Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Boktips voksne

Øyvind Rimbereid:

Solaris korrigert

Bok-cover: Solarisk korrigert

Det går mot jul, og midt oppe i alt som skal vere klart innan julaftan får vi gjerne mindre tid til å lese. Men for oss som alltid treng å ha ei bok liggande på nattbordet, kan ei dikt- eller novellesamling vere løysinga. Eg har derfor lyst til å trekke fram Stavangerlyrikaren Øyvind Rimbereid og hans fabelaktige diktsamling Solaris korrigert som kom i 2004.

Det første diktet er eit omkring 40 sider langt episk framtidsdikt lagt til år 2480. Stemninga minner om George Orwells 1984: Høgteknologien har sigra, fantasi er straffbart og den autoritære staten har full kontroll over menneska gjennom eit strengt rangdelt klassesamfunn. Men det som ved første augekast er mest påfallande, er språket. Rimbereid skapar i titteldiktet eit slags framtidsnorsk, ei blanding av norrønt, stavangerdialekt, engelsk og nederlandsk, i tillegg til at han brukar forkortingar og samantrekningar som minner om sms-språk. Eit språk som kanskje har blitt til gjennom det multinasjonale samarbeidet i oljeindustrien?

Dei to siste delane av den tredelte diktsamlinga er skrive på rein stavangerdialekt. Del to består av eit dikt over 3 sider – Retrospeksjon – som tener som ei tidsreise frå år 2480 og tilbake til vår eiga tid. Dei 7 dikta i den tredje delen går føre seg i vår tid.

Eg-stemma i titteldiktet er ein slags arbeidsformann for robotar innan offshore i Organic 14.6, ein bydel i STAVGERSAND – ei samansmelting av Stavanger og Sandnes. Om robotane fortel han at: «DEIRS kollectiven/breyn er abstract/og exist onli millom dei, (...) DEI veit ne om/kverodder». Fordi samfunnet står i fare for å gå under, har Mrs. Chan, ei slags kvinnelig utgåve av Orwells ”Big Brother” bestemt at nesten heile 14.6 skal flyttas til ”seifa botten”- ein tom oljebrønn ute i Nordsjøen.  Solaris skal den heite, og her skal det projiserast bilete frå verda oppe i dagen. «FRA all siddys, fra kvar street, bygg, beach, fra mang og biggast skogs … DESSA picts kan endrast, skiftst, kan blandast all eftr wat wi i 14.6/vil og treng.»

Vår mann er tru mot systemet, og er derfor plukka ut som ein av dei første som skal stige ned til Solaris. Men han har ein defekt i hjernen som fører til «ein noko for staerck production af eigne pics» – altså han lagar for mange bilde i sitt eige hovud. Det fører til at han stiller seg kritiske og undrande spørsmål under  førebuingane til nedstigninga. Kva skil meg frå robotane? Kva vil skje om vi får kontakt med liv på andre planetar?

Det er ei utfordring å dekode teksten, og det krevjast ein viss konsentrasjon å lese den, men det er utruleg fasinerande. Det fremmedarta ved språket er med på å underbygge det sciencefictionaktige på ein glimrande måte, samtidig som at det gir ein fin driv og rytme i lesinga. For meg var språket det som først gjorde meg interessert i teksten, og eg måtte faktisk bruke mykje lenger tid på dei to siste delane - som ”berre” er skrive på stavangerdialekt - før eg fikk tak i heilskapen i diktsamlinga. Men det var det altså vel verd.

Del på facebook
Göran Tunström:

Juleoratoriet

Bok-cover: Juleoratoriet

Det er så mange fine romanar å velje i, så enkelte blir liggande på vent. Ein som eg har hatt «på vent» i årevis er Juleoratoriet av Göran Tunström. Men dette er verkeleg ein roman det er vel verdt å ta fatt på!

Handlinga finn stad i Sunne i Värmland, i dei harde 1930-åra. Den driftige bondekona Solveig er sentrum i familien Nordensson. Høgt elska mor for Eva-Liisa og Sidner. Ei kone Aron kunne vere stolt av. Ei fri kvinne som ikkje kjenner seg bunde av bygda sine konvensjonar. Ho vaks opp i Kansas, og kom med nye skikkar frå Amerika - mellom anna kyssing midt på dagen! Naboane blir ikkje flaue, men lar seg inspirere: «Nå skal du få smake noe fra Amerika!» sa dei, og omfamna ektefellene og kjærastane sine midt på blanke føremiddagen. Og frå heimen deira strøymer det musikk frå både grammofon og piano.

I ti år har Solveig og kyrkjekoret i Sunne arbeida med å øve inn Johan Sebastian Bachs Juleoratorium. Takt for takt, del for del har dei arbeida seg gjennom verket. Det er to månader igjen til den store konserten der ho skal vere solist. Men det blir ingen konsert. For Solveig døyr allereie på side 18.

For mange går både musikken og livet no i stå. Ektemannen Aron, sonen Sidner og barnebarnet Victor som kjem til verda mange år seinare – alle blir dei prega av dette tapet. Korleis skal ein leve vidare etter eit slikt tap?

Romanen byr på eit rikt persongalleri, også  kjente namn som Selma Lagerlöf og Sven Hedin – svensk forfattar og oppdagingsreisande. Lesaren blir tatt med på reise heilt til New Zealand. Og sjølvsagt går Johan Sebastian Bachs «Juleoratoriet» som ein raud tråd gjennom heile romanen.

Göran Tunström fikk Nordisk Råds litteraturpris for denne fantastiske romanen i 1984. Den er også filmatisert.

Del på facebook
Bjørn Vatne:

Nullingen av Paul Abel

Bok-cover Nullingen av Paul Abel

Dystopiar og science fiction har aldri vore heilt mine sjangrar, men da sunnmøringen Bjørn Vatne, tidlegare journalist i Sunnmørsposten og noverande leiar av Ålesund litterære salong ga ut Nullingen av Paul Abel i fjor, bestemte eg meg for å gjere eit forsøk.

Handlinga i romanen er lagt til 2060-talet, omkring 200 år etter Darwin. Lundefuglen er utrydda, brus og anna sukkerhaldig drikke er forbode som følgje av sukkermangel, forureining og klimakrise har herja og ført med seg så mange stormar at ein heilt har gått tom for både kvinne- og mannsnamn å gi dei. Ålesund er blitt ein fortetta og i stor grad forfallen by, og her bur vår mann, Paul Abel (42). Han  er professor i biologi ved NTNU Ålesund, og idet romanen tek til, skal kona Astrid starte i ny jobb som tingrettsdommar i Tinghuset.

Som dei aller fleste følgjer Astrid med i tida og har fått operert inn sjalken. «Den transkraniale sjalken var påført hjernebarken hennes som et atomtykt lag av grafén, en hjelm på innsiden av hodeskallen, puslet saman bit for bit av mikroskopiske roboter som ble sprøytet inn gjennom et millimeterstort hull i kraniet». Informasjon, kjensler og opplevingar blir spreidd ut til folk gjennom sjalken, den fungerer som sonekort på bybanen, stemplingskort ved universitetet - og telefon. For å nemne noko. Men den samlar også inn og lagrar informasjon om kva som går føre seg i hovudet på enkeltmennesket. Paul nektar å gi slepp på den gamle handhaldne varianten, som ikkje lenger blir oppdatert. Det gjer han ikkje ustraffa. Og så blir makta i landet - ved eit nærmast umerkeleg statskupp - overtatt av miljøpartiet Pan-etisk forbund, med den karismatiske leiaren Jan Rotgers i spissen.

Eg blei altså gledeleg overraska. Ikkje berre fordi det er interessant å få heimbyen skildra med framtidsauge, men dette er rett og slett god litteratur med mykje kreativitet både i språk og innhald. Ein til tider svært humoristisk dystopi, med islett av urovekkjande refleksjonar som innimellom får lesaren til å stoppe opp med ei litt ekkel kjensle av at framtida slett ikkje berre ser lys ut…

Del på facebook
Simon Stranger:

Leksikon om lys og mørke

Bok-cover: Leksikon om lys og mørke

«Bokhandlerprisen» delast ut kvart år i november, etter avstemming mellom alle som arbeider i norske bokhandlar. Med andre ord ei kåring gjort av folk ein må kunna anta les mykje, så det er ein gjev pris. I 2018 var store forfattarnamn som Lars Mytting, Lars Saabye Christensen og Maja Lunde mellom dei nominerte, men det blei Simon Stranger som gjekk av med «sigeren», med romanen Leksikon om lys og mørke.

Simon Stranger debuterte i 2003 med romanen Den veven av hendelser vi kaller verden, men har til no vore mest kjent som forfattar av verkeleg gode ungdomsromanar. Leksikon om lys og mørke spring ut av familiehistoria til kona Rikke Komissar, som er av jødisk opphav. Tilfeldig fekk forfattaren vite at svigermora hans vaks opp i den villaen i Trondheim som hadde vore Rinnan-banden sitt hovudkvarter under krigen. Og gjennom romanen flettar Stranger liva til familien Komissar saman med Henry Oliver Rinnan sitt liv, frå fattig skomakarson i Levanger til frykta angivar og torturist for Gestapo.

Om du tenkjer at dette er kjent stoff og at du har lest nok om jødeforfølgingane og vondskapen dei vart utsett for under krigen, tar du feil. For Simon Stranger har med denne romanen gjort eit litterært meisterverk. Som tittelen antyder, er romanen presentert i leksikonformatet frå A til Å - eit kapittel for kvar bokstav; A for anklagen. A for avhøret. A for arrestasjonen. Men innhaldet er langt frå leksikalsk og tørt. Stranger skriv svært godt, og språkleg er han både poetisk og direkte der han omformar dokumentariske hendingar til god litteratur.  Det leksikalske grepet gjer det mogleg for forfattaren å hoppe i tid og rom, utan at lesaren får kjensla av å miste tråden.

Utruleg nok vart ideen refusert av Tiden, forlaget hans gjennom nesten 20 år. Men Aschehoug ville gi ut romanen som no er selt til fleire land, mellom anna det amerikanske forlaget Knopf der berre Hamsun, Undset og Nesbø har sloppe gjennom nålauget tidlegare!

Del på facebook
Paul Auster:

Moon Palace

Moon Palace

Ein av mine favorittforfattarar er amerikanaren Paul Auster. Den første romanen eg las av han, Moon Palace, står framleis for meg som ein av dei beste. Den kom ut i USA i 1989 og i norsk omsetjing i 1991.

Året er 1969, den sommaren det første mennesket sette sine bein på månen. Handlinga startar i New York. Den fattige og foreldrelause Marco Stanley Fogg har vokse opp hos sin snille onkel Victor, som da han døyr etterlet nevøen ein klarinett og 1492 bøker. Bøkene ligg i kasser som Marco brukar som møblar, og etter kvart som han les ut bøkene, sel han dei billig. Til slutt kan han ikkje lenger betale husleiga og ender på gata. Han bestemmer seg for å berre la seg forfalle, for å «kome i kontakt med verda» som han seier, men blir berga av den kinesiske venninna Kitty Wu som let han bu hos seg.

Frå den augneblinken får tilfeldigheitene fritt spelerom. Marco får jobb som sekretær for den rike og eksentriske Thomas Effing, som er gamal, blind og sit i rullestol. Han skal ha klar teksten til nekrologen si innan han døyr, og det er Marco som skal skrive ned livshistoria hans. Det blir ei fasinerande skildring som utviklar seg til reine røvarforteljinga, og som får Marco til å legge ut på ei reise gjennom Midtvesten på leiting etter sonen til Effing, Solomon Barber, for å overlevere memoarane.

Som i nesten alle Paul Auster sine romanar er eksistensielle spørsmål og identitetsproblematikk hovudtema. Vi blir tatt med både bakover og framover i tid, i eit spenn som dekkjer tre generasjonar – og kvar generasjon gjentek feila frå den førre generasjonen.

Paul Auster kan det å fortelje ei god historie, spekka med spenning og usannsynlege samantreff…

Del på facebook
Lars Mytting:

Hestekrefter

Hestekrefter

I 2011 gjorde gudbrandsdølen Lars Mytting braksuksess med noko så sært som ei sakprosabok om hogging, stabling og tørking av ved. Like stor suksess fekk han tre år seinare med romanen Svøm med dem som drukner. Men Mytting debuterte som forfattar allereie i 2006 med romanen Hestekrefter, ei underhaldande og velskrive bok som både i miljø og skrivestil er i slekt med romanane til Levi Henriksen.

Handlinga er lagt til den oppdikta tettstaden Annor i Gudbrandsdalen, mellom Ringebu og Vinstra ein stad. Hovudpersonen, 34 år gamle Erik Fyksen som har jobba på «Annor Bil og bensin» sidan han var 17 år gamal, har etter kvart overtatt drifta, og saman med kjærasten Elise Misvær har han restaurert bensinstasjonen tilbake til ein 1966-look.  Han driv den siste Mobilstasjonen i landet - sjølv om Mobil allereie i 1992 hadde selt alle sine norske bensinstasjonar til Norsk Hydro, og Pegasusen på mobilskilet for lengst skulle ha vore skifta ut med YX-logoen til Hydro Texaco. Med andre ord ein god, gamaldags bensinstasjon der bilkompetanse og smøregrava står i sentrum, ikkje pølsesalet.

For 60-talsromantikaren Elise var ikkje livet i Annor nok, ho har reist ut for å skaffe seg utdanning og nye opplevingar. Men odelsjenter kjem da vel tilbake?

Når planar om at riksvegen skal leggast utanom Annor sentrum dukkar opp og både hans gamle rival Harald Jøtul  og Statoil segler opp som farlege konkurrentar, blir Fyksen tvunge ut av apatien. På same tid finn hovudkontoret i Oslo ut at Annor-stasjonen ikkje driv etter Hydro Texaco sine retningsliner, og han blir for alvor kasta ut i kampen mot pølsestasjonane. Og så dukkar hans gamle flamme Tora Grundtvig opp…

Mykje humor, ein god dose nostalgi – og bilstoff i rikt monn. Med mange detaljar kring bil og «mekking» kan ein lett tenkje seg at det til tider blir litt i overkant mykje, men til tross for at eg ikkje har nokon som helst interesse for oljefilter, V8-motorar, fordelarlokk, NGK-tennpluggar, eller spørsmålet om 5-56-olje er betre enn WD40, opplevde eg det som heilt uproblematisk. Eg må innrømme at eg til og med måtte google «Facel-Vega» for å få sjå kva for ein fantastisk bil det dreier seg om…

For den som gjerne høyrer lydbok er Hestekrefter svært godt innlese av Torbjørn Harr.

Del på facebook
En bønn for Owen Meany

Sommaren 1953 speler to elleveåringar baseball i ein Little League-kamp i Gravesend, New Hampshire. Den eine av gutane, Owen Meany, slår ein ball som treff mora til bestevenen i tinningen – og drep ho. Owen Meany trur ikkje på uhell. Owen Meany trur på å vere ein reiskap for Gud.

Handlinga finn i hovudsak stad på 1950- og 60-talet, med Vietnamkrigen som eit viktig bakteppe. Det er den morlause guten John Wheelwright som fortel, og i starten av boka møter vi han som vaksen mann på 1980-talet der han ser tilbake på oppveksten.

Romanen har eit sært og underhaldande persongalleri med Owen Meany som den mest framståande figuren. Han er son til eigaren av eit granittbrot, og har hudfarge som ein gravstein. Han er liten. Ikkje berre liten for alderen, men bitte liten. Og han har ei uvanleg stemme. «For overhodet å bli hørt, måtte Owen skrike gjennom nesen» fortel John. For å understreke den skingrande pipestemmen, blir replikkane til Owen Meany skildra med blokkbokstavar i teksten. Etter kvart som ein les trer denne svært uvanlege guten klårt fram for lesaren med både kropp, stemme og personlegdom, og gjer eit uutsletteleg inntrykk på både innbyggjarane i Gravesend og lesaren. Owen Meany er ein litterær figur å bli glad i!

John Irving har ein eigen evne til å blande komikk og tragedie i romanane sine – så også her: Skildringa av amatørteateroppsettingar av juleevangeliet og Charles Dickens’ A Christmas Carol til dømes, er hylande morosam lesing opp mot det grunnleggande temaet i boka: tru, tvil og mirakel.

Språket og forteljarstilen i romanen er typisk «Irvingsk»: omfangsrike, lagvise forteljingar der det uvanlege vevast inn i det vanlege, bisarr humor, frodig fantasi - og mykje menneskeleg varme. En bønn for Owen Meany byr på ei skikkeleg god historie, full av anekdotar og tilsynelatande meiningslause og uvesentlege detaljar, men trådane samlast genialt i ein overraskande slutt.

For den som ikkje har lest noko av John Irving tidlegare, er En bønn for Owen Meany ein perfekt start!

Del på facebook
Alice Sebold:

Alle mine kjære

Alle mine kjære

Som oftast kan eg ikkje hugse kva det var som vart avgjerande dei gongene eg har vald å prøve meg på ein for meg ny og ukjent forfattar. Men den amerikanske forfattaren Alice Sebold har greidd å lokke meg til å lese to av hennar bøker, berre basert på den aller første setninga i boka. Den første gongen var da eg uventa fekk fleire timar med venting på fly heim frå Gardermoen, og hadde bestemt meg for at besøket i  bokhandelen skulle resultere i berre ei bok. Eg sto der med ein heil bunke, men valet blei lett da eg leste: «Namnet mitt var Salmon, som fisken. Fornamn: Susie. Eg var fjorten då eg blei myrda den 6. desember 1973».Eit slikt dristig forteljargrep pirra nysgjerrigheita hos meg.

Alle mine kjære blir lesaren vitne til eit mord og alt som skjer i kjølvatnet av dette mordet, og det heile er skildra frå den valdtekne og drepne Susie sin synsvinkel. Frå eit himmelsk univers følgjer Susie med på mordaren og politijakta på han, og ho observerer familien sin der dei strevar med å forstå og takle denne grufulle tragedien som har råka dei.

Alle mine kjære er ingen tradisjonell krimroman. Mordaren er avslørt allereie på dei første sidene, men det gjer faktisk ikkje boka mindre spanande. Det er jo berre lesaren og Susie sjølv som veit kven mordaren er. Politiet, familien og nabolaget veit det ikkje, og det er jakta på mordaren som i stor grad er drivrafta i forteljinga. Dei finn ikkje liket, og åra går. Og for dei som sit att går livet vidare.

Handlinga vekslar mellom tilveret i himmelen, minna til Susie, og korleis livet artar seg vidare her nede på jorda utan Susie. Vi følgjer foreldra i sorg og oppløysing, og syskena som veks opp i skuggen av ei død storesyster. Sysken og vener forelskar seg og gjer alle dei tinga ho sjølv aldri fekk gjort. Susie forblir 14 år i sin forunderlege eventyrhimmel, medan ho gjer alt ho kan for at mordaren hennar skal bli tatt. Underleg og annleis, men fengjande roman.

Boka blei ein bestseljar då den kom ut i USA i 2002, og filmatisert i 2008.

Og korleis startar den andre boka til Alice Sebold? Kom og lån Nesten evig på biblioteket, så får du sjå.

Del på facebook
Carson Mc Cullers:

Hjertet er en ensom jeger

Hjertet er en ensom jeger

Frå tid til anna kjem forlaga med nye omsetjingar av gamle romanar. Cappelen Damm oppnådde i 2014 stor suksess med John Williams sin roman Stoner frå 1965, etter at den var «gjenoppdaga» i USA. I 2016 følgde Aschehoug opp med Hjertet er en ensom jeger, debutromanen til amerikanske Carson Mc Cullers (1917–1967) som berre var 23 år gamal då boka vart utgitt i 1940. Og dette er verkeleg ein roman som fortener nytt lys over seg!

Åstad for romanen er ein liten namnlaus by ein eller annan plass i «hjartet av sørstatane». Både dei kvite og dei farga karakterane vi treff i romanen, er meir eller mindre lut fattige. Og alle ber dei på draumen om noko betre: Den einsame kaféeigaren Biff Brannon som let kaféen vere ei hamn for slitne sjeler langt utover natta. Ungjenta Mick Kelly som lever og andar for musikk, men som på alle måtar er på veg inn i det tøffe vaksenlivet. Doktor Copeland slåst for borgarrettigheiter for dei farga, men evnar ikkje å ta seg av sin eigen familie. Og marxisten, kranglefanten og drukkenbolten Jake Blount som slåst mot alt. Alle set dei sin lit til den døvstumme Mr. Singer, som lyttar til alle som treng det. Men den døvsumme ber sjølv på ei stor sorg.

Både i form og innhald er dette ein heilstøypt roman – det er heilt utruleg at det dreier seg om ein debut! Både språket og det ein kan lese «mellom linjene» viser ein forfattar med stor litterær mogenheit og god menneskekunnskap. Det er poetisk og vart, rått og realistisk – alt på ein gong.

Hjertet er en ensom jeger er rørande og sterk samtidsrealisme frå 30-talets USA, ein roman som heilt klart fortener nemninga «klassikar». Biblioteket har både lyd- og papirboka, eboka finn du i eBokBib. Og for den som skulle vere interessert i den første norske omsetjinga frå 1945, ligg den tilgjengeleg på bokhylla.no.

Del på facebook
Levi Henriksen:

Her hos de levende

Her hos de levende

Forteljaren i denne boka liknar til forveksling på forfattaren sjølv. Han er litt over midt i livet, har hatt ein karriere som musikar og heiter Henriksen til etternamn. Så er da også romanen lauseleg knytt til Levi Henriksens, og hans families, eiga historie.
Dette er historia om ein mann i krise. Han har reist ut på vegen stort sett utan bagasje. Han har tatt med seg gitaren og nøkkelen til barndomsheimen på Skogli, der ingen har budd på fleire år, som er solgt og som skal rivast, men nøkkelen passar framleis. Han slår seg ned i det tomme huset, tenker over livet, nøster i lause trådar og nektar å ta telefonen når kona freistar å få tak i han, han har eit hovud å rydde.
Det eksistensielle har fått god plass i denne forteljinga. For kven er eigentleg denne forteljaren, og kvar kjem han ifrå? Farens oppvekst er sentral, og ikkje minst dennes dårlege stefar. Tidleg i boka seier forteljaren at bror til far hans skaut seg i eit romjulsbryllaup rett etter krigen, men at det ikkje er det han vil fortelje om, heller ikkje om den natta far hans gikk for å slå ihel stefaren sin. Allerede der er stemninga satt. 
På kjent vis leiar Levi Henriksen lesaren gjennom ei historie som på same tid er både dramatisk og roleg. Det handlar om Skogli, personlege historiar, pinsevener og hedmarkingar. Det handlar om menneske.

Del på facebook

Opningstider

 Måndag  10.30-18.00      
 Tysdag  10.30-18.00      
 Onsdag  10.30-18.00      
 Torsdag  10.30-18.00      
 Fredag      Stengt      

Kontakt Tlf.: 48 99 21 48 Epost: bibliotek@sande-mr.kommune.no

Opningstider i jula

Måndag 23. desember er siste opningsdag før jul.

Opningstid i romjula: Måndag 30. desember: 10.30-18.00

Frå og med 2. januar er det ordinære opningstider.

Vi blir inspirert av