Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

Aktuelt

Opningstider sommaren 2018

Her er opningstidene våre for sommaren 2018

Sommarles 2018

No er det klart for Sommarles. Saman med barn frå over 370 kommunar, kan alle barn i 1.-7. klasse i Ørsta kommune frå 1. juni, vere med på Noregs kulaste lesekampanje! Målet med kampanjen er å motivere barna til å lese så mykje dei berre orkar i løpet av sommarferien. (LES VIDARE)

Festsprell: Snillionen

 

Arnfinn Kolerud les frå boka si Snillionen.

Høver best for born 8-12 år.

Kr 50

Opningstider 17. mai og pinse

Her er opningstidene våre for 17. mai og pinse

Brukarundersøking på Ørsta folkebibliotek

Vi ønsker å betre kvaliteten på tenestene våre. For å kunne gjere dette er det viktig for oss å høyre kva erfaringar du har med tenesta når du brukar biblioteket i dag.

Det er sjølvsagt frivillig å svare på undersøkinga, men vi håpar du vil ta deg tid til å kome med dine synspunkt ved å svare på spørjeskjemaet. Erfaringane dine kan gi oss innsikt i kva brukarane er fornøgde med, og kva vi bør gjere for å betre tenesta vår.

For å delta i brukarundersøkinga må du kome innom biblioteket i opningstida. Her kan du velje om du vil:
*fylle ut et skjema på papir på biblioteket og levere det inn på staden
*ta med deg skjemaet heim, fylle det ut der og levere inn på biblioteket etterpå
*få eit passord og fylle ut skjemaet elektronisk på internett på adressa: svar.bedrekommune.no.

Papirskjema er tilgjengelig på både nynorsk og engelsk.
På nettet kan du velje mellom nynorsk, bokmål og engelsk.

Nedste aldersgrense for deltaking er 14 år.
Vi oppmodar foreldre å gjere borna sine merksam på undersøkinga, då vi ønsker å få med synspunkt og meiningar frå alle aldersgrupper.

Brukarundersøkinga varer frå 16. april til 14. mai 2018.

Alle svara vert handsama anonymt.

Dersom du har spørsmål må du gjerne ringe til Ørsta folkebibliotek på 700 45 200, eller sende e-post til: post@folkebiblioteket.no

brukarundersøking

Opningstider påska 2018

Her er opningstidene våre for påska 2018

Samtalegrupper på biblioteket, plan for våren

Ørsta opplæringssenter og Ørsta folkebibliotek inviterer til samtalegrupper på biblioteket, der innvandrarar kan møte nordmenn til ein uformell prat.

Håper mange frivillige har høve til å kome denne gongen også!

Opningstider jula 2017

Her er opningstidene våre for jula 2017

Ferda-VINJE

Ørsta folkebibliotek og Magne Skjævesland inviterer til: Konsert-kåseri “Ferdaminne frå sumaren 1860”

Tysdag 28. november, kl. 14:30 på Ørsta folkebiblioteket

Passar for alle frå 12 til 112. Og spesielt litteratur-interesserte folk.

Her vert det stor variasjon i framføringa:
-Dans, hallingkast, allsong.
-Historier med spenst.
Alvor og skjemt, hand i hand.

Velkomne!

* Arrangementet har fått kulturtilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune

Skumringstime

Høgtlesingskveld på Ørsta bibliotek i dag 13.november klokka 19:00

Les meir ...

 

Opningstider

Måndag 12 - 19
Tysdag 12 - 19
Onsdag STENGT
Torsdag 12 - 19
Fredag 12 - 16
Laurdag 11 - 14

 

Kontakt

E-post:  post@folkebiblioteket.no

Telefon: 7004 5520