Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Hareid folkebibliotek > Bruk biblioteket > Fjernlån og Norgeslån

Fjernlån og Norgeslån

 

Om biblioteket på Hareid ikkje har det du er ute etter skaffar vi det til deg eller du bestiller sjølv. Dette er ei gratis teneste.

Fjernlån
inneber at vi låner inn frå andre bibliotek det du er på jakt etter. Kom innom biblioteket, ta kontakt pr. telefon eller e-post for å bestille.

Norgeslån
er ei teneste der du sjølv kan bestille materiale frå andre bibliotek i landet. Du veljer sjølv kva bibliotek du vil hente materialet på. For å nytte deg av Norgeslån må du ha Nasjonalt lånekort og ein pinkode  Slik gjer du det:

  1. Ved 0 treff ved søk i mediabasen til Hareid folkebibliotek vil du få opp meldinga «Prøv gjerne  Møre og Romsdal samsøk,  her kan du søke samtidig i bibliotekkatalogane til alle biblioteka i fylket.
  2. Søk så i Møre og Romsdal samsøk. Når du finn det du vil ha klikkar du på tittelen og vel kva bibliotek du vil låne frå (det næraste biblioteket som har ledige eksemplar). Klikk deretter på Bestill.
  3. Logg deg så inn med lånekortnummeret ditt (står bak på lånekortet) og pinkoden.
  4. Du vil få beskjed på e-post, SMS eller heimetelefon(alt etter kva du valde når du registrerte kortet ditt) når det du har bestilt kan hentast på Hareid folkebibliotek.

Du kan òg søke i andre fylke sine samsøk når du ikkje finn det du søkjer i Møre og Romsdal samsøk.

For høgskulestudentar som er lånetakarar ved BIBSYS-bibliotek, sjå her for korleis du får tilgong til å bestille frå eit høgskulebibliotek.

Opningstider

 Måndag  10.30-18.00      
 Tysdag  10.30-18.00      
 Onsdag  10.30-18.00      
 Torsdag  10.30-18.00      
 Fredag  10.30-15.00      

Kontakt Tlf.: 48 99 21 48 Epost: bibliotek@sande-mr.kommune.no