Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Filmtips > The city of lost children

Jean-Pierre Jeunet og Marco Caro:

The city of lost children

Cover The city of lost children

Vakker, mørk og mystisk fransk film frå regissørparet Jean-Pierre Jeunet og Marco Caro.

I denne filmen frå 1995 blir vi ført inn i ei sær verd der normalt liv ikkje finst lenger. Det vonde geniet Krank bur på ei plattform i havet utanfor ein by saman med sine hjelparar; seks identiske klonar, den vesle, sjefete Miss Bismuth og den snakkande hjerna Irvin. Krank manglar evna til å drøyme, og bestemmer seg for å kidnappe born slik at han kan stele draumane deira. Til å gjere jobben for seg hyrer Krank inn kyklopar som i bytte for born får Krank sine spesialkonstruerte auge. Det er berre eitt problem – i dette særs skremmande miljøet vert alle draumar til mareritt.
Universet som blir skapt gir assosiasjonar både til Charles Dickens’ romanar, brødrene Grimms eventyr og Jules Vernes framtidsforteljingar. Det ligg mykje omtanke og magi i dei totalt urealistiske, men heilt fabelaktige handlingstrådane og små tilfeldigheitene som knyttar historia saman. Kven bryr seg vel om at det aldri hadde gått an i røynda? Dette er film!
The City of lost children er ein vakkert fotografert film med imponerande scenografi. Kvar detalj er utsøkt, frå teddybjørnen i opningssekvensen til dei høgteknologiske, men samtidig rustikke apparata som vert brukt i draumelaboratoriet. Dei fantastiske kostymene er designa av moteskaparen Jean-Paul Gaultier, og musikken komponert av Angelo Badalmenti som er mest kjent for å ha laga musikken til TV-serien Twin Peaks.
Filmen er ein estetisk nytelse på fleire plan som eg vil anbefale på det varmaste.

Del på facebook
     
OPNINGSTIDER:    
Måndag: 12-19  
Tysdag: 12-19  
Onsdag: STENGT  
Torsdag:   12-19  
Fredag: 12-16  
Laurdag: 11-14  

E-post: post@folkebiblioteket.no
Telefon: 7004 5520

 

Postadresse:
Postboks 64, 6151 Ørsta

Besøksadresse:
Holmegata 7, 6153 Ørsta

Vi blir inspirert av