
Ingelin Røssland:

OMG

OMG

At dette er ei ungdomsbok, går nok tydeleg fram av tittelen. Eg frykta først at Røssland hadde gjort eit litt flaut forsøk på å vere kul her. Men jammen er boka både tøff og sår nok. 

Vi blir med hovudpersonen Maria på ein fest, der ting utartar seg, og ho blir kjørt heim i politibil. For mora var dette dropen som fekk begeret til å renne over, og ho ser ingen annan utveg enn å sende Maria til mormora ein periode. Utan mobiltelefon. Heime er Dominic, som ho er forelska i. Ho er både fascinert og litt skremt av råskapen hans. Alle vil ha han, og no er det Maria han vil ha! Då passar det veldig dårleg å bli sendt vekk. Kanskje ho kan prøve å få han til å berge henne? Men på øya hos mormor er Johannes. Rake motsetninga til Dominic. På ein merkeleg måte er det han som får Maria til å føle seg som seg sjølv igjen. Det er duka for kjærleiksdrama, med knyttnever og blod. Boka er lettlest (ho er utgitt i samarbeid med Leser søker bok), og forlaget anbefaler den for aldersgruppa frå 12 år og oppover. Eg anbefaler den varmt for ungdom frå 14 årsalderen av. Forsoning og identitet i ei kaotisk ungdomstid er viktige tema. 

Del på facebook
               
STENGT INNTIL VIDARE              
grunna koronasituasjonen.              
               
Men ta gjerne kontakt med oss              
dersom du har noko du lurer på.              

E-post: post@folkebiblioteket.no
Telefon: 7004 5520

 

Postadresse:
Postboks 64, 6151 Ørsta

Besøksadresse:
Holmegata 7, 6153 Ørsta

Vi blir inspirert av