Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Hareid folkebibliotek > Bruk biblioteket

Bruk biblioteket

Biblioteket – ei verd av draum og fakta!

«Kva kan eg bruke biblioteket til? » tenkjer du.
«Låne bøker, lese i bøker, låne film, lydbøker, lese aviser, ta deg ein kopp kaffi eller te, seie hei til ein gamal bekjent, føle ro, slå av ein prat, lese og låne tidsskrift, vere med på konkurransar, sjå på kunstutstillingar, bruke pc-en, sjekke facebook, jobbe, studere, gjere lekser, lese til eksamen, møte ein ven, varme deg, lære deg noko nyttig, finne ein ny eller gamal skatt innerst i ei hylle. Berre ver her og gjer det du vil gjere», seier vi og smiler blidt.

 

Sånn er det. På Hareid folkebibliotek kan du låne og lese kor mykje du vil. Berre på film har vi satt ei grense på 6 filmar per lånar. Og her får du ikkje sure purregebyr på 30 kronar i posten kvar veke. Her får du rett og slett tre påminningar før vi fint ber deg erstatte boka du gløymde på bussen, lydboka du rota vekk på den kvite stranda i Hellas eller magasinet som du søla saft på og som blei heilt klissete og ekkelt.

Velkomen til biblioteket ditt!

Ei verd av draum og fakta

Foto: ELLE mELLE

Opningstider

 Måndag  10.30-18.00      
 Tysdag  10.30-18.00      
 Onsdag  10.30-18.00      
 Torsdag  10.30-18.00      
 Fredag  10.30-15.00      

Kontakt Tlf.: 48 99 21 48 Epost: bibliotek@sande-mr.kommune.no