Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

Ny i Noreg

Biblioteket har fleire nyttige tilbod for innvandrarar og framandspråklege.

 

Det er gratis å bruke biblioteket i Noreg. Her kan du få lånekort og låne bøker, filmar, språkkurs, musikk på cd og dataspel.
Her finn du meir informasjon for nye bibliotekbrukarar.

 

Låne bøker på ditt eget språk

  • Ørsta folkebibliotek har bøker på andre språk enn norsk. Vi har flest bøker på engelsk.
  • Vi kan og bestille bøker frå andre norske bibliotek.
  • Det flerspråklige bibliotek i Oslo har størst tilbod, og vanlegvis bestiller vi bøker frå dei. Her kan du sjølv søke i katalogen til Det flerspråklige bibliotek. Be om hjelp dersom du vil ha meir informasjon eller ønskjer å bestille bøker.

 

Låne språkkurs og lærebøker i norsk

  • Biblioteket eit språkkurs for deg som vil lære norsk.
  • Du kan og få tilgang til norskkurset Min vei her på biblioteket

 

Finne lettleste bøker på norsk

  • Biblioteket har ei eiga hylle med lettleste bøker for vaksne. Desse bøkene passar godt for dei som held på å lære seg norsk.
  • Bøkene har et enkelt språk, utan for mange vanskelige ord, og med korte setningar og avsnitt.

 

Lese aviser og tidsskrifter

  • Biblioteket abonnerer lokale aviser. Det er nyttig å lese norske aviser for å bli bedte kjent med det norske samfunnet/lokalsamfunnet.
  • Klar tale er ei lettlest norsk avis som du kan lese på internett.
  • Biblioteket har og blad/magasiner om ulike tema som du kan låne.

 

Møte andre menneske

Biblioteket er ein hyggelig stad å vere! Det er gratis å kome på biblioteket, du kan setje deg ned og lese eller kanskje treffe andre som du kan prate med.

 

Låne datamaskin/internett

  • Biblioteket har to datamaskiner som du kan låne gratis.
  • Du kan også ta utskrifter på papir.
  • Biblioteket har gratis trådlaust nettverk dersom du har med eigen datamaskin eller nettbrett (iPad eller liknande).

 

Tilbod til barn og ungdom

  • På biblioteket si barneavdeling finn du mange slags bøker for barn og unge frå 0 -14 år, biletbøker, eventyrbøker, forteljingar og faktabøker.
  • Vi har mange lydbøker (bøker lese inn på cd som du kan høyre på). Mange likar å bruke lydbok og bok samstundes for å trene på norsk.
  • Vi har og dvd-filmar, musikk på cd og dataspel for barn.
  • Biblioteket har også ei eiga ungdomsavdeling med bøker og lydbøker som passar for ungdom frå 13 år og oppover.
           
               
STENGT INNTIL VIDARE              
grunna koronasituasjonen.              
               
Men ta gjerne kontakt med oss              
dersom du har noko du lurer på.              

E-post: post@folkebiblioteket.no
Telefon: 7004 5520

 

Postadresse:
Postboks 64, 6151 Ørsta

Besøksadresse:
Holmegata 7, 6153 Ørsta