Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Boktips voksne

Heimat: et tysk familiealbum av Nora Krug

Det tyske omgrepet heimat er vanskeleg å omsette, det er noko meir enn ein stad, og i boka Heimat: et tysk familiealbum prøver forfattaren Krug å finne sitt heimat og historia til si eiga familie. Det er ei personleg forteljing om hennar familie, fortalt gjennom bilete, teikneseriar og tekst. Krug er tysk, og sjølv om ho er fødd over 30 år etter at 2. verdskrig var over kjenner ho på den kollektive tyske skuldkjensla. Ho skriv om korleis krigen fortsatt heng ved henne og korleis det pregar henne som tyskar. Som vaksen har ho busett seg i USA, og kjenner på heimlengsel, men får ikkje tak i kva som er hennar «heimat». Ho forstår at ho må finne ut av si eiga historie, spesielt kva rolle hennar eige familie spelte under 2. verdskrig.  I byrjinga av boka veit ho lite, dei har sagt lite og ho har ikkje spurt så mykje. Og nå er fleire av dei som opplevde krigen allereie gått bort. Boka er hennar forsøk på å finne dette ut. Vi følgjer henne på leiting i arkiv og i samtalar med familie ho aldri har møtt.

Blandinga av bilde, tekst, teikningar og teikneserieformat gjer at boka opplevast som eit lappeteppe av ulike delar som ikkje heilt passar saman. Dette fungerer bra for historia som forteljast. Det finnes ikkje klare svar, historia til personane i hennar familie ber preg av gråsoner. Ho presenterer funna sine utan konklusjonar. Boka gir innblikk i korleis 2. verdskrig fikk konsekvensar for, og framleis pregar, ei vanleg tysk familie. Historia er fortalt på ein måte som gjer den interessant også for dei som les mest skjønnlitteratur. Den er godt skrevet, med fine illustrasjonar som løfter historia. Og ei bok å anbefale til alle som framleis meiner teikneseriar er useriøs litteratur og berre for born.

Del på facebook
Guiseppe Pontiggia:

Født to ganger

Født to ganger

Ein komplisert fødsel.  Alvorlege hjerneskader er konsekvensen. Fleire liv blir endra.

Her  møter vi i hovudsak faren til barnet si oppleving av og tankar om korleis samfunnet handterer eit menneske som ikkje kan leve opp til standarden. Hans eigne haldningar vert sjølvsagt også utfordra.

Gjennom til dels korte kapittel, med nokre unntak,  set forfattaren, gjennom eg-personen, fokus på ulike sider ved livet med funksjonsnedsetting. Han skildrar foreldra sitt møte med legar og anna helsepersonell, og deira meir eller mindre kvalifiserte oppfatningar av korleis framtida til barnet og familien vil arte seg. «Disse barna blir født to ganger. De må lære å leve i en verden som på grunn av den første fødselen er blitt mer komplisert. Fødsel nummer to er avhengig av dere, av hva dere er i stand til å yte.» Med desse orda frå barnelegen tek foreldra med seg barnet sitt ut i verda.  Eit stort og overveldande ansvar.

Guten er blitt vaksen, og faren ser seg tilbake og teiknar eit bilete av ulike situasjonar og møte med menneske og haldningar desse åra.  Ferie på Kreta, pubertetssamtale mellom far og son, rulletrapper og skuleteater. Han nyttar både filosofi og humor i skildringane. Etter kvart møter vi også guten Paolo sine eigne kommentarar til sider ved livet. Kommentarane vitnar om modnad, tålmod, omtanke og humoristisk sans.

Kva er normalitet? Forfattaren tileignar boka «Til de funksjonshemmede som kjemper – ikkje for å bli normale, men seg selv». Ei fascinerande, usentimental og leseverdig bok til ettertanke!

Del på facebook
Vaddey Ratner:

I skyggen av banyantreet

I skyggen av banyantreet

Kvifor lese ei bok om menneske som blir offer for ekstremisme og pervers idealisme? Kanskje fordi denne romanen gir innsikt i noko meir. I usikkerheita blir vi vitne til lojalitet og omsorg. I fortvilinga finn vi solidaritet. I angsten møter vi trøyst og refleksjon henta frå forfedrane sin livsvisdom. Alt blir skildra gjennom blikket til 7-åringen Raami, i overkant reflektert i høve til alderen, men det blir kanskje slik når forfattaren skriv ei sjølvopplevd historie i ettertid. Ho skriv med kjærleik til landet sitt og for å heidre far sin.

Historia er gripande, men usentimental, skrive i eit til dels poetisk språk. Låg der nokon gang ei positiv idealistisk drivkraft bak Røde Khmer og Pol Pot sine herjingar i Kambodsja på 70-talet? Vi kan spørje, men utan fordøming og moralisme tek forfattaren oss med inn i den verkelegheita som utspant seg. Innbyggarane blei tvangsflytta frå byane og ut på landet for å realisere til dels meiningslause landbruksprosjekt. Vi blir vitne til eit folkemord der dei utdanna og intellektuelle blei ein trussel for samfunnet og nesten utrydda. Privat eigarskap, også til mat, gaflar og skeier, var ein trussel for fellesskapen.

Romanen er vel verdt å lese, ikkje først og fremst for å gremme oss over ekstremisme, men for å få del i overlevingsmekanismene som ligg i vilje, håp og familieband.

Del på facebook
Elin Brodin:

Rotnorsk

Rotnorsk

Ein spenningsroman kan vere så mangt. Det er ikkje uvanleg at samfunnskommentaren er tydeleg til stades. Elin Brodin høyrer med til dei som brukar romanforma til å synleggjere korleis forminga av samfunnet ofte får ei slagside. Det hjartet er fylt av… legg ho i tankegangen og munnen på sine romankarakterar. Dette er ikkje berre samfunnskritikk, men like mykje ein sivilisasjonskritikk. Skeivheitene bryt altså på djupare vatn.

Rotløs set lyskastaren både på fordomar det er vanskeleg å vedkjenne seg, barnevern og psykiatri. Heil inn i det eksistensielle. Gjennom eit drap utført i ein sjukehuskorridor, møter vi ulike teoriar knytt til tenkelege motiv for ugjerninga. Ikkje ulikt ein kriminalroman. Forskjellen går på korleis vi får del i etterforskaren sitt møte med seg sjølv gjennom møta med informantar og mulege medsamansvorne.

Tankevekkande livsalvor – og lesverdig.

Del på facebook
Bergsveinn Birgisson:

Svar på brev frå Helga

Svar på brev frå Helga

Ei fantastisk bok! Innanfor ramma av eit svarbrev til ei tidlegare elskarinne, maktar forfattaren å teikne eit bilete av eit liv som både begeistrar og provoserer. Gisle har følgt kona si til grava etter eit langt og utfordrande kvardagsliv. Han sit sjølv på gravkanten, men skriv altså eit brev til ho han hadde «på lån» ei tid.

 

Omsetjaren må nok også få sin del av æra for verket. Boka er kort, men språket, formuleringane og skildringane fekk meg i kne. Det nynorske språket på sitt mest poetiske, utan å bli pompøst. Ei livsrøynsle der erotikken og humoren spelar på lag med livsalvoret og kvardagslivet.

 

Her er eimen av islandske ætteforteljingar para i hop med jordnære og samfunnskritiske kommentarar. Komplisert? Nei, fornøyeleg og gripande. Farvel til det platte og inkjeseiande. Vel kan han Gisle stå fram som både sjølvoppteken og patetisk, men du verda kor han kan oppsummere eit liv på sine gamle dagar. Det avspeglar sjølvironi og korleis det kan vere å vere menneske. Det er ikkje action, men forteljinga har likevel driv.

 

Eg unner deg å bruke ein kveld eller to på dette stykke litteratur! Hermed anbefalt!

Del på facebook
Lynn Austin:

Det kalles nåde

Det kalles nåde

Korleis finne nytt fotfeste når livet slår beina under det tilveret du trudde på? Korleis tru på ei framtid med nyvunnen fridom når det einaste livet du kjenner er bygd på slaveriet sine vilkår? Vi er i 1865, og den amerikanske borgarkrigen er slutt. Vinnarar og taparar skal finne tilbake til ein livsrytme som krigen har sett på prøve. Kjensler og realitetar står i vegen. 

Tre kvinner, sterke kvinner, tek på kvar sin måte eit oppgjer med seg sjølv og omgjevnadane. To av dei har tapt familiemedlemer og privilegia, og ei skal venje seg til å vere fri. Ny erkjenning kan ta tid, og vil krevje mot. Å tvingast til å tenkje i nye baner, kan opplevast som ein trussel.

Forteljinga er enkel og språket er ukomplisert, men ho får fram spenninga mellom bitterheit og forsoning, fridom og ansvar, idealisme og realisme, bekymring og trøyst. «Life is hard, but God is good», seier forfattaren på bloggen sin. Romanen har ein klar kristeleg undertone og støttar seg til ei kristeleg verkelegheitsforståing som ein sjeldnare finn samtidslitteraturen. Dette set sitt preg på forteljinga etter kvart, men ikkje på ein altfor påtrengande måte. Her reknar ein med Gud anten ein prøver å forsvare privilegia sine eller kjemper for menneskeverdet og framtidsvona.

Historia har god framdrift sjølv om tidsramma er mistenkeleg kort med tanke på alt som skjer. Austin fell ikkje for freistinga til å vere moraliserande. Karakterane er stort sett nyanserte med både gode og dårlege impulsar og eigenskapar. Her er dramatikk og kjærleik, lovleg og ulovleg.

«Hun var i ferd med å finne stemmen sin…» Mange av refleksjonane let seg overføre til vår tid. «Ei tid va’ og ei anna vart», heiter det i eit ordspel, men menneskehjartet har vel alltid lengta etter fridom, meining og sanning. Ufri kan ein vere på så mange vis. Les gjerne boka!

Del på facebook

Vanlege opningstider:

 Måndag  10.30-18.00      
 Tysdag  10.30-18.00      
 Onsdag  10.30-18.00      
 Torsdag  10.30-18.00      
 Fredag      Stengt      

Kontakt Tlf.: 489 92 148  Epost: bibliotek@sande-mr.kommune.no

Vi blir inspirert av