Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Ørsta folkebibliotek > Om biblioteket > Ofte stilte spørsmål

Ofte stilte spørsmål

ofte spm

Når er biblioteket ope?  Sjå: Opningstider

Kostar det noko å få lånekort?
Nei, det er gratis å få lånekort første gong. Sjå: Utlånsreglar

Kva gjer eg om eg har mista lånekortet?
Det koster 10 kroner å få eit nytt kort til erstatning for mista kort. 

Kostar det noko å låne?
Det er gratis å låne. For meir informasjon sjå: Utlånsreglar

Kan eg låne så mykje eg vil?
Det er ingen begrensningar på kor mykje du kan låne i gongen. 

Kor lang er lånetida?
Lånetida for dei ulike medietypene er forskjellig. Sjå: Utlånsreglar

Kan eg levere bøker når biblioteket er stengt?
Ja, du kan levere i ei luke ved døra. Bokkassa vert tømt kvar morgon.

Har dokke lesesal og grupperom?
Nei, vi har dessverre ikkje lesesal. Vi har nokre bord i utlånslokalet der det går an å lese og å ha gruppearbeid. Romet der vi har lokalsamlinga vår kan også brukast til gruppearbeid.

Eg er fjernstudent og lurer på om biblioteket kan hjelpe meg med å skaffe litteratur eg treng til  studiene?

Ja, vi bestiller pensum- og støttelitteratur for studentar, så lenge dette er tilgjengelig i andre bibliotek i Norge. Les meir om fjernlån her. Ver merksam på at lånetidene kan vere korte. Vi oppmodar studentar til å ta kontakt med biblioteket på sin studiestad for informasjon om tenester dei kan tilby sine studentar. Biblioteka på universitet og høgskolar har til dømes tilgang til databaser som folkebiblioteka ikkje har.

Har dokke kopimaskin for publikum?
Ja. Sjå: Kopiering

Attesterer dokke kopiar?
Ja, det gjer vi.

Kan eg låne PC med internett hos dokke?
Ja, og dette er gratis å bruke. 

Har dokke trådlaust nett?
Ja, vi har trådlaust nett som du kan koble deg til med bærbar PC, nettbrett eller telefon. Nettet er tilgjengelig i heile huset. Tilbodet er gratis. 

Er det lov å spise og drikke i biblioteket?

Ja, men vis omsyn til andre brukarar, unngå søl og rydd opp etter deg. Det er ikkje tillate å spise/drikke ved pc-ane.

Opningstider

Måndag 12 - 19
Tysdag 12 - 19
Onsdag STENGT
Torsdag 12 - 19
Fredag 12 - 16
Laurdag 11 - 14

 

Kontakt

E-post:  post@folkebiblioteket.no

Telefon: 7004 5520