Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Ørsta folkebibliotek > Kven er du? > Lokalhistorisk interessert

Lokalhistorisk interessert

lokalhistorie

Interessa for lokalhistorie og slektsgransking er aukande.

I lokalsamlinga i biblioteket  kan  du finne samla det meste av bøker, hefter og anna materiale som er gitt ut om Ørsta. Det kan t.d. vere generell historie om kommunen og lokale høve, om bedrifter, lag og foreiningar, og om personar frå Ørsta, slektshistorie og gardshistorie. Vi har også lokalavisa tilbake til 1902 (på mikrofilm). Ørsta folkebibliotek legg vekt på å samle og ta vare på lokalhistorisk litteratur, alt som er skrive av og om ørstingar. Vi har også bygdebøker og årsskrift frå nærliggande kommuner. Andre bygdebøker låner vi inn frå andre bibliotek.

Det finst fleire årbøker for sogelag som inneheld artiklar om Ørsta. Du kan søke på stadnamn, personar, gardar, bedrifter, lag og foreiningar, emne m.m. i MøreRom og finne kvar artiklane står.

BØKER:

Skjønnlitteratur:
Vi har som mål å ha alle romanar, noveller og dikt skrive av ørstingar.

Faglitteratur:
Vi prøver også å samle alt som er skrive om Ørsta og ørstingar.
Vi har biografiar, jubileumsskrift om ulike lag og organisasjonar, skular, bedrifter m.m. Vi har også bygdebøker og årsskrift frå sogelaga i Ørsta kommune.
Bygdebøker og årsskrift har vi også frå ein del andre kommuner på Søre Sunnmøre og Nordfjord

AVISUTKLIPP:
Vi klipper Møre-Nytt og samlar utklippa i kassettar merka med  emne.

AVISER:
Vi har Ørsta Avis og Møre-Nytt i papirutgåve (alle årg. minus krigsåra og 1973(tapt)).
På mikrofilm har vi:
Søndmøre Avis 1902 -1921 (NB:1903-1908 finst ikkje)
Sunnmøre 1921 - 1926
Ørsta Avis 1926 -1941
Møre-Nytt 1935 -

KYRKJEBØKER:
Desse har vi på mikrofilm.

 

Ørsta sogelag kjøpte i 2008 inn ny mikrofilmlesar som er plassert i lokalsamlinga. Denne kan nyttast etter avtale.

 

Lenker: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_reset=ja (Skanna kyrkjebøker)

     
NYE OPNINGSTIDER    
(fom 18. mai tom 20. juni)    
     
Måndag: 12-19    
Tysdag:  12-16    
Torsdag: 12-19    
     

E-post: post@folkebiblioteket.no
Telefon: 7004 5520

 

Postadresse:
Postboks 64, 6151 Ørsta

Besøksadresse:
Holmegata 7, 6153 Ørsta