Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

Søk

Biblioteket sin katalog inneheld alt materiale i biblioteket, både bøker, lydbøker, filmar, tidsskrift, musikk mm.  Det er mange søkjemoglegheiter, til dømes tittel, forfattar eller emne. Finn du noko du har lyst å låne kan du leggje inn bestilling, så vil du få beskjed når materialet er klart for henting på biblioteket.

Det er best å søkje på datamaskin, på mobiltelefon er det diverre tungvint.

Det enklaste er å søkje på ein tittel du kjenner til frå før. Men du kan også spisse søket til f.eks. å berre vise treff på bøker for vaksne. 

På heimesida vår vil du sjå eit søkjefelt oppe til høgre. Om du klikkar på forstørrelsesglaset der, kjem du så vidare inn i bibliotekkatalogen der heile samlinga er tilgjengeleg for søk.

Oppe til høgre ser du no ein liten meny der du kan presisere søket ditt med ved hjelp av fleire val:

  1. kataloger
  2. materialtyper
  3. målgrupper

Vi deler katalog med biblioteket i Volda, så om du vil velje Ørsta folkebibliotek gjer du dette under "alle kataloger".

Under "materialtyper" får du mange val som i utgangspunktet alle er aktiverte. Men om du klikkar på det øvste feltet ved "alle materialtyper" kan du velje ut t.d. kun bøker.

No kan du velje målgruppe, f.eks. "for voksne".

Etter dette klikkar du på "søk". OBS! Berre pass på at det ikkje står skrive noko i søkjefeltet. Der brukar det diverre å vere eit komma som MÅ takast vekk for å kunne søkje.
(Vi har snakka med leverandøren av heimesida om dette, men dei har ikkje greidd å ta dette kommaet vekk).

Over søkjefeltet står det både "enkelt søk" og "avansert søk". Om du vil søkje etter utgivelsesår, er det lurt å bruke avansert søk.

Ved enkelt søk bør du velje anten tittel, forfattarnamn eller emne.

Når du har funne ein tittel du er interessert i, klikk på den. Då får du opp meir informasjon om denne tittelen og får også sjå om materialet er tilgjengeleg.

Om du vil reservere, klikkar du på "reserver" oppe til høgre. OBS! Du må vere pålogga for å kunne reservere. 

Vi går gjennom reservasjonslista fleire gonger kvar arbeidsdag. Og om du har reservert noko, så ser vi det og tek kontakt med deg for å avtale henting på biblioteket.

Ta kontakt med oss via epost: post@folkebiblioteket.no eller på Facebook om noko er uklart eller om du står fast.

     
OPNINGSTIDER:    
Måndag: 12-19  
Tysdag: 12-16  
Onsdag: STENGT  
Torsdag:   12-19  
Fredag: 12-16  
Laurdag: 11-14  

E-post: post@folkebiblioteket.no
Telefon: 7004 5520

 

Postadresse:
Postboks 64, 6151 Ørsta

Besøksadresse:
Holmegata 7, 6153 Ørsta