Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Boktips voksne

Göran Tunström:

Juleoratoriet

Bok-cover: Juleoratoriet

Det er så mange fine romanar å velje i, så enkelte blir liggande på vent. Ein som eg har hatt «på vent» i årevis er Juleoratoriet av Göran Tunström. Men dette er verkeleg ein roman det er vel verdt å ta fatt på!

Handlinga finn stad i Sunne i Värmland, i dei harde 1930-åra. Den driftige bondekona Solveig er sentrum i familien Nordensson. Høgt elska mor for Eva-Liisa og Sidner. Ei kone Aron kunne vere stolt av. Ei fri kvinne som ikkje kjenner seg bunde av bygda sine konvensjonar. Ho vaks opp i Kansas, og kom med nye skikkar frå Amerika - mellom anna kyssing midt på dagen! Naboane blir ikkje flaue, men lar seg inspirere: «Nå skal du få smake noe fra Amerika!» sa dei, og omfamna ektefellene og kjærastane sine midt på blanke føremiddagen. Og frå heimen deira strøymer det musikk frå både grammofon og piano.

I ti år har Solveig og kyrkjekoret i Sunne arbeida med å øve inn Johan Sebastian Bachs Juleoratorium. Takt for takt, del for del har dei arbeida seg gjennom verket. Det er to månader igjen til den store konserten der ho skal vere solist. Men det blir ingen konsert. For Solveig døyr allereie på side 18.

For mange går både musikken og livet no i stå. Ektemannen Aron, sonen Sidner og barnebarnet Victor som kjem til verda mange år seinare – alle blir dei prega av dette tapet. Korleis skal ein leve vidare etter eit slikt tap?

Romanen byr på eit rikt persongalleri, også  kjente namn som Selma Lagerlöf og Sven Hedin – svensk forfattar og oppdagingsreisande. Lesaren blir tatt med på reise heilt til New Zealand. Og sjølvsagt går Johan Sebastian Bachs «Juleoratoriet» som ein raud tråd gjennom heile romanen.

Göran Tunström fikk Nordisk Råds litteraturpris for denne fantastiske romanen i 1984. Den er også filmatisert.

Del på facebook
Bjørn Vatne:

Nullingen av Paul Abel

Bok-cover Nullingen av Paul Abel

Dystopiar og science fiction har aldri vore heilt mine sjangrar, men da sunnmøringen Bjørn Vatne, tidlegare journalist i Sunnmørsposten og noverande leiar av Ålesund litterære salong ga ut Nullingen av Paul Abel i fjor, bestemte eg meg for å gjere eit forsøk.

Handlinga i romanen er lagt til 2060-talet, omkring 200 år etter Darwin. Lundefuglen er utrydda, brus og anna sukkerhaldig drikke er forbode som følgje av sukkermangel, forureining og klimakrise har herja og ført med seg så mange stormar at ein heilt har gått tom for både kvinne- og mannsnamn å gi dei. Ålesund er blitt ein fortetta og i stor grad forfallen by, og her bur vår mann, Paul Abel (42). Han  er professor i biologi ved NTNU Ålesund, og idet romanen tek til, skal kona Astrid starte i ny jobb som tingrettsdommar i Tinghuset.

Som dei aller fleste følgjer Astrid med i tida og har fått operert inn sjalken. «Den transkraniale sjalken var påført hjernebarken hennes som et atomtykt lag av grafén, en hjelm på innsiden av hodeskallen, puslet saman bit for bit av mikroskopiske roboter som ble sprøytet inn gjennom et millimeterstort hull i kraniet». Informasjon, kjensler og opplevingar blir spreidd ut til folk gjennom sjalken, den fungerer som sonekort på bybanen, stemplingskort ved universitetet - og telefon. For å nemne noko. Men den samlar også inn og lagrar informasjon om kva som går føre seg i hovudet på enkeltmennesket. Paul nektar å gi slepp på den gamle handhaldne varianten, som ikkje lenger blir oppdatert. Det gjer han ikkje ustraffa. Og så blir makta i landet - ved eit nærmast umerkeleg statskupp - overtatt av miljøpartiet Pan-etisk forbund, med den karismatiske leiaren Jan Rotgers i spissen.

Eg blei altså gledeleg overraska. Ikkje berre fordi det er interessant å få heimbyen skildra med framtidsauge, men dette er rett og slett god litteratur med mykje kreativitet både i språk og innhald. Ein til tider svært humoristisk dystopi, med islett av urovekkjande refleksjonar som innimellom får lesaren til å stoppe opp med ei litt ekkel kjensle av at framtida slett ikkje berre ser lys ut…

Del på facebook
Simon Stranger:

Leksikon om lys og mørke

Bok-cover: Leksikon om lys og mørke

«Bokhandlerprisen» delast ut kvart år i november, etter avstemming mellom alle som arbeider i norske bokhandlar. Med andre ord ei kåring gjort av folk ein må kunna anta les mykje, så det er ein gjev pris. I 2018 var store forfattarnamn som Lars Mytting, Lars Saabye Christensen og Maja Lunde mellom dei nominerte, men det blei Simon Stranger som gjekk av med «sigeren», med romanen Leksikon om lys og mørke.

Simon Stranger debuterte i 2003 med romanen Den veven av hendelser vi kaller verden, men har til no vore mest kjent som forfattar av verkeleg gode ungdomsromanar. Leksikon om lys og mørke spring ut av familiehistoria til kona Rikke Komissar, som er av jødisk opphav. Tilfeldig fekk forfattaren vite at svigermora hans vaks opp i den villaen i Trondheim som hadde vore Rinnan-banden sitt hovudkvarter under krigen. Og gjennom romanen flettar Stranger liva til familien Komissar saman med Henry Oliver Rinnan sitt liv, frå fattig skomakarson i Levanger til frykta angivar og torturist for Gestapo.

Om du tenkjer at dette er kjent stoff og at du har lest nok om jødeforfølgingane og vondskapen dei vart utsett for under krigen, tar du feil. For Simon Stranger har med denne romanen gjort eit litterært meisterverk. Som tittelen antyder, er romanen presentert i leksikonformatet frå A til Å - eit kapittel for kvar bokstav; A for anklagen. A for avhøret. A for arrestasjonen. Men innhaldet er langt frå leksikalsk og tørt. Stranger skriv svært godt, og språkleg er han både poetisk og direkte der han omformar dokumentariske hendingar til god litteratur.  Det leksikalske grepet gjer det mogleg for forfattaren å hoppe i tid og rom, utan at lesaren får kjensla av å miste tråden.

Utruleg nok vart ideen refusert av Tiden, forlaget hans gjennom nesten 20 år. Men Aschehoug ville gi ut romanen som no er selt til fleire land, mellom anna det amerikanske forlaget Knopf der berre Hamsun, Undset og Nesbø har sloppe gjennom nålauget tidlegare!

Del på facebook
Bok-cover Kvinnen som kledte seg naken

Jan Wiese var opphaveleg utdanna siviløkonom, og hamna i forlagsbransjen der han etter kvart vart mangeårig administrerande direktør i Cappelens Forlag. Han debuterte i 1979 med ei samling forteljingar under tittelen Jeg skal til Katnosa i kveld, som ikkje fekk den heilt store mottakinga. Knappe ti år seinare let han seg førtidspensjonere for å få tid til å skrive, og i 1990 kom den eineståande romanen Kvinnen som kledte seg naken for sin elskede.

Romanen består av eit flettverk av historier. Hovudfortellinga går føre seg i vår tid, og den som bind historiene saman, er ein middelaldrande bibliotekar tilsett ved Vatikanbiblioteket si handskriftsamling. Han har for ei stund tilbake oppdaga eit heilt spesielt maleri som ein reknar med er frå 1400-talet. Motivet er Madonna med barnet, og maleriet vart gitt til opninga av ei nybygd kyrkje i Perugia, ei kyrkje som rasar saman på sjølve opningsdagen. Berre ein av dei som var til stades i kyrkja overlever, og han fortel forvirra om eit under som skjedde forut for katastrofen…

Bibliotekaren sit av - for lesaren - ukjente grunnar i fengsel, men får lov til å fortsetje arbeidet sitt. Kvar dag kjem det bod frå Vatikanet med skriftstykke frå arkiva. Her har han oppdaga dagboksnotater som fortel om opphavet til maleriet. Det er kunstnaren sjølv som fører pennen, og notatane er kommentert og vidareformidla av landsbyens historieforteljar.

Det er ei tynn bok, men ei stor lesaroppleving. Romanen er omsett til 15 språk, og trykka i over 100 000 eksemplar berre i Norge. Jan Wiese skreiv aldri fleire romanar.

Del på facebook
Paul Auster:

Moon Palace

Moon Palace

Ein av mine favorittforfattarar er amerikanaren Paul Auster. Den første romanen eg las av han, Moon Palace, står framleis for meg som ein av dei beste. Den kom ut i USA i 1989 og i norsk omsetjing i 1991.

Året er 1969, den sommaren det første mennesket sette sine bein på månen. Handlinga startar i New York. Den fattige og foreldrelause Marco Stanley Fogg har vokse opp hos sin snille onkel Victor, som da han døyr etterlet nevøen ein klarinett og 1492 bøker. Bøkene ligg i kasser som Marco brukar som møblar, og etter kvart som han les ut bøkene, sel han dei billig. Til slutt kan han ikkje lenger betale husleiga og ender på gata. Han bestemmer seg for å berre la seg forfalle, for å «kome i kontakt med verda» som han seier, men blir berga av den kinesiske venninna Kitty Wu som let han bu hos seg.

Frå den augneblinken får tilfeldigheitene fritt spelerom. Marco får jobb som sekretær for den rike og eksentriske Thomas Effing, som er gamal, blind og sit i rullestol. Han skal ha klar teksten til nekrologen si innan han døyr, og det er Marco som skal skrive ned livshistoria hans. Det blir ei fasinerande skildring som utviklar seg til reine røvarforteljinga, og som får Marco til å legge ut på ei reise gjennom Midtvesten på leiting etter sonen til Effing, Solomon Barber, for å overlevere memoarane.

Som i nesten alle Paul Auster sine romanar er eksistensielle spørsmål og identitetsproblematikk hovudtema. Vi blir tatt med både bakover og framover i tid, i eit spenn som dekkjer tre generasjonar – og kvar generasjon gjentek feila frå den førre generasjonen.

Paul Auster kan det å fortelje ei god historie, spekka med spenning og usannsynlege samantreff…

Del på facebook
Lars Mytting:

Hestekrefter

Hestekrefter

I 2011 gjorde gudbrandsdølen Lars Mytting braksuksess med noko så sært som ei sakprosabok om hogging, stabling og tørking av ved. Like stor suksess fekk han tre år seinare med romanen Svøm med dem som drukner. Men Mytting debuterte som forfattar allereie i 2006 med romanen Hestekrefter, ei underhaldande og velskrive bok som både i miljø og skrivestil er i slekt med romanane til Levi Henriksen.

Handlinga er lagt til den oppdikta tettstaden Annor i Gudbrandsdalen, mellom Ringebu og Vinstra ein stad. Hovudpersonen, 34 år gamle Erik Fyksen som har jobba på «Annor Bil og bensin» sidan han var 17 år gamal, har etter kvart overtatt drifta, og saman med kjærasten Elise Misvær har han restaurert bensinstasjonen tilbake til ein 1966-look.  Han driv den siste Mobilstasjonen i landet - sjølv om Mobil allereie i 1992 hadde selt alle sine norske bensinstasjonar til Norsk Hydro, og Pegasusen på mobilskilet for lengst skulle ha vore skifta ut med YX-logoen til Hydro Texaco. Med andre ord ein god, gamaldags bensinstasjon der bilkompetanse og smøregrava står i sentrum, ikkje pølsesalet.

For 60-talsromantikaren Elise var ikkje livet i Annor nok, ho har reist ut for å skaffe seg utdanning og nye opplevingar. Men odelsjenter kjem da vel tilbake?

Når planar om at riksvegen skal leggast utanom Annor sentrum dukkar opp og både hans gamle rival Harald Jøtul  og Statoil segler opp som farlege konkurrentar, blir Fyksen tvunge ut av apatien. På same tid finn hovudkontoret i Oslo ut at Annor-stasjonen ikkje driv etter Hydro Texaco sine retningsliner, og han blir for alvor kasta ut i kampen mot pølsestasjonane. Og så dukkar hans gamle flamme Tora Grundtvig opp…

Mykje humor, ein god dose nostalgi – og bilstoff i rikt monn. Med mange detaljar kring bil og «mekking» kan ein lett tenkje seg at det til tider blir litt i overkant mykje, men til tross for at eg ikkje har nokon som helst interesse for oljefilter, V8-motorar, fordelarlokk, NGK-tennpluggar, eller spørsmålet om 5-56-olje er betre enn WD40, opplevde eg det som heilt uproblematisk. Eg må innrømme at eg til og med måtte google «Facel-Vega» for å få sjå kva for ein fantastisk bil det dreier seg om…

For den som gjerne høyrer lydbok er Hestekrefter svært godt innlese av Torbjørn Harr.

Del på facebook
En bønn for Owen Meany

Sommaren 1953 speler to elleveåringar baseball i ein Little League-kamp i Gravesend, New Hampshire. Den eine av gutane, Owen Meany, slår ein ball som treff mora til bestevenen i tinningen – og drep ho. Owen Meany trur ikkje på uhell. Owen Meany trur på å vere ein reiskap for Gud.

Handlinga finn i hovudsak stad på 1950- og 60-talet, med Vietnamkrigen som eit viktig bakteppe. Det er den morlause guten John Wheelwright som fortel, og i starten av boka møter vi han som vaksen mann på 1980-talet der han ser tilbake på oppveksten.

Romanen har eit sært og underhaldande persongalleri med Owen Meany som den mest framståande figuren. Han er son til eigaren av eit granittbrot, og har hudfarge som ein gravstein. Han er liten. Ikkje berre liten for alderen, men bitte liten. Og han har ei uvanleg stemme. «For overhodet å bli hørt, måtte Owen skrike gjennom nesen» fortel John. For å understreke den skingrande pipestemmen, blir replikkane til Owen Meany skildra med blokkbokstavar i teksten. Etter kvart som ein les trer denne svært uvanlege guten klårt fram for lesaren med både kropp, stemme og personlegdom, og gjer eit uutsletteleg inntrykk på både innbyggjarane i Gravesend og lesaren. Owen Meany er ein litterær figur å bli glad i!

John Irving har ein eigen evne til å blande komikk og tragedie i romanane sine – så også her: Skildringa av amatørteateroppsettingar av juleevangeliet og Charles Dickens’ A Christmas Carol til dømes, er hylande morosam lesing opp mot det grunnleggande temaet i boka: tru, tvil og mirakel.

Språket og forteljarstilen i romanen er typisk «Irvingsk»: omfangsrike, lagvise forteljingar der det uvanlege vevast inn i det vanlege, bisarr humor, frodig fantasi - og mykje menneskeleg varme. En bønn for Owen Meany byr på ei skikkeleg god historie, full av anekdotar og tilsynelatande meiningslause og uvesentlege detaljar, men trådane samlast genialt i ein overraskande slutt.

For den som ikkje har lest noko av John Irving tidlegare, er En bønn for Owen Meany ein perfekt start!

Del på facebook
Alice Sebold:

Alle mine kjære

Alle mine kjære

Som oftast kan eg ikkje hugse kva det var som vart avgjerande dei gongene eg har vald å prøve meg på ein for meg ny og ukjent forfattar. Men den amerikanske forfattaren Alice Sebold har greidd å lokke meg til å lese to av hennar bøker, berre basert på den aller første setninga i boka. Den første gongen var da eg uventa fekk fleire timar med venting på fly heim frå Gardermoen, og hadde bestemt meg for at besøket i  bokhandelen skulle resultere i berre ei bok. Eg sto der med ein heil bunke, men valet blei lett da eg leste: «Namnet mitt var Salmon, som fisken. Fornamn: Susie. Eg var fjorten då eg blei myrda den 6. desember 1973».Eit slikt dristig forteljargrep pirra nysgjerrigheita hos meg.

Alle mine kjære blir lesaren vitne til eit mord og alt som skjer i kjølvatnet av dette mordet, og det heile er skildra frå den valdtekne og drepne Susie sin synsvinkel. Frå eit himmelsk univers følgjer Susie med på mordaren og politijakta på han, og ho observerer familien sin der dei strevar med å forstå og takle denne grufulle tragedien som har råka dei.

Alle mine kjære er ingen tradisjonell krimroman. Mordaren er avslørt allereie på dei første sidene, men det gjer faktisk ikkje boka mindre spanande. Det er jo berre lesaren og Susie sjølv som veit kven mordaren er. Politiet, familien og nabolaget veit det ikkje, og det er jakta på mordaren som i stor grad er drivrafta i forteljinga. Dei finn ikkje liket, og åra går. Og for dei som sit att går livet vidare.

Handlinga vekslar mellom tilveret i himmelen, minna til Susie, og korleis livet artar seg vidare her nede på jorda utan Susie. Vi følgjer foreldra i sorg og oppløysing, og syskena som veks opp i skuggen av ei død storesyster. Sysken og vener forelskar seg og gjer alle dei tinga ho sjølv aldri fekk gjort. Susie forblir 14 år i sin forunderlege eventyrhimmel, medan ho gjer alt ho kan for at mordaren hennar skal bli tatt. Underleg og annleis, men fengjande roman.

Boka blei ein bestseljar då den kom ut i USA i 2002, og filmatisert i 2008.

Og korleis startar den andre boka til Alice Sebold? Kom og lån Nesten evig på biblioteket, så får du sjå.

Del på facebook
Carson Mc Cullers:

Hjertet er en ensom jeger

Hjertet er en ensom jeger

Frå tid til anna kjem forlaga med nye omsetjingar av gamle romanar. Cappelen Damm oppnådde i 2014 stor suksess med John Williams sin roman Stoner frå 1965, etter at den var «gjenoppdaga» i USA. I 2016 følgde Aschehoug opp med Hjertet er en ensom jeger, debutromanen til amerikanske Carson Mc Cullers (1917–1967) som berre var 23 år gamal då boka vart utgitt i 1940. Og dette er verkeleg ein roman som fortener nytt lys over seg!

Åstad for romanen er ein liten namnlaus by ein eller annan plass i «hjartet av sørstatane». Både dei kvite og dei farga karakterane vi treff i romanen, er meir eller mindre lut fattige. Og alle ber dei på draumen om noko betre: Den einsame kaféeigaren Biff Brannon som let kaféen vere ei hamn for slitne sjeler langt utover natta. Ungjenta Mick Kelly som lever og andar for musikk, men som på alle måtar er på veg inn i det tøffe vaksenlivet. Doktor Copeland slåst for borgarrettigheiter for dei farga, men evnar ikkje å ta seg av sin eigen familie. Og marxisten, kranglefanten og drukkenbolten Jake Blount som slåst mot alt. Alle set dei sin lit til den døvstumme Mr. Singer, som lyttar til alle som treng det. Men den døvsumme ber sjølv på ei stor sorg.

Både i form og innhald er dette ein heilstøypt roman – det er heilt utruleg at det dreier seg om ein debut! Både språket og det ein kan lese «mellom linjene» viser ein forfattar med stor litterær mogenheit og god menneskekunnskap. Det er poetisk og vart, rått og realistisk – alt på ein gong.

Hjertet er en ensom jeger er rørande og sterk samtidsrealisme frå 30-talets USA, ein roman som heilt klart fortener nemninga «klassikar». Biblioteket har både lyd- og papirboka, eboka finn du i eBokBib. Og for den som skulle vere interessert i den første norske omsetjinga frå 1945, ligg den tilgjengeleg på bokhylla.no.

Del på facebook
Carl Frode Tiller:

Innsirkling

Innsirkling

Hausten 2017 kom trønderen Carl Frode Tiller med sin 6. roman sidan debuten med Skråninga i 2001. For dei som enno ikkje har lest noko av denne forfattaren vil eg trekkje fram den meisterlege Innsirkling-trilogien, som starta med Innsirkling i 2007. (Oppfølgjarane, Innsirkling 2 og 3, kom i 2010 og 2014).

David har mista minnet. For å finne tilbake til seg sjølv har han sett inn ei annonse med bilde av seg i avisa. Han ber folk som kjenner han att på bildet om å ta kontakt med han pr. brev. Han ønskjer å få hjelp til å finne tilbake til kven han er, og vite kva rolle han har spela i andre sine liv.

Handlinga skifter mellom breva frå brevskrivarane og deira tilvere i notida. Skildringane avdekkjer slik like mykje kvardagslivet på Otterøya og i Namsos på midten på 2000-talet, som David sin oppvekst på 1970- og -80-talet. Til saman dannar desse forteljingane eit svært realistisk tidsbilete dei fleste lesarar vil kjenne seg att i.svært realistisk tidsbilete realistisk tidsbilete realistisk tidsbilete

Det blir etter kvart eit stort persongalleri som får presentere sine versjonar av kven hovudpersonen er: stefaren, venner frå barndom og ungdomstid, ex-kjærestar - og ei eldre dame som var til stades da David vart fødd. Vi får til dels ulike versjonar av David sin barndom og ungdomstid. Lesaren blir etter kvart tvunge til vurdere utsegna som framsettast, og tolke romanpersonane sine underliggande motiv. Kva er sanninga? Er David sitt minneprosjekt berre eit kunststunt? Det er først i siste bandet at vi for alvor møter hovudpersonen gjennom hans eigne ord.

Tema ein møter i trilogien er identitet, kultur og klasse, arv og miljø, biologi og oppvekst - det å ikkje kjenne seg «heime» i den familien ein høyrer til i. Og frå sidelina dukkar det i 3. bindet opp nye, og sjokkerande detaljar…

Forfattaren fekk Brageprisen i 2007 for Innsirkling I. I grunngjevinga til juryen sto det det mellom anna at «Carl Frode Tiller har en utpreget evne til å få sine personer til å fremstå som overbevisende for leseren.Særlig i dialogene demonstrerer han stor innsikt i hvordan mellommenneskelig kommunikasjon fungerer.» Det er ubehageleg, det er thriller-spennande, og det er til og med morosamt.

Om du på slutten av det 3. bandet synest David er sirkla inn, står att for deg å avgjere.

Del på facebook

Opningstider

 Måndag  10.30-18.00      
 Tysdag  10.30-18.00      
 Onsdag  10.30-18.00      
 Torsdag  10.30-18.00      
 Fredag  10.30-15.00      

Kontakt Tlf.: 48 99 21 48 Epost: bibliotek@sande-mr.kommune.no

 

NB! Opningstider veke 41
   (07. – 11. oktober)
måndag  10.30 – 15.00
tysdag    10.30 – 15.00
torsdag  10.30 – 15.00

Vi blir inspirert av