> Ørsta folkebibliotek > Kven er du? > Barn
Barn
Vi har eiga avdeling for barn og ungdom.
Her kan du kome og finne spennande lesestoff, lydbøker og filmar som du kan låne med deg heim.

Men du kan også sette deg ved eit bord og teikne, sette saman puslespel eller velje eit av våre brettspel og spele saman med vennane dine.
Her er det også fint å sitje og gjere lekser.
Tilbod til barn
I tillegg til dei utallige små og store historiene og forteljingane som finst i vanlige bøker, tilbyr vi :
Til dei aller minste (1-2 år):
- peikebøker, rim og reglar
- songbøker, musikk på CD
Til småbarn (3-4 år):
- peikebøker, biletbøker, rim og reglar
- songbøker, musikk på CD, lydbøker
- spel (PC, Nintendo DS), filmar på DVD
Til førskulebarn (5-6 år):
- biletbøker, rim og reglar, dikt, lesestartbøker
- songbøker, musikk på CD, lydbøker
- spel (PC, Nintendo DS), filmar på DVD
Til småskulebarn (6-8 år):
- lettlesbøker: både forteljingar og fakta
- faktabøker med mykje bilde
- biletbøker, teikneseriar, dikt
- songbøker, musikk på CD, lydbøker
- spel (PC, Nintendo DS), filmar på DVD
Til skulebarn på mellomtrinnet (9-12 år):
- lettlesbøker: både forteljingar og fakta
- faktabøker (om populære emne som fotball og fotballspelarar, musikkstjerner, menneskekroppen, dyr, pluss mange andre emne)
- teikneseriar, dikt
- bøker på engelsk
- lydbøker
- filmar på DVD
Om det er ei bok vi ikkje har som du vil ha, bestiller vi gjerne til deg frå eit anna bibliotek. Dei eldste barna kan og finne passande lesestoff blant ungdomsbøker.
Leiter du etter fristande barnebøker?
Her er lenker til nokre nettsider med mykje kjekt for barn::
- http://tv.nrksuper.no/. Kanal for barn. Her kan du sjå aktuelle program i nett-TV, spele spel, lese om og delta i forskjellige aktivitetar.
- http://tunkatten.no/. Her finn du gode tips om bøker, fortelljinger og songer. Du kan leike med ord, puslespel, kryssord og mykje anna.