Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Filmtips > Utøya 22. juli

Erik Poppe:

Utøya 22. juli

Utøya filmcover

 

«72 minutter som endret oss for alltid», står det på omslaget. Og om «oss» i denne samanhengen er tenkt å vere «oss alle», kan vi ikkje leve oss inn i korleis ungdomane som opplevde dei 72 minutta på Utøya hadde det. Erik Poppe gjer eit forsøk på å skildre dette. Og han gjer det godt.

Denne, og liknande filmar frå «22. juli», gjer vondt å sjå. Nokre meiner ein ikkje skal gjera film av slikt, andre meiner det er for tidleg. Desse vil neppe sjå Erik Poppe sin film heller. Men til alle som ikkje har slike innvendingar: sjå «Utøya 22. juli» og bli klokare på korleis det var denne dagen. Merk uroa. Merk forvirringa. Merk fortvilinga. Merk panikken. På ei lita øy. Utan å skjønne kva som ramma dei. Og utan å vite kva som hendte elles i landet, utover at dei visste at ei bombe hadde gått av i regjeringskvartalet.

Det er berre oppdikta personar i filmen, og gjerningsmannen er knapt å sjå i løpet av dei 72 minutta kameraet følgjer hovudpersonen. Utan stopp. Gjennom minutt for minutt. Sekund for sekund.

Kameraet lever med og spring saman med ungdomane, så slik sett kan ein ha inntrykk av å vere med ein krigsfotograf i felten. Erik Poppe har sjølv vore det; ei erfaring han tok med seg da han laga «En tusen ganger god natt» (med Julliette Binoche i hovudrolla). Før den tid hadde han laga tre filmar med handling frå Oslo; «Schpaaa», «Hawaii Oslo» og «de usynlige». Alle fekk jamt over svært gode kritikkar. Det gjorde også dei to andre filmane han har gjort, begge i 2016: «Kongens Nei» og «Siste resept» (dokumentarfilm om Per Fugelli).

Del på facebook

Opningstider

Måndag 12 - 19
Tysdag 12 - 19
Onsdag STENGT
Torsdag 12 - 19
Fredag 12 - 16
Laurdag 11 - 14

 

Kontakt

E-post:  post@folkebiblioteket.no

Telefon: 7004 5520

Vi blir inspirert av