Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

"Mitt Nabolag"

"Mitt Nabolag"

Fredag 5. oktober, klokka 18:00 får Ørsta folkebibliotek besøk av Christian Stejskal, ein norsk fiolinist, fotograf og historieforteljar med base i Kairo i Egypt.

(Varer i 90 minutter, inkl. pause)

GRATIS INNGANG

Førestillinga «Mitt Nabolag» er ei forteljing om hans pilegrimsferd (LES VIDARE) til fots frå hans fødeby Wien, via Jerusalem til den heilage byen Aksum i Nord-Etiopia. Undervegs på denne reisa møtte han «Zabaleenarane», kristne uoffisielle søppelarbeidarar i det såkalla «Garbage City» i Kairo.

Dei siste 5 åra har han no budd saman med «Zabaleenarane» og fotografert livet rundt seg, samstundes som han har skrive noveller frå søppelbyen, eit arbeid som har fått støtte frå «Fritt Ord» og «Stiftelsen Thomas Fearnley, Heddy og Nils Astrup». Parallelt med livet blant søppelarbeidarar har han livnært seg som fiolinist ved operaen i Kairo.
 
I si multimedieførestilling tek Christian Stejskal publikum med på ei fargerik og personleg reise frå Wien til Kairo. Han fortel sju forteljingar om sju menneskeskjebner frå søppelbyen, samstundes som han viser fotografi på ein skjerm, speler arabisk musikk og eigenkomponert musikk på fiolin.
 
«Mitt Nabolag» har i 2016-2018 vorte spelt rundt 100 gonger i ulike kulturhus, bibliotek, kyrkjer, museum og vidaregåande skular i Noreg til veldig gode kritikkar.
Hausten 2016 vart ein serie med konsertar også spelt i Skottland ved Fringe Festivalen i Edinburgh.

MittNabolag
Del på facebook

Opningstider

Måndag 12 - 19
Tysdag 12 - 19
Onsdag STENGT
Torsdag 12 - 19
Fredag 12 - 16
Laurdag 11 - 14

 

Kontakt

E-post:  post@folkebiblioteket.no

Telefon: 7004 5520