Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Hareid folkebibliotek > Om biblioteket

Om Hareid folkebibliotek

Hareid folkebibliotek ligg sentralt plassert i fyrste etasje på Hareid rådhus, midt i Hareid sentrum og vegg i vegg med Ungdomskafèen. Vi har hovudinngang på kortsida av rådhuset, mot hurtigbåtkaia. Her er gode parkeringsmoglegheiter, handicapparkering og god adkomst for rullestolbrukarar. Kvar dag (utanom søndag) opnar vi dørene klokka 11.  Barnehagar, skular og studentar kan kome til biblioteket før ordinær opningstid etter avtale.

Bruk gjerne menyen til venstre for å bli betre kjent med biblioteket. Her finn du meir informasjon om kvar vi er, kven vi er og kva vi gjer.

Hareid folkebibliotek

Biblioteket er eit ledd i eit større biblioteknettverk som gjer det mogeleg for deg å låne frå andre folkebibliotek, fylkesbibliotek og fag- og forskningsbibliotek over heile landet. Vidare har Hareid folkebibliotek eit interkommunalt biblioteksamarbeid med folkebiblioteka i Ulstein, Herøy og Sande kommunar. Dette tette samarbeidet gjer at du som lånar har eit bibliotek på over 60 000 media å søke i når du leitar etter stoff i vår bibliotekkatalog. To dagar i veka kjem Norsk Bibliotektransport sin budbil innom Hareid folkebibliotek med bøker og andre media som folk på Hareid har bestilt frå andre bibliotek nært og fjernt.      

Hareid folkebibliotek si verksemd har basis i Lov om folkebibliotek.

Opningstider

 Måndag  10.30-18.00      
 Tysdag  10.30-18.00      
 Onsdag  10.30-18.00      
 Torsdag  10.30-18.00      
 Fredag  10.30-15.00      

Kontakt Tlf.: 48 99 21 48 Epost: bibliotek@sande-mr.kommune.no