Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

Skular

 

BESØK
Vi set stor pris på at skulane kjem og låner bøker, lydbøker og film. Vi tek imot klasser også før opningstid. Om de vil kome utanom opningstida, ta kontakt på førehand.

Bokkasse

 

BOKKASSER
Vi lagar i stand bokkasser til dei lærarane som ber om det. Då vil vi gjerne ha beskjed 2-3 dagar på førehand. I tillegg vil vi gjerne vite:

  • Kor mange elevar det er i klassa
  • Kor mange bøker de ønskjer pr. elev
  • Om det er spesielle omsyn vi bør ta i bokutvalet (t.d. om det er mange som treng lettlesbøker)   
  • Om de vil ha  skjønnlitteratur / faktabøker, eller litt av kvart
  • Spesielle emne i skjønnlitteratur
  • Vi prøver alltid å få med ein del nynorske bøker, men om det er særs viktig at mange av bøkene er på nynorsk, er det  fint om de seier ifrå om det

Det er 8 vekers lånetid på bokkasser.

Klassesett 
Ørsta folkebibliotek har ikkje klassesett i si samling, men vi låner inn gratis til deg frå Fylkesbiblioteket i Ålesund. Sjå oversikt over klassesett.

UTDELING AV LÅNEKORT / KLASSEBESØK
Kvart år, helst om hausten, inviterer vi 2.klassingane til å kome på biblioteket. Då deler vi ut lånekort og har bokprat/høgtlesing. Målet er at alle elevane skal verte kjende med biblioteket og vite kva vi kan tilby dei.
For å få lånekort må lærarane få godkjenning av foreldre/føresette på førehand. Saman med invitasjon til 2.klassene legg vi ved eit skjema som føresett må fylle ut for at elevane skal få lånekort.

Vi legg opp besøka for 2.klassingane slik:

  • Presenterer oss og pratar litt med elevane
  • Vi informerer om kvar på barneavdelinga dei finn dei bøkene som passar best for deira alder .
  • Gir eit innblikk i kor mange ulike typer bøker som finst.
  • Vel ut nokre bøker vi kan prate spesielt om eller lese høgt frå.

ALLE KLASSETRINN er velkomne på biblioteket, men vi har ikkje spesielle opplegg for dei. Læraren kan gi beskjed om han/ho  ynskjer noko meir enn berre boklån. Får vi beskjed i god tid, kan vi lage til bokorientering for det aktuelle klassetrinnet og/eller orientere om korleis ein finn fram på biblioteket (Dewey).

 

FORFATTARAR SOM SKRIV NYNORSK

  • Rune Belsvik
  • Arnt Birkedal
  • Oskar Stein Bjørlykke
  • Helga Gunerius Eriksen
  • Frode Grytten
  • Atle Hansen
  • Ragnar Hovland
  • Eva Jensen
  • Per Olav Kaldestad
  • Roald Kaldestad
  • Rønnaug Kleiva
  • Arnfinn Kolerud
  • Hilde K. Kvalvaag
  • Alf Kvasbø
  • Ingvar Moe
  • Bente Bratlund Mæland
  • Erna Osland
  • Maria Parr
  • John Roald Pettersen
  • Ingelin Røssland
  • Tor Arve Røssland
  • Hans Sande
  • Signe Seim
  • Solfrid Sivertsen
  • Bjørn Sortland
  • Torvald Sund
  • Ragnfrid Trohaug
  • Marit Tusvik
  • Lars Amund Vaage
  • Berit Vatne Vik
  • Einar Økland

Gode lenkjer:

 

Nettressursar:

Nynorskbok.no er eit tilbod frå Nynorsksenteret. Her kan lærarar og andre finne tips til nye, gode nynorske bøker som høver for ulike aldersgrupper.

 

Nynorske teikneseriar er ei ressursside for skular som ynskjer å nytta teikneseriar i nynorskopplæringa.

 

Oversikt over klassesett som er til utlån frå Møre og Romsdal fylkesbibliotek

 

Idé, inspirasjon, informasjon - eksempler på bruk av skolebibliotek i undervisningen etter Kunnskapsløftet.

 

Informasjonskompetanse.no - eksempler på undervisningsopplegg som handler om bruk av trykte og nettbaserte informasjonskilder i skolen.

 

     
NYE OPNINGSTIDER    
(fom 22. juni tom 9. august)    
     
Måndag: 12-16    
Tysdag:  12-16    
Torsdag: 12-18    
     

E-post: post@folkebiblioteket.no
Telefon: 7004 5520

 

Postadresse:
Postboks 64, 6151 Ørsta

Besøksadresse:
Holmegata 7, 6153 Ørsta