> Ørsta folkebibliotek > Om biblioteket > Aktuelt
Aktuelt
Plaster på såret :-)
Det vart dessverre ikkje noko bokbad med forfattar Janne Kristin Lid her på biblioteket i denne omgong. Men som eit lite plaster på såret har vi fått laga oss ein liten film: https://youtu.be/2I99RuF8P-s
God fornøyelse !!
(filma og redigert av Jiří Nagy)
Bokpresentasjon av Janne Kristin Lid si bok "Kvardagsfortellingar""
Arrangementet er blitt utsett inntil vidare grunna nye smitteverntiltak pr. 5. november
Edvard Hoem på Veøya
No er vi komne til siste film i serien med digitale produksjonar med forfattarar frå Møre og Romsdal: https://youtu.be/_cCtW9vG6UY
I denne filmen er det Edvard Hoem som fortel og les frå boka si Jordmor på jorda. Boka har undertittelen Huset under Blåhammaren.
Forfattarar i samtale om bygda – oppgjer og tilhøyrsle
Det nyaste digitale arrangementet i rekka denne hausten ligg no ute på denne lenkja: https://youtu.be/4IZAI7upFPU
Filmbib.no
Alle med nasjonalt lånekort har gratis tilgang til straumetenesta Filmbib.no
Avistenesta
Kjenner du til Nasjonalbibliotekets avisteneste? På nb.no finn du ein skatt av digitale aviser du kan søke i. Og gjennom Avistenesta vil du få tilgang til enda fleire. Oppsøk det lokale biblioteket ditt for hjelp til pålogging. Du kan søke etter personar, hendingar og bilete. Søk etter avisas tittel eller ein bestemd dato. Søk i alle tekstar.
biblioteksøk.no
Alle biblioteka i landet i eitt søk!
Har du nasjonalt lånekort kan du på biblioteksøk.no enkelt tinge bøker frå heile landet.
Premievinnarane av Sommarles 2020
Her kjem lista over alle premievinnarane av Sommarles 2020:
Sommarles er over for i år
Men Sommarles kan ikkje avsluttast uten premieutdeling!:
Onsdag 9. september kjem vi til å trekkje 15 premiar blant alle deltakarane med hjelp frå datamaskina. Vi har også eigne premiar for dei fem borna som har lese mest i løpet av sommaren. (Les meir ...)