Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Ørsta folkebibliotek > Om biblioteket > Aktuelt > Poesiprosjektet “HÅP"

Poesiprosjektet “HÅP"

Poesiprosjektet “HÅP"

Ørsta opplæringssenter og Ørsta folkebibliotek inviterer til:
Filmpremiere til poesiprosjektet “Håp”.
Onsdag 19. des., kl. 12:30 på biblioteket.
Arrangementet er gratis og varer ca. 1 time.

(LES VIDARE)

Ørsta opplæringssenter har vore med på eit spanande prosjekt saman med Ørsta folkebibliotek og fleire profesjonelle aktørar.
 Fylkesbiblioteket i Møre og Romsdal gjennomførte i vår/sommer ein skriveverkstad for unge menneske med fleirkulturell bakgrunn i samarbeid med vaksenopplæringa i Ørsta. Poesiprosjektet har fått tittelen «HÅP».
 Prosjektet vart gjennomført ved at elevane deltok på skrivekurs/poesiverkstad på skulen under leiing av ein profesjonell forfattar. Deltakarane fekk sidan arbeide med tekstene i to veker i samarbeid med vaksenopplæringa, før dei vart framførte for kamera. Prosjektet vart samordna av ein profesjonell skodespelar og dramaturg, som også rettleidde deltakarane med tanke på framføring av dikta.
Skrivekurset munna ut i ein video der ungdomane presenterer kvarandre sine tekster, og der folkebiblioteket no inviterer til "filmpremiere" for lokalbefolkninga. Etter premieren vil videoen ein periode vere tilgjengeleg på skjerm i biblioteket saman med høyretelefonar, slik at fleire brukarar kan sjå den.
Liknande skriveprosjekter har tidligare vorte gjennomført både i Oslo og Ålesund. I denne runden var fire folkebibliotek og opplæringsenter involvert i Møre og Romsdal: Sunndal, Giske, Rauma og Ørsta.

HÅP_2018 (ny)
Del på facebook

Opningstider

Måndag 12 - 19
Tysdag 12 - 19
Onsdag STENGT
Torsdag 12 - 19
Fredag 12 - 16
Laurdag 11 - 14

 

Kontakt

E-post:  post@folkebiblioteket.no

Telefon: 7004 5520