Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Boktips voksne > Finne ly : roman

Aina Basso:

Finne ly : roman

Finne ly, av Aina Basso

Basso skriv historiske romanar om utsette folkegrupper og vanskelegstilte personar - spesielt om kvinner. Ho har tidlegar skildra taterane sine kår i "Fange 59", nå skriv ho om fantane og deira kår midt på 1800-talet. Romanen er ramma inn av ei svært fordømmande omtale av Eilert Sundt om: "Landstrygerfolket i Norge" og eit utdrag frå Fanteregisteret om nr. 267 Hanna Fredriksdatter.

Romanen skildrar den unge Hanna som har greidd å rømme frå Christiania tugthus ved å selje sex til ein fangevaktar. Ho rømmer nordover indre Austlandet og kjem ein vårdag til eit lite nyryddingsbruk i skogen der ho får teneste hjå ein enkemann med to unge vaksne søner.

Det blir etterkvart eit vanskeleg liv. Handlinga er vekselvis formidla gjennom Hannas og delvis gjennom yngstesonen Johannes, tankar og refleksjonar. Dei to blir dregne mot kvarandre, men Hanna veit at det kan bli svært vanskeleg. Ho har også ei vanskeleg fortid me etterkvart får innsikt i. Ho har ikkje fortald at ho er fant, det tør ho ikkje. Men storebroren, den drikkfeldige Harald, anar det etter kvart. Johannes har også eit vanskeleg sinn, og dei to brørne vert konkurrentar om Hanna. Utover sommaren kjem det stadig fleire fantar eller "reisande" til skogen der dei held sommarleir - og bydefolket øser seg opp vil bli kvitt dei. Situasjonen toppar seg på svært dramatisk vis.

Teksten er både poetisk og lettlesen, med stutte kapittel i ein litt hoggande stil. Lesaren få vekselvis innsikt i tankeverda til båe partar og forstend korleis samfunnet si førehands-dømming og negative innstilling til å snakke med folk, gjer at alle blir taparar i ein håplaus konflikt.

Del på facebook

(Sande bibliotek opnar igjen måndag 18. mai. 2020)

Opningstider

 Måndag  10.30-18.00      
 Tysdag  10.30-18.00      
 Onsdag  10.30-18.00      
 Torsdag  10.30-18.00      
 Fredag      Stengt      

Kontakt Tlf.: 48 99 21 48 Epost: bibliotek@sande-mr.kommune.no

Vi blir inspirert av