> Ørsta folkebibliotek > Opplevingar > Høyr > Språkkurs
Språkkurs
Vil du lære eit nytt språk? Skal du ut på reise og har lyst til å perfeksjonere skulefransken din? Er du ny i Noreg og treng å lære meir norsk?

- Biblioteket har kurs i fleire språk, og dei språka vi ikkje har sjølv, kan vi skaffe frå andre bibliotek
- Dei fleste språkkursa består av ei lærebok med lytte-CD. Nokre kurs er på CD-ROM
- Kursa finnast på fleire nivå. Spør om hjelp til å finne eit kurs som passar for deg!
- Lånetida for språkkurs er 28 dagar. Du kan forlenge lånetida dersom det ikkje er venteliste