Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

Filmoteket

Filmoteket

Lån film digitalt med lånekortet ditt

 

 

Med tenesta Filmoteket er det veldig enkelt å låne og sjå film heime. Det du treng for å kome i gong er nasjonalt lånekort frå biblioteket i Ørsta. Du låner digital og kan sjå film når som helst og kvar som helst. 

 

 

På Filmoteket ligg det i overkant 1000 filmar, både for born, ungdom og vaksne innan mange sjangrar. 

For meir info om korleis du får låne film ta kontakt med oss på biblioteket, eller sjå her: https://filmoteket.no/

 

Kom i gong med Filmoteket:  

Du må ha eit nasjonalt lånekort med Ørsta folkebibliotek som heimebibliotek. 

Har du ikkje nasjonalt lånekort frå før, eller er usikker er det berre å kome innom biblioteket så ordnar vi det. 

 

Registrer ny brukar:

  • Gå inn her: https://filmoteket.no/info/2
  • Velg «Logg inn» i menylina
  • Klikk på «Registrer ny bruker». Her lagar du brukarnamn og passord, og legg inn lånekortnummer og PIN-kode. 
  • Du må velje heimebibliote, vel då Ørsta. 
  • Du får tilsendt ein e-post som må bekreftast. 

Utlånstid, antal filmar og bruk: 

  • Du kan låne fire filmar i månaden. Når du er innlogga ser du kor mange filmar du har lånt og har igjen i månaden. 
  • Lånte filmar er tilgjengelege i 48 timar, og kan spelast av så mange gongar du ynskjer i det tidsrommet. 
  • Filmen kan sjåast på datamaskin, Mac, nettbrett og smarttelefonar. 
  • Du kan kaste innhaldet/filmen via AirPlay og frå andre androideiningar til Chromecast. 

 

For meir utfyllande informasjon sjå «Spørsmål og svar» på Filmoteket si side: https://filmoteket.no/info/2  

Del på facebook
     
OPNINGSTIDER:    
Måndag: 12-19  
Tysdag: 12-16  
Onsdag: STENGT  
Torsdag:   12-19  
Fredag: 12-16  
Laurdag: 11-14  

E-post: post@folkebiblioteket.no
Telefon: 7004 5520

 

Postadresse:
Postboks 64, 6151 Ørsta

Besøksadresse:
Holmegata 7, 6153 Ørsta