Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Boktips ungdom > Biblioteket på do

Arnt Birkedal:

Biblioteket på do

Biblioteket på do

Dersom den einaste staden du fekk lest bøkene dine var på do, måtte det ikkje då vere utruleg irriterande at også andre av og til hadde behov for å vere der? Og på den andre sida - kva trur du far hadde tenkt om mengda toalettpapir som gjekk med, når du sat der så lenge?

Dette er ein del av problemstillingane for eg-personen i denne boka. Dessutan er det kaldt og utriveleg på do, og den ligg heilt nede i kjellaren. Då er det kanskje ikkje så rart at ein let fantasien ta ein med på spennande reiser, medan ein sit der og "gjer det ein gjer"? Og ikkje minst - i fantasien kan du byggje ut doen! Den kan få 160 watts lyspære, hyller og lenestol med fotskammel, eit papegøyebord og ein gullfisk. Og når ein først er i gong, kvifor ikkje også ein kinosal bak lenestolen igjen, ut- og avstikkarar til reisemål som Preikestolen, Loch Ness, åsane bak Hollywood og nedlagte Brusand Stasjon?

Det eksisterer nemleg ikkje grenser i universet som utspelar seg med utgangspunkt i eit svært så avgrensa rom, nemleg do, og verkelegheit og fantasi går hand i hand heile vegen. Eg ser på boka som ei kjærleikserklæring til litteraturen, som opnar så mange dører for oss. 

Så er du ein litteraturelskar, vil du fryde deg over denne litt underfundige romanen! Boka er kort, språket flyt lett avgarde, så kanskje er ho eigna som do-lektyre?

Del på facebook

Vanlege opningstider:

 Måndag  10.30-18.00      
 Tysdag  10.30-18.00      
 Onsdag  10.30-18.00      
 Torsdag  10.30-18.00      
 Fredag      Stengt      

Kontakt Tlf.: 489 92 148  Epost: bibliotek@sande-mr.kommune.no

SOMMAROPE
Mellom 5. juli – 30. juli:

Mandag: 10.30-15

Tysdag:  10.30-15

Torsdag: 10.30-15

Vi blir inspirert av