Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

Årsmelding 2012

UTLÅN 2012 (2011)

Utlånet har vært nokså stabilt med ein liten nedgang på -1,9%.

  Hovedbibliotek Vartdal Sæbø TOTALT
Bøker 38373 (38947) 1819 (1974) 1492 (1648) 42569 (41684)
Andre media 10956 (11074) 146 (165) 8 (8) 11110 (11247)
TOTALT 49329 (50021) 1965 (2139) 1500 (1656) 52794 (53816)

 

 

ARBEID MED SKULAR OG BARNEHAGAR 2012

Barnehagar

  • Til samman var det 33 barnehagebesøk i hovedbiblioteket, totalt 275 barn og 66 vaksne. 
  • Vi legg ut bildebøker for barn på helsestasjonen og hos kommunefysioterapeuten som vi skiftar ut 3-4 gongar i året.

 

Skular

  Hovedbiblioteket Vartdal Sæbø
Klassebesøk 85 klasser (1425 elevar og 91 lærarar/assistentar) kvar opningsdag (mangler tal) 32 (370 elevar)
Forfatterbesøk 16 klasser (399 elevar og 38 lærarar/assistentar)    

 

Takka vere midlar frå Den Kulturelle Skulesekken kunne vi også i 2012 ha to forfattarbesøk for ulike klassetrinn.

5. og 6. mars. hadde 9. klassene besøk av Arnfinn Kolerud frå Isfjorden, busett i Måløy. 177 elevar og 14 lærarar fekk høyre på han.  AK skriv  ungdomsbøker på nynorsk.

23. og 24. oktober fekk 5.klassene treffe Arne Svingen. 182 elevar  og 18 læararar/ assistentar fekk møte han. Han skriv grøss og spenning, men på bokmål.

Etter invitasjon frå biblioteket har seks 2. klasser våre innom hovedbiblioteket for å få lånekort og høgtlesingsstund - i alt 83 elevar og 8 lærarar/assistentar.

 Nokre skular med lang veg til sentrum låner bokkasser til skulen fordi det er vanskelig å ta med elevane så ofte til biblioteket.

 Vi har også i år merka auka bruk av biblioteket frå ungdomsskulen. Mange ungdomsskuleklasser har vore på besøk.

 Sommarles

Møre og Romsdal fylkesbibliotek stod også i år som arrangør av “Sommarles” - ein aktivitet/konkurranse for barn i grunnskulealder. Kravet var som før å lese 10 bøker gjennom sommaren.

 I 2012 var det 96 deltakarar frå Ørsta som leste 2019 bøker totalt.

 19. september hadde vi avslutningsfest med utdeling av premiar og is og brus på menyen.

 Ungdomskuleelev Sigve Strand stod for underhaldninga med song og gitarspel.

Hovudpremien frå fylkesbiblioteket var ein iPod. Ingen i Ørsta vann denne, men biblioteket hadde lokale premiar:

  • hovudpremien frå Ørsta folkebibiotek var fem gåvekort à kr. 300,- på kinobillettar .
  • sponsa premiar av (gjøre om til lenkjer til hver sin nettside!)Sparebank1 Volda/ Ørsta, Haugen bok, Bok og Miljø og Tussa.

 Nynorsk barnebokveke

Nynorsksenteret ,Nynorsk kultursentrum (Assentunet) og Møre og Romsdal fylkesbibliotek stod som arrangør av Nynorsk barnebokveke som vart arrangert 4 stadar i fylket. Ørsta folkebibliotek var ein av dei.Vi hadde ansvaret for å gjere arrangementet kjent  for aktuelle målgrupper i Ørsta. Alle barnehagetilsette, lærarar i barneskulen og foreldre var inviterte. Det var rekordoppmøte i Ørsta med 70-80 frammøtte. Janne Karin Støylen, litteraturformidlar, og Bjørn Sortland stod for innhaldet denne kvelden med gjennomgang  og opplesing av gode nynorske barne-og bildebøker.

Arrangementet fann stad 16. oktober i festsalen på Kulturhuset og med kaffipause og utstilling av bøkene i biblioteklokalet.

I samband med Nynorsk barnebokveke fekk to 1.klasser  frå Velle skule  (40 elevar og 6 vaksne +  ein del av 5.åringane i Barnas Vel  (10 stk + 2 vaksne)møte Bjørn Sortland. Han las og fortalde for dei.

 

ARRANGEMENT FOR VAKSNE

 Forfattarbesøk

11.september hadde vi besøk av forfattar Alf R. Jacobsen som fortalde om lokal krigshistorie..

Besøket kom i stand i høve ei pengegåve til biblioteket frå arvingane etter piloten Gordon Sides som vart nedskoten over Ørstafjorden i desember 1944. Biblioteket har kjøpt inn bøker om 2. verdskrig for desse pengane i 2013.

ARJ har skrive fleire bøker om krigen. Over 100 møtte opp for å høyre på han.

 Leseombod.

Dette er eit tilbod biblioteket begynte med i 2010. Vi er eit i “ Bok til alle” -bibliotek, dvs. at vi skal ha bøker til folk med ulike lesehemmingar og handicap og også prøve å få til leseopplevingar for dei som ikkje  les sjølve.  På bakgrunn av det fekk vi i gong ei ordning med  leseombod på Vartdal helsetun . Denne ordninga heldt fram  i 2011 og litt av 2012, men grunna sjukdom har vi no ikkje tilbodet lenger på Vartdal.

Ordninga har vi fått i gong også på Ørstaheimen i 2011.Fire personar frå Røde Kors besøksteneste har teke på seg jobben. Dei les på tre avdelingar ein gong i veka. Dette fungerer veldig bra. Eit av leseomboda, Eli Sporstøl, har også skaffa midlar til høgtalaranlegg takka vere midlar frå Rebeccalosjen v/ leiar Svanhild Myklebust.

Transportordning.

Transportordninga i Møre og Romsdal kom i gong i august 2011.Vi får no besøk av bokbilen to gongar i veka. Dette gjer det svært enkelt å bestille bøker frå andre bibliotek i fylket og i resten av landet. Fjernlånet har auka vesentleg sidan dette kom i gong. Dette er ei flott ordning for lånarane.

Møre-Nytt.

Møre-Nytt har også i år stilt opp når vi har spurt dei. Dei har dekt arrangemet og forfattarbesøk. Det er med på å gjere oss synlege i lokalsamfunnet.

Facebook og heimeside.

Vi bruker heimesida(www.folkebiblioteket.no) og facebook til å gjere kjent kva tilbod biblioteket har, tips om nye bøker, filmar, daglegdagse hendingar og arangement. Nettet er ein viktig arena, så det er vikig å vere synlege  også der.

Utfordringar vidare.

Det  hastar  å få oppgradert lokala. Vi treng ombygging og utviding: kontor/arbeidsplassar nær skranken og ei avdeling for ungdom.

Opningstider

Måndag 12 - 19
Tysdag 12 - 19
Onsdag STENGT
Torsdag 12 - 19
Fredag 12 - 16
Laurdag 11 - 14

 

Kontakt

E-post:  post@folkebiblioteket.no

Telefon: 7004 5520