Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Ørsta folkebibliotek > Om biblioteket > Aktuelt > Spørjeundersøking

Spørjeundersøking

Spørjeundersøking

Oppstart av spørjeundersøking til bibliotektenesta i Ørsta kommune:

Ørsta folkebibliotek set i gong ei spørjeundersøking, som varer frå 4. til 31. oktober. Vi ynskjer tilbakemelding på våre tenester frå ungdom og vaksne i alderen 14 år og oppover, som bur i Ørsta kommune.
I undersøkinga vi hadde i fjor, stilte vi spørsmål berre til våre brukarar. Denne gongen ynskjer vi å få innspel frå alle, også frå dei som ikkje aktivt har kontakt med biblioteket.

I dei komande vekene, medan undersøkinga pågår, kjem vi til å skrive meir i avisa om kva som skjer i bibliotekverda. Korleis kvardagen i folkebiblioteka har endra seg, kva vår nye nasjonale bibliotekstrategi seier om vegen vidare, og kva planar og draumar vi har, vi som jobbar på Ørsta folkebibliotek, om vidareutvikling av våre tenester.

Våre brukarar som har lånekort og som har registrert e-postadresse hos oss, kjem til å få ein e-post som inneheld tilgang til spørjeskjemaet. Vi kjem med ei oppmoding om at alle som svarar, skriv ein utfyllande kommentar i enden av skjemaet.
Om du som bibliotekbrukar får fleire e-postar med tilgang til spørjeskjema, betyr det at e-postadressa di er registrert som kontakt til fleire av dine familiemedlem. Kvar brukar skal få eigen tilgang til skjemaet.
Vi bed om at lånarar som ikkje brukar e-post kjem innom biblioteket i vår opningstid og får med seg eit skjema på papir. Det utfyllte skjemaet kan då leverast i ei boks på biblioteket.

Vi håper at du som til no ikkje har brukt biblioteket også skal gi oss tilbakemelding. Ta ein tur til oss og sjå kva vi har å tilby! Les i avisa om biblioteket dei komande vekene og send oss tankane dine i form av ein e-post (post@folkebiblioteket.no) eller melding på facebook/messenger. Vi plasserar også ei stor innleveringsboks i Alti kjøpesenter ved rulletrappa. Der kan ein finne ark med nokre rettleiande spørsmål. I tillegg kan ein skrive kommentarar i fri form.

Deltakinga i undersøkelsen er naturligvis frivillig, men vi håper at du tek deg tid til å gi oss dine synspunkt. Dine erfaringar kan gi oss innsikt i hva brukarane våre er fornøgde med og kva vi bør endre for å forbedre tenestetilbodet.

Undersøkinga er anonym.

sp
Del på facebook

Opningstider

Måndag 12 - 19
Tysdag 12 - 19
Onsdag STENGT
Torsdag 12 - 19
Fredag 12 - 16
Laurdag 11 - 14

 

Kontakt

E-post:  post@folkebiblioteket.no

Telefon: 7004 5520